Velferdsvekst i krisetid

Foto: Nestor Galina/Flickr

Mange kjenner historia om gjeldstyngde Argentina som i 2001 mislegheldt statsgjelda og slo seg konkurs. Som andre land i Latin-Amerika, var Argentina offer for nyliberal sjokkdoktrine utover 1990-talet, med store økonomiske og sosiale konsekvensar. Styresmaktene tok opp stadig større lån og til slutt var dei  så gjeldstyngde at dei ikkje makta med det. Dei sosiale følgjene var enorme; på kort tid auka delen av befolkninga som levde under fattigdomsgrensa til 58 prosent og arbeidsløysa vart omtrent fordobla.[i]

2001 vart eit vasskilje for Argentina. Med utanlandsgjelda ute av bilete har landet smått om senn restituert seg. I dag er Argentina eit middelinntektsland med relativ stor middelklasse og med stabil økonomisk vekst.

Medan velferdsstatane i Europa byggast ned, byggjer Sør-Amerika opp velferdsprogram

Sør-Amerika klarer seg
Sør-Amerika har foreløpig klart seg godt ut av den internasjonale finanskrisa; medan velferdsstatane i Europa byggast ned, byggjer Sør-Amerika opp velferdsprogram. Fleire av landa scorar godt på FN sine utviklingsindikatorar og den økonomiske veksten er stabil.[ii]

At Sør-Amerika har klara seg godt skuldast ei blanding av finanspolitiske og realøkonomiske tiltak som vart innført før og etter den internasjonale finanskrisa inntraff i 2008, politiske tiltak som førde til større kontroll over finansøkonomien og gav rom for vekst i realøkonomien.

Veksten har blitt investert i velferdsordningar. Landa som historisk er kjende som bananrepublikkar kan bli morgondagens velferdsstatar.

Tøyling av finansøkonomien
Brasil har innført ulike skattar på finanssektoren for å få bukt med dei kortsiktige porteføljeinvesteringane, og hindre at slik spekulativ verksemd destabiliserar økonomien.[iii] Brasil har ei av dei høgaste rentene i verda, noko som har gjort landet interessant for finansspekulantar.

I 2009 innførte regjeringa to prosent skatt på utanlandske kjøp av brasilianske aksjar og obligasjonar for å unngå for sterk valutakurs. Skatten viste seg berre delvis effektiv, så  brasilianske styresmakter fylgde opp med å skatteleggje sal av utanlandske bankinnskot med 1,5 prosent.

Skatteprosenten på kjøp av aksjar og obligasjonar auka til seks i løpet av 2010 for deretter å bli redusert til to prosent igjen. IMF konkluderte med at skatten bidrog til ein reduksjon av innkomande kapital.

I 2011 innførte Brasil også en prosent skatt på derivat med det klare formål å gjere valutaspekulasjon mindre lukrativt og unngange ytterlegare aukingar i valutakursen. Presidenten har opna for at skatten på derivat kan aukast til 25 prosent.[iv]

Skattesatsane på kapitaltransaksjonar er svært låge og er å forstå som ein «sand i maskineriet»-strategi mot finansspekulasjon. Sør-Amerika har også nytta seg av tiltak som i større grad reduserar kortsiktige investeringar av spekulativ karakter.

Eit tiltak som har hatt stor effekt er kravet til utanlandske investorar om å setje 30 prosent av investeringane i sentralbanken. Fleire av dei søramerikanske landa har rett og slett krevd depositum av utanlandske investorar som ikkje kan takast ut før det har gått eit år. Slike depositum er kostbare og gjere kortsiktige spekulasjonar irrelevante sidan store mengder pengar låsast i sentralbanken over tid.

Avgrensing av utanlandsk eigarskap
I ei globalisert verd der transnasjonale selskap med kreativ bokføring og skatteparadis kan registrere utgifter og inntekter i det landet det best skulle høve seg, seier det seg sjølv at det er vanskeleg for eit vertsland å unngå at verdiane som vert produsert forsvinn ut av landet.

