Håp i koronaens tid

Kopparstik av pestdoktoren ”Doctor Schnabel” frå Roma på 1600-talet. Mellomalderens pestdoktorar var kledd i heildekkande klede med ei fugleaktig maske. Nebbet var fylt med urter som ein trudde beskytta mot smitten og stanken av dei sjuke. Foto: Wikimedia Commons

Jeg aner ikke hva som venter meg eller hva som kommer senere. For øyeblikket finnes det syke som det gjelder å helbrede.

Desse orda frå legen i Albert Camus’ Pesten har fått ein ny klangbotn i dag. Kvar dag går helsepersonell på jobb, utan å vita nøyaktig når den store bølja av korona-smitta pasientar kjem, men vitande om at dei kjem til å mangla smittevernutstyr. Samtidig melder tusenvis seg til frivillig teneste for kommunar og sjukehus.

I møte med ei absurd og overveldande tid som denne, kan ei oppdikta historie frå 1940-talets Algerie vera like relevant som evige pushvarsel frå nettavisene. Fleire børstar no støv av den 73 år gamle klassikaren Pesten av nobelprisvinnar Albert Camus. Boka toppar bestseljarlistene i Sør-Korea, Frankrike og Italia, og er for tida utseld på nettbokhandelen Amazon.

Romanen frå 1947 skildrar den søvnige hamnebyen Oran i Algerie som blir ramma av pest. Boka er prega av nærgåande skildringar av byllar, oppkast og makabre haugar, først med døde rotter, og etter kvart med menneske.

Men gradvis teiknar det seg også eit psykologisk portrett av ein by i møte med ein snikande farsott. Korleis kan menneska klara å halda på det menneskelege medan døden omringar dei?

Overraskande relevant
Ein av dei som har plukka opp Pesten på nytt, er Ole Henrik Borchgrevink Hansen, førstelektor ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Østfold.

­– Romanen er overraskande relevant når eg les den på ny. Camus skildrar pestkrisa som ein landflyktigheit i heimen. Det er ein følelse eg trur mange som sit i karantene i dag, kan kjenna seg igjen i.

For 20 år sidan skreiv han hovudfagsoppgåve om boka. I dag blir han slått av parallellane til notidas koronakrise.

Korleis kan menneska klara å halda på det menneskelege medan døden omringar dei?

­– Romanen skildrar korleis pesten kjem gradvis. Først den usikre uroa, så blir borgarane sin fridom innskrenka, steg for steg. Avisene presenterer den daglege statistikken over tal på døde, akkurat som dagens nettaviser.

Under utbrotet av koronakrisa viste mange seg frå sine mindre sympatiske sider. Folk hamstra toalettpapir, havregryn og legemiddel så det vart tomt for dei som kom etter. Fleire insisterte på å reisa til hytta, trass store protestar frå kommunar som frykta at det lokale helsetilbodet kom til å knela.

Men ei krise kan også vera kime til håp. Den siste veka har det dukka opp mange grupper på sosiale medium der folk tilbyr alt frå heimkøyring av mat og medisinar til leksehjelp og hundepass for karantenefaste.

– Me har endra oss raskt under denne krisa. Me tek inn over oss alvoret og ryddar i våre moralske argument. Slik ser ein også i Pesten, der folk først reagerer med panikk og egoisme, men der solidariteten tek gradvis over, seier Borchgrevink Hansen.

Mot utan håp
I romanen går legen Rieux trufast til sitt arbeid med å lindra symptoma til pestpasientane. Få av dei overlever. Frivillige dannar sanitetsgrupper og risikerer livet for å desinfisera hus, hjelpa legane under sjukebesøk og køyra vogner med sjuke og døde.

Men det er ikkje trua på at ting kjem til å gå bra til slutt, som motiverer dei gode handlingane i romanen. Dei finn meining i å gjera motstand mot pesten, uansett om motstanden nyttar.

Det gjaldt å kjempe på en eller annen måte og ikke bøye kne. Alt dreide seg om å hindre så ofte som mulig at mennesker døde og ble skilt fra sine for alltid. For å oppnå dette fantes bare et eneste middel, nemlig å kjempe mot pesten. Denne sannheten var ikke beundringsverdig, den var bare helt følgeriktig.  

Denne viljen til motstand gjer det lett å sjå kvifor romanen blir lest som ein allegori til kampen mot nazismen. Albert Camus var sjølv motstandsmann i Frankrike under andre verdskrig. Seinare tok han avstand til Sovjetunionens valdsbruk, og hamna slik på kant med den franske venstresida og eks-venen Jean-Paul Sartre.

Dei finn meining i å gjera motstand mot pesten, uansett om motstanden nyttar.

Både Sartre og Camus blir i dag omtala som eksistensialistar. Dei presenterer verda som gudlaus og meiningslaus, der menneska er dømt til å ta eigne val. Men medan Sartre hevda at eksistensen går forut for essensen og avviser at det finst ein menneskeleg natur, gjekk Camus andre vegar. Han nekta å kalla seg eksistensialist, og meinte at menneskets natur gjev seg uttrykk i handlingane våre. Han lanserte grunnsetninga «Eg gjer opprør, altså er vi». Opprøret var mot all urett, okkupasjon og ulukke som truga andre menneske. Menneska har alltid fridommen til å finna meining gjennom å gjera gode handlingar.

