Jeremy Corbyn – for langt til venstre til å vinne val?

Jeremy Corbyn i parlamentet. Foto: David Holt

12. september vart Jeremy Corbyn valt til ny leiar av det britiske Labour-partiet etter å ha vore ein underdog-kandidat frå den ytste venstrefløyen. Corbyn fekk stor oppslutning for meir tradisjonell Labour-politikk, som renasjonalisering av jernbane og vatn og ei større satsing på velferdsstaten. Han var ein klar motkandidat til den noverande regjeringa sin økonomiske innstrammingspolitikk.

Internt i Labour fekk han 59 prosent av røystene og førte til stor medlemsauke og sterkt engasjement.

Kan han vinne parlamentsvalet i 2020 med eit venstreorientert Labour?

Mange utfordringar
Det kan skje mykje i løpet av fem år. Folkerøystinga om Storbritannia sit forhold til EU i 2017, flyktningsituasjonen i Europa og den økonomiske tilstanden i landet er tre av mange ting som kjem til å spele inn på valresultatet. Debatten rundt skattereformene til regjeringa, som mellom anna inneber å kutte skattefrådraga til dei med lågast inntekt, og innbyggjarane sin personøkonomi er faktorar som kjem til å vere aktuelle i løpet av heile perioden. Hittil i britiske media har debatten ofte handla meir om korleis Jeremy Corbyn har takla David Cameron i Prime Minister’s Questions (PMQs) enn om sjølve argumenta og politikken. Dette er noko Corbyn kan kome til å tape på.

Saman med kontinuerlege prognoser i media og hjå Labour-medlem om at han truleg ikkje kjem til å vinne det neste valet, står Corbyns Labour framfor mange utfordringar.

Labour vann i 1945 med eit særs venstrevridd program.

Eit argument som ofte er blitt fremja mot Labour-leiaren, er at partiet aldri har vunne eit val ved å gå mot venstre. I tillegg til at dette er ein feilaktig påstand, då Labour vann i 1945 med eit særs venstrevridd program, er det eit mangelfullt argument. Labour har også tapt val ved å gå mot høgre og å leggje seg på ei sentrumslinje. I det heile tatt har partiet tapt ein del val i etterkrigstid. Dersom Labour ønskjer å vinne val i framtida, må dei sjå på erfaringane sine, og dei til andre parti, med eit kritisk blikk og vurdere kva det er som har gjort at dei har vunne valkampane der dei har – og tapt der dei har gjort det. Eit anna argument er det at å gå mot venstre på 1980-talet, var noko anna enn å gå mot venstre i dag. Tony Blair førte Labour klart i retning høgre med New Labour-prosjektet. Å gå mot venstre i dag kan i staden seiast å vere ei tilbakevending til tradisjonell Labour-politikk.

Går folket mot sentrum?
Det har også blitt sagt at den britiske velgjarmassen søker seg mot sentrum. Også dette er noko det er verdt å stille spørsmål ved. Det er klart at mange no røyster utover dei tradisjonelle Tory/Labour-linjene, sjølv om det er vanskeleg å oppfatte om ein ser på den klare majoriteten av Tory-seter i underhuset.

Storbritannia har eit valsystem med einmannskrinsar som avgrensar kor klart vi ser spreiinga av røyster. Eit sete kan bli vunne med 34 prosent av røystene i ein valkrins utan at dei resterande 56 prosentane av røystene blir representerte i parlamentet. UKIP, eit EU-skeptisk og innvandringskritisk parti, mista til dømes eit sete i parlamentet ved siste val, men er likevel det tredje største partiet i Storbritannia med 12,7 prosent av røystene. Til samanlikning fekk dei konservative 36,8 prosent og Labour 30,5 prosent i same val. Resultatet til UKIP er lett å avfeie då dei ikkje vann parlamentsseter, men den auka i oppslutning er likevel ein peikepinn for kva retning velgjarane går i Storbritannia. I tillegg kan ein rekne SNP (Scottish Nationalist Party) og Green Party som dei neste store partia prosentvis i røyster som klare ikkje-konsensusbaserte parti.[1]

Tony Blair førte Labour klart i retning høgre med New Labour-prosjektet.

Tidlegare leiar Tony Blair. Foto: Jens-Olaf Walter
Tidlegare leiar Tony Blair. Foto: Jens-Olaf Walter

Sjølv om mange vil meine at Labour under Ed Miliband høyrte til sentrum av politikken, snakkar vi om eit parti som var klart for å verne om restane av den britiske velferdsstaten og mot den strenge økonomiske politikken til den dåverande regjeringa. Dersom ein vurderer Labour under Ed Miliband som eit meir venstrevridd parti enn ved tidlegare val, og dei konservative som eit høgreparti, kan ein seie at det berre er 7,9 prosent av det britiske folket som røysta på det reelle sentrumsalternativet – nemleg Liberaldemokratane.

