Venstresida i angrepsposisjon

Det har lenge vore politisk korrekt å hevde at vi må akseptere større forskjellar for å sikre verdiskapinga i samfunnet. Men no kjem det stadig meir forsking som viser at ein effektiv fordelingspolitikk ikkje berre er eit moralsk imperativ. Små forskjellar er også ein viktig føresetnad for verdiskaping, velferd og demokrati. Det er lite som støttar teorien om at meir til dei rike rislar nedover til alle i samfunnet.

Dei første tiåra etter siste verdskrig blei forskjellane i samfunnet gradvis redusert. Men utviklinga snudde på åttitalet. Nyliberalismen gjorde sitt inntog, og marknadsliberalismen blei politisk korrekt i breie kretsar. Privatisering og marknadstilpassing var tidas melodi. Offentleg sektor skulle reduserast, og det som blei att, skulle styrast etter marknadsprinsipp. Fagrørsla og venstresida protesterte, men det var ikkje lett å kjempe i mot ei tidsånd som nådde frå ytre høgre til langt inn i sentrale deler av Arbeiderpartiet.

Fagrørsla og venstresida protesterte, men det var ikkje lett å kjempe i mot ei tidsånd som nådde frå ytre høgre til langt inn i sentrale deler av Arbeiderpartiet.

Marknadsliberalisme, privatisering og skattelette førte til auka forskjellar. Ein sterk offentleg sektor og ein aktiv fordelingspolitikk var ikkje berekraftig, blei det hevda. Kapitalen og marknadskreftene måtte få fritt spelerom for å skape verdiar som kom alle til gode. Kritiske røyster blei avvist med skuldingar om misunning og manglande forståing for næringsutvikling og vediskaping. Men no er debatten i ferd med å snu. Vi har fått ny solid dokumentasjon som viser at god fordelingspolitikk og små forskjellar er ein viktig basis for velferd og berekraftig verdiskaping.

Vekst med små forskjellar
For eit par år sidan kom ei mykje omtalt bok med tittelen Ulikhetens pris. Forfattarane Richard Wilkinson og Kate Pickett viser at samfunn med små forskjellar har mange fordelar. Levealderen er høgare, helsetilstanden er betre, kriminaliteten er lågare og tilliten mellom folk er større. Ein effektiv fordelingspolitikk er ikkje berre til glede for dei som har lite. Både fattig og rik får betre livskvalitet i samfunn med små forskjellar. Forfattarane viser også at det er viktigare korleis rikdomen er fordelt enn kor rikt eit land er.

Boka blei ei vitamininnsprøyting i kampen mot marknadsliberalismen som har dominert den politiske debatten dei siste tiåra. Forfattarane presenterer solid argumentasjon for ein fordelingspolitikk som blir angripen frå mange hald. Høgresida i norsk politikk med den konservative tenketanken Civita i spissen gjekk til angrep på boka og trekte i tvil både metode og konklusjon. Kronargumentet deira er at vi må akseptere forskjellar for å skape vekst. Men også dette argumentet står no for fall.

Det er ikkje nok å satse på tiltak mot fattigdom slik høgresida ofte hevdar. Det er nødvendig med ein brei fordelingspolitikk.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) publiserte nyleg ein rapport som viser at store forskjellar i eit land har negative konsekvensar for verdiskapinga. Rapporten konkluderer med at det ikkje er nok å satse på tiltak mot fattigdom slik høgresida ofte hevdar. Det er nødvendig med ein brei fordelingspolitikk. Generalsekretær i OECD, Angel Gurría, sa ved lanseringa av rapporten at vi må motarbeide høge og veksande forskjellar for å kunne fremme berekraftig vekst. Det er her fokuset bør vere i den politiske debatten, sa han. Det internasjonale pengefondet (IMF) har publisert liknande rapportar.

Omfordeling og klima
Den som i størst grad har snudd debatten om fordelingspolitikk, er den franske økonomen Thomas Piketty. Hans bok «Kapitalen i det 21. århundre», har blitt ein bestselgar, og den er heftig diskutert både blant økonomar og politikarar. Han viser at vi er inne i ei utvikling der dei rike blir stadig rikare og får kontroll over stadig større deler av verdiane i samfunnet. Piketty slår i hel den populære myten om at rikdom på toppen i samfunnet rislar nedover til alle, og at det som er godt for dei rike er godt for heile samfunnet.

Piketty viser oss ei alvorleg forskjellskrise, men han er samtidig opptatt av at tilstanden ikkje er naturgitt. Utviklinga kan styrast i ein annan retning om politikarane vågar og vil. Det som skal til er kraftig skattlegging av formue og arv. Med desse forslaga grip Piketty rett inn i den norske skattedebatten. Den blåblå regjeringa går i motsett retning med skattelette for dei rike, og Arbeiderpartiet er forsiktig med å utfordre høgresida i skattepolitikken. I den siste budsjettbehandling på Stortinget var det berre SV som gjekk inn for å behalde arveavgifta og innføre finansskatt.

OECD og IMF har innsett at forskjellar er eit problem for veksten, men venstresida må vere varsam med å henge seg på deira einsidige vekstargumentasjon.

Den nye dokumentasjonen som har komme dei siste åra, er i ferd med å endre debatten om fordelingspolitikk. Venstresida har fått ny ammunisjon etter at marknadsliberalistane i lang tid har dominert debatten. Denne sjansen må vi gripe. Vi må ta tilbake føringa i debatten om fordeling, velferd og verdiskaping. Men det er ikkje nok. Vi må utvide den til å omfatte klimaproblema og vise at fordelingspolitikk og klimapolitikk er to sider av same sak. Utan ein solidarisk fordelingspolitikk klarer vi ikkje dei store omstillingane som skal til for å nå klimamåla våre.

OECD og IMF har innsett at forskjellar er eit problem for veksten, men venstresida må vere varsam med å henge seg på deira einsidige vekstargumentasjon. Skal vi skape eit berekraftig samfunn, må vi ha fokus på sosial og miljømessig berekraft, velferdsutvikling og lokal og global solidaritet. Korleis skal vi skape eit skattesystem som både tar vare på miljøet og reduserer forskjellane i samfunnet? Eit grønt skattesystem som ikkje har god fordelingseffekt vil ikkje vere politisk berekraftig. Derfor bør vi ikkje slå oss til ro med fordelingsdebatten før vi har gjort den til ein del av miljødebatten og vise versa. Det bør ikkje lenger vere nokon tvil om at vi må ha ein effektiv fordelingspolitikk for å skape eit berekraftig samfunn.