I romanen Få meg på, for faen skriv forfattar Olaug Nilsen godt og humoristisk om kvinneliv på ein småstad. Her møter vi «kona til Sebjørn», som er på jakt etter ei meining med livet. Ho har vore heimeverande sidan ungane var små, og kjenner seg lite verdsatt.
«Kvifor heiter eg liksom berre kona til Sebjørn?», spør ho.
Spørsmålet blir starten på ei feministisk oppvakning, og enden på visa blir at «kona til Sebjørn» tek seg arbeid. Når ho får nyss om at nepeforedlingsfabrikken ho arbeider ved er truga av nedlegging, reiser ho til Oslo for å demonstrere utanfor Stortinget.
Treig utvikling
Olaug Nilssen teiknar eit bilete som stemmer med det forskarane veit om kvinner i politikken: Arbeidslivsdeltaking heng saman med politisk deltaking. Dess fleire kvinner i (heiltids) arbeid, dess fleire i politikken.
Men i norsk lokalpolitikk har utviklinga stoppa opp på om lag 39 prosent. Frå 2007 til 2011 var det 0,7 prosentpoeng auke i kvinneandelen til kommunestyra. «Med en slik takt vil det ta 70 år før vi oppnår kjønnsbalanse i kommunestyrene i landsgjennomsnitt», slo likestillingsutvalet fast i stortingsmeldinga «Likestilling kommer ikke av seg selv».
Mykje kan tyde på at menn har større rom for å opparbeide seg tillit og erfaring enn kvinner.
Likevel er kanskje ikkje 39 prosent urimeleg lågt. Meir alvorleg er situasjonen for dei 72 kommunane som har under 30 prosent kvinnelege representantar. For å få fart på utviklinga sender kommunalminister Jan Tore Sanner (H) i desse dagar rundt samfunnsforskarar frå Rokkansenteret og Institutt for samfunnsforskning til kommunar med mindre enn 30 prosent kvinner i kommunestyret. Forskarane skal gje ein forskingsstatus om kva som kan ha betydning for å få opp kvinneandelen i politikken, mellom anna listeplassering og personstemmesystemet.
Manglande respekt
Nokre plassar har forskarbesøket og påfølgjande debatt i kommunestyresalen avdekt store utfordringar for kvinnelege representantar. I sunnmørskommunen Sykkylven fortalte høgrepolitikaren Synnøve Ramstad om sine erfaringar etter eit langt liv i politikken. Det hadde vore «Interessant og lærerikt, men også frustrerende når jeg har opplevd mangel på respekt fordi jeg er kvinne».
Årsaken til kvinneunderskotet i lokalpolitikken er kompleks. For veljarane er det, naturleg nok, erfaring og tillit som er viktigast når dei skal avgje stemmer. Og mykje kan tyde på at menn har større rom for å opparbeide seg tillit og erfaring enn kvinner.
Velviljen kveler diskusjonar om tiltak som faktisk kan ha effekt, som kvotering.
For det første er kvinner sjeldnare førstekandidatar på dei politiske listene. Dette gjeld ikkje minst for dei likestillingsorienterte, raudgrøne partia. For det andre gjev personstemmesystemet veljarar sjansen til å velje bort kvinnene.
I dei små hordalandskommunane Fitjar og Austrheim førte personstemmer til at kvinneandelen i kommunestyret nesten vart halvert ved førre val. Hadde ikkje personstemmer talt, ville 41 prosent av dei valde vore kvinner. Etter valet enda begge kommunestyra opp med 24 prosent kvinnelege representantar. Tendensen gjaldt også for fleire kommunar. Mange peikar på at kvinner sjølve har eit ansvar for å takke ja til å stå på politiske lister, noko som sjølvsagt er rett. Men desse tala syner at svært mange kvinner allereie stiller opp, men at kvinner som gruppe opplever å bli nedprioritert. Forskar ved Rokkansenteret Hilde Danielsen forklarer dette med at veljarar helst vil ha erfarne listekandidatar. Og kjønn spelar ei rolle for kven som har erfaring, fordi menn oftare tek attval enn kvinner.
Den kvelande velvilja
Kva er det som gjer at færre kvinner enn menn finn seg til rette i lokalpolitikken? Det er, trass stygge einskildsaker, vanskeleg å sjå føre seg at det jamne kommunestyremøtet er prega av latterleggjering av kvinnelege representantar.
Den låge kvinneandelen i mange kommunestyre er eit demokratisk problem.
Journalist i Sunnmørsposten Torill Myren har skrive om «den kvelande velvilja til kvinner». Det er ikkje slik at mennene ikkje ønskjer seg fleire kvinner i politikken, ifølgje dei sjølve. Det er kvinnene som er uinteresserte. Og så lenge mennene er velvillige, er problemet plassert hos kvinnene: «Dermed blir det diskusjon om at kvinnene må gi frå seg ansvar på heimebane. Ikkje om at mennene tek for lite ansvar heime. Eller om at kvinner ikkje har spisse nok albogar – i staden for kvifor menn har skapt politiske miljø der ein må alboge seg fram», skriv Myren. Resultatet er at velviljen kveler diskusjonar om tiltak som faktisk kan ha effekt, som kvotering.
Nominasjonslister største problemet
Når lokallaga no skal danne lister til lokalvalet neste år, må dei ta kvinnerepresentasjon på alvor. Det er nemleg ikkje personstemmene, men partia sine nominasjonslister som er det største problemet. Ifølgje professor Ingrid Guldvik ved Høgskolen i Lillehammer gjekk tre av fire topplasseringar til menn ved førre kommuneval. Og dei som står på toppen er mest synlige og får mest gjennomslag. Dersom målet er å endre kjønnsbalansen må partia ha kjønnsbalanse i toppen av listene, slår ho fast.
Den låge kvinneandelen i mange kommunestyre er eit demokratisk problem. Kven som utformar politikken får konsekvensar for kva som blir politikk – og kva som blir sett på som politisk interessant og relevant. Mange av dei same kommunane som har låg kvinneandel i politikken opplever såkalla «kvinneflukt», noko som igjen får konsekvensar for fødselsstatestikken. Eit kommunestyre med eit stort fleirtal middelaldrande menn gjev neppe effektiv politikkutvikling når kommunane må finne svar på korleis dei kan tiltrekke seg unge kvinner.
Teksten er ein omarbeidd versjon av ein artikkel i nyaste utgåve av tidsskriftet Røyst. Tema for utgåva er «utkant».