Dette kan ikkje kallast ein velgjarstraum mot sentrum.

Samstundes er det viktig å anerkjenne at valordninga i Storbritannia ikkje er proporsjonal i forhold til den totale summen røyster, men etter einmannskrinsane. Dersom ein vurderer sjansane til eitkvart parti, er det derfor nødvendig å sjå på kvar einskildkrins og alle dei individuelle kandidatane – då dette ofte kan ha klarare utslag enn kva parti dei stiller for.

Gjer det like bra som Osborne
Jeremy Corbyn gjer det ikkje mykje betre enn Ed Miliband på meiningsmålingane, samstundes som han gjer det like bra som kandidaten som akkurat no er den leiande kandidaten til å ta over etter Cameron, George Osborne. Det er også framleis sterk motvilje mot han som leiar internt i eige parti, noko som har ført til mange offentlege skuldingar frå fleire Labour-politikarar. Med ei så negativ medieframstilling som Corbyn har mottatt, er det vanskeleg å sjå for seg korleis dette ikkje er skadeleg for populariteten til Labour. Der det er klart at Corbyn framleis har støtte frå velgjarane sine internt, har partiet mista oppslutning på økonomisk politikk sidan Ed Miliband. Sjølv om han går til venstre for Labour dei siste åra, er det ikkje sikkert det er det som er mest relevant for velgjarane. Politikarar som Tony Blair og Margaret Thatcher klarte å oppnå ein klar popularitet basert på eigen person, sjølv om dei førte partiet inn på ei anna politisk linje enn tidlegare. Tony Blair klarte å oppnå ein masseentusiasme i partiet rundt sitt eige prosjekt. Det er eit potensiale Corbyn kan ha dersom ein ser på masserørsla som vart skapt rundt han i leiarskapskampen tidlegare i haust.

Corbyn vann leiarvalet. Spørsmålet no er om han kan samle partiet.

Venstresidas Thatcher?
Den tidlegare greske finansministeren Yanis Varoufakis har samanlikna Corbyn med Thatcher, og sagt at som henne kan han snakke om ting han trur på og slik skifte det politiske landskapet. Også dei to tidlegare London-ordførarane Ken Livingstone og Boris Johnson klarte å skape popularitet rundt eigen person. Ken Livingstone (også kjent som Red Ken) vart sett på som så venstrevridd at han ikkje kunne representere Labour, og vann valet som ein uavhengig Labour-kandidat over både Labour-kandidaten og Tory-kandidaten.

Dersom Labour skal kunne vinne neste val, må det samle seg rundt ein leiarskap og politikk. Dersom Labour ikkje klarer å bli samde om korleis dei skal styre seg sjølv, er det ingen grunn til å tru at dei kan styre eit land. Corbyn vann leiarvalet. Spørsmålet no er om han kan samle partiet. For å gjere dette må han sørgje for god oppslutning og inkludere alle sider av partiet, både grasrota og den gamle eliten. Dette har han fem år på å gjere. Før han gjer dette, vil han ikkje vinne valet.

Det første slaget for Corbyn internt i partiet kjem til å vere ordførarvalet i London.

London-kandidat Sadiq Khan. Foto: Policy Exchange
London-kandidat Sadiq Khan. Foto: Policy Exchange

Interessant nok verkar det som om det første slaget for Jeremy Corbyn internt i partiet kjem til å vere ordførarvalet i London mellom Labours Sadiq Khan, ein venstrevridd advokat- og bussjåførson frå Nord-London og Zac Goldsmith, ein miljøorientert Tory-kandidat frå særs gode kår. Hittil er det daudt løp mellom dei to kandidatane. Dersom Sadiq Khan ikkje vinn, vil dette bli sett på som eit teikn på at Corbyn sin venstrevridde politikk har hatt dårleg påverknad på Labours omdøme. For blant Corbyn sine motstandarar er det ingen som ønskjer å hugse den venstrevridde og valbare Ken Livingstone som vann over både Labour og Torys i 2000.

[1] SNP 56 seter i Underhuset med 4,7 prosent av røystene. Liberaldemokratane fekk 8 seter med 7,9 prosent av røystene og Green Party fekk 1 representant med 3,8 prosent av røystene. Dei resterande partia og einskildmenneska fekk dei siste 22 setene med under 1 prosent av røystene.

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.