– Denne innstillinga har noko til felles med dydsetikk. Ein spør seg sjølv: Kva ville ein rettferdig og medmenneskeleg person ha gjort i denne situasjonen? Deretter gjer ein det same sjølv, seier Borchgrevink Hansen.

Det kan lyda tomt og mekanisk. Men, det er også ein marsjordre om å ta dei rette vala når alt ser kaotisk ut. Ein kan starta i det små, som ved å ringa ein einsam slektning eller la den siste pakka med havregryn bli igjen i butikken til nestemann.

Eg gjer opprør, altså er vi

Demokratisk potensiale
Fra dette tidspunktet kan man si at pesten angikk oss alle sammen.

Ein ny fellesskap oppstår når byens portar blir lukka og befolkninga blir isolert for å hindra smittespreiing i Pesten. Til då hadde folk levd vanlege og åtskilde liv, men i isolasjon oppdagar dei at dei alle er i same båt. Dei deler det same saknet etter vener, familie og elskarar utanfor bymurane. Den kjenner alle på den same frykta.

Og pesten skånar ingen. Først rammar sjukdommen hardast dei folkerike, fattige bydelane i utkanten av sentrum. Langsamt gneg pesten seg innover i byen, og ambulansane byrjar å dukka opp også i forretningskvartera.

Da forekom ikke lenger individuelle skjebner, men et fellesskap med følelser som alle delte.

Sett på spissen, kan epidemiar ha eit demokratisk potensiale. Infeksjonar rammar alle, både fattig og rik. Irish Times-skribent Fintan O’Toole skildrar korleis sjukdommar som tuberkulose, lungebetennelse og polio framleis er ein del av det kollektive minnet til eldre europearar. I ei slik verd var det umogeleg å ignorera at helse er ei felles sak for heile samfunnet, skriv O’Toole i ein kommentar gjengjeven i Klassekampen 14. mars. Sjukdom var alltid noko du fekk av andre, noko som knyter menneska ubønhøyrleg saman. Det tvinga dei rike til å bry seg om dei fattige sine liv, skriv O’Toole. Resultatet vart sanitære framsteg som avløpssystem, reint vatn, vaksinar og nasjonale helsesystem.

Tanken om at helse er ein konsekvens av eigne meir eller mindre gode individuelle val, vaklar i møte med epidemiar. Det speler seg ut i USA i dag, der folk utan privat helseforsikring kan risikera å ikkje ha råd til koronabehandling, og mangelen på sjukelønsordningar kan tvinga sjuke folk til å gå på jobb.

Tanken om at helse er ein konsekvens av eigne meir eller mindre gode individuelle val, vaklar i møte med epidemiar.

Frå «dykk» til «oss»
Det fellesskapet som Albert Camus skildrar i Pesten, utfordrar synet på helse som ei privatsak. Boka markerer ein overgang i forfattarskapen hans, frå det absurde og individuelle, til det kollektive. Gjennom å stå saman og gjera opprør mot pesten finn menneska meining.

– Albert Camus var ein outsider som kjempa for dei utsette og svake. Han kjente til ulike klassar og lag som mange intellektuelle i Paris ikkje kjente til. Han vaks opp i Algerie i ein fattig familie, med ei mor som var analfabet, fortel Ole Henrik Borchgrevink Hansen.

Han trekk fram romankarakteren Rambert som eit døme på det kollektiv-søkande i Pesten. Den tilreisande journalisten bruker alt han har av krefter på å prøva å flykta frå den pestramma byen. Ved hjelp av menneskesmuglarar prøver han å koma seg heim til Paris, der kona venta. Men Rambert lukkast ikkje, og sluttar seg etter kvart til den frivillige sanitetsgruppa. Det nye fellesskapet gjer at han nøler når ein ny fluktmogelegheit opnar seg. Til slutt fortel han legen Rieux at han blir, han drar ikkje.

Jeg har hele tiden trodd at jeg var en fremmed i denne byen og at dere var meg uvedkommende. Men etter at jeg har sett det jeg har sett, vet jeg bare at jeg er her enten jeg vil det eller ikke. Begivenhetene angår oss alle.

– Rambert endrar seg frå egoist til kollektivist. Det same skjer med presten i boka, Paneloux. Presten sluttar å seie «dykk» til det han meiner er ein syndig kyrkjelyd, men byrjar å bruka ordet «oss», seier Borchgrevink Hansen.

Camus konkluderer også med at det ein lærer under ei farsott, er at det er meir å beundra ved menneska enn å forakta. Det kan gje håp i ei ukjend tid.

Eit PS:

Om du vil bruka karantenetida på å lesa klassikaren, kan det bli vanskeleg om du ikkje alt har den i bokhylla. Den norske versjonen av boka har nemleg vore utseld i mange år, melder NRK. På Amazon er boka venta på lager først 25. mars. No jobbar forlaget Solum Bokvennen på spreng med å få ut ein nyoversett versjon av boka. I år er det 60 år sidan Camus døydde i ei mystisk bilulukke.