Statleg kontroll over kapitalen kan til sjuande og sist berre oppfyllast med nasjonalt eigarskap. Avgrensing av utanlandsk eigarskap er derfor forsøkt gjennom konsesjonskrav om samarbeid med nasjonale selskap (joint ventures) og avgrensing av jordeigedom.

Statleg kontroll over ressursane
Argentinas president Kristina Kirchner si erklæring om å kjøpe opp storparten av det største petroleumsselskapet YFP vakte stor oppsikt i internasjonale medier.

Kirchner fell med denne nasjonaliseringa inn i rekkja av progressive presidentar i Sør-Amerika som det siste tiåret har nasjonalisert sine strategiske naturressursar. Med full statleg styring av ressursane kan landa sikre at verdiane forblir i landet.

Nasjonaliseringa av dei venezuelanske, bolivianske og argentinske petroleumsressursane har ført til ei voldsam auke i statlege inntekter.

Sosiale løft og omfordeling
Nasjonaliseringa av dei venezuelanske, bolivianske og argentinske petroleumsressursane har ført til ei kraftig auke i statlege inntekter. I Bolivia vart dei statlege inntektene firedobla på to år, og inntektene frå sektoren har auka ytterlegare etter det.[v]

Pengane vert investerte i velferdsprogram og gjer mogleg det sosiale løftet desse landa så sårt treng. I Bolivia har inntektene finansiert pensjonsprogrammet Bono Dignidad medan Venezuela har investert store summar i helse og skulevesen.

Velferd byggjast ikkje utelukkande på sosiale program. Arbeidsplassar med anstendig løn er ein grunnpilar i eit sosialt samfunn. Arbeidsløysa og uformell sektor er stor i Sør-Amerika.

Nasjonaliseringa av dei strategiske naturresursane har bidrege til at lokale folk får jobbane med petroleumsutvinninga i staden for innleigd internasjonal arbeidskraft (som var tilfelle før nasjonaliseringa).[vi]

Industrioppbygging
Men potensialet ligg fyrst og fremst i industrien. Dei søramerikanske landa er kritisert for einsidig rentisme. Mange har spådd at den økonomiske veksten i regionen vil stagnere når dei internasjonale petroleumsprisane fell, at den stabile økonomiske situasjonen avheng av volatile internasjonale marknadar.

Berekraftig økonomi avheng av at landa brukar ressursane til industrialisering, slik at dei får fleire bein å stå på.

Med  forvaltningsmakt har land som Bolivia krevd at gassen i større grad skal raffinerast i landet.

Det vesle som var av industri i Sør-Amerika vart gradvis bygd ned med nyliberale reformer utover 1990-talet, og landa forsøker som smått å bygge opp ny industri. Igjen hjelper statleg kontroll over dei strategiske naturressursane. Med  forvaltningsmakt har land som Bolivia krevd at gassen i større grad skal raffinerast i landet.

Handels- og produksjonssamarbeidet ALBA har  vore ein sentral arena for industrialisering. Industrioppbygging er kostnads- og risikofylt. Ved å byggje opp storskala industri saman, delar ALBA-landa på kostnad og risiko, samstundes som dei forpliktar seg til å handle dei ferdige varene med kvarandre.

Eitt døme er Ecuador og Venezuela, som saman vil bygge opp petrokjemisk industri.[vii] Målet er å avansere, kome seg opp av råvarefella og den uheldige sida av den internasjonale arbeidsdelinga.

Dei landa som i utgangspunktet har industri har bruka politiske verktøy for å ta vare på desse konkurranseutsette industriane i internasjonale krisetider. President Dilma Rouseff annonserte til dømes nyleg ei industripakke som innebar at dei konkurranse utsette tekstilbedriftene skulle (i) sleppe å betale arbeidsgivaravgift, (ii) få statlege eksportsubsidier og (iii) beskyttast med auka tollmurar.[viii]

Mange er på generelt grunnlag kritiske til eksportsubsidert storindustri, men samla sett er den såkalla industripakka gull å rekne for arbeidarrørsