Nav må ha trua på folk

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie er ansvarleg i NAV-skandalen. Arbeidsmedisinar Ebba Wergeland meiner skandalen stikk djupare enn EØS-reiser. Foto: Jan Richard Kjelstrup/ASD

48 personar kan vere uskuldig dømt for trygdesvindel i den såkalla Nav-skandalen. Fleire tusen saker kan vere feilbehandla fordi Nav har tolka reglane feil. Det skal no granskast av Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité.

Ebba Wergeland er forskar, spesialist i arbeidsmedisin og tidlegare tilsett i Arbeidstilsynet: Nyleg kome med boka Med fare for liv og helse – uforsvarlige arbeidstider og hvordan vi avskaffer dem. Ho meiner den eigentlege skandalen er noko meir enn reisereglar.

– Eg skjønar at folk er forferda over at rettsapparatet ikkje følgjer betre med på sitt eige område, det er forståeleg. Men eg trur folk òg reagerer fordi vi no har fått eit lite innblikk i korleis Nav-systemet behandlar trygdesøkarar. Reglane har jo ikkje som formål å gjere folk friske, men å kontrollere folk. Det er jo ikkje noko hjelp at dei som har reist til EØS-land får omgjort straffa. Dei som har behov for å reise til andre land utafor EØS blir framleis straffa, seier ho.

Wergeland meiner Nav-avsløringane kan samanliknast med metoo-rørsla.

– Mange har visst om korleis trygdesøkarar blir behandla. Stortinget har visst. Regjeringa har visst. Journalistar har visst. Men no når det blir synleg, blir folk klare over akkurat korleis dette er. Det er som med metoo, når enkelthistorier fekk merksemd, og offer fekk eigne røyster. Og no har vi ein Nav-skandale på same måte, mange visste at trygdesøkarar blir trakassert av Nav, men folket har ikkje visst før no, meiner arbeidsmedisinaren.

Eg trur folk òg reagerer fordi vi no har fått eit lite innblikk i korleis Nav-systemet behandlar trygdesøkarar

Ho peikar på at fagrørsla må gjere meir både for og saman med medlemmane.

– Tillitsvalte må stille opp saman med medlemmar i møte med Nav og arbeidsgjevarar. Nav vil få folk tilbake til jobb, og har ikkje tid til å undersøke korleis det eigentleg står til med mennesket. Og arbeidsgjevar har sine interesser. Tillitsvalte må skulerast i arbeidstakarrettar og arbeidsmiljølov. Det er viktig å få med tillitsvalte inn i denne prosessen. Dei som går på fagforeiningsmøter og skriv i avisene, det er få av dei som veit korleis det er vere langtidssjukemeld eller arbeidsledig over lang tid, seier Wergeland.

– Forbunda må ta eit oppgjer med arbeidslinjepolitikken
– Den bygger på premissen om at folk heller vil gå på trygd enn å jobbe, og den gamle hypotesen om at viss ein tek vekk frå folk pengar, så vil dei få seg jobb. Vi treng ei oppvakning i fagrørsla om kva arbeidslinja, eller mistillitslinja, eigentleg er. Dette er overklassens politikk frå 100-200 år tilbake. Når Erna Solberg og ministrar frå både H og Ap siterer fattigdomskommisjonar frå 1840, så har vi eit problem. Det same stod i bakgrunnen for Nav-reformen. Det er denne måten å tenkje på arbeidslause på – det gjeld andre enn deg, avsluttar Wergeland.

Dei som går på fagforeiningsmøter og skriv i avisene, det er få av dei som veit korleis det er vere langtidssjukemeld eller arbeidsledig over lang tid.

– Arbeidslinja er Snåsamannen- og sjaman Durek-politikk
Mímir Kristjánsson er Raudt-politikar i Stavangar, og har i haust kome med boka Mamma er trygda. Han meiner det det verste er at Nav-rettsforfølginga har kunne pågått så lenge.

– Ingen av samfunnets kontrollinstansar greip inn på noko tidspunkt. Verken Stortinget, Nav, forsvarsadvokatane eller pressa. Dette seier jo noko om at desse folka som slit med fleire ting frå før, har grunnleggande problem med rettstryggleik. Historiene deira vart ikkje trudd på, verken i rettssalen eller elles i samfunnet, seier Kristjánsson.

Han er einig med Wergeland i kritikken av arbeidslinja.

– Kutt i stønad skal få deg friskare og meir klar til jobb. Det er jo bodskap på linje med det Snåsamannen og sjaman Durek har å by på. Når folk seier Noreg har nokre av verdas mest generøse trygdeordningar, så bør vi vere stolte av det. Politikarar må ikkje seie at dette berre er eit problem, meiner Stavanger-politikaren.

Vi treng ei oppvakning i fagrørsla om kva arbeidslinja, eller mistillitslinja, eigentleg er.

Mistillitshysteri i Nav
– Eg trur alle som har prøvd å få noko frå Nav, har møtt mistilliten. Og den kjem frå toppen og ned, frå politisk hald. Eg trur det byrjar med ein delvis godt meint idé om å halde utgiftene nede, der færre skal på trygd og fleire skal jobbe. Men dei formene dette får, blir forfølging av dei som er svakast i samfunnet. Du ser utsegnene frå høgresida, NAV og til og med frå Arbeidarpartiet – det blir skapt eit inntrykk av at Nav-arane må skjerpe seg og “stå opp om morran”. Både trygd og arbeidsavklaringspengart er sjølvforskyldt, du treng liksom berre ein god “life coach” for å kome deg ut i jobb, seier Kristjánsson.

Kristjánsson har fleire forslag til kva Raudt kan gjere med dette.

– Raudt må jobbe for ein tillitsreform i Nav-systemet. Vi må gjere eit grundig arbeid og finne ut kva konkret vi kan gjere. Nokre forslag kan vere:

  • Å kutte ut Navs eigne legar som overprøver andre legar.
  • Dei som er på arbeidsavklaringspengar må levere meldekort kvar 14.dag. Kva med kvar månad, eller sjeldnare?
  • Foreldrepengar bør vere enklare å få. Det er ein prosess med ein komplisert søknad, der ein til slutt får eit vedtak om å få innfridd denne retten som ein eigentleg har krav på ved fødsel.
  • Ikkje legge ned lokale NAV-kontor, som kjenner både nærområdet og arbeidsmarknaden godt. Å kommunisere berre via telefon og chat er ikkje godt nok. Folk kan faktisk bli sjuke av det, og det kan ikkje erstatte all menneskeleg kontakt.

– Med slike tiltak kan vi luke ut unødvendig byråkrati og sannsynlegvis spare pengar på kjøpet. Vi må gå konkret til verks, og finne ut kva mistillitskontrollmekanismar som kan fjernast, seier Kristjánsson.

Ebba Wergelands bok Med fare for liv og helse. Uforsvarlige arbeidstider og hvordan vi avskaffer dem kom ut på Forlaget Manifest i oktober 2019.

Denne teksten sto fyrst på trykk i Raudt Nytt nr. 6 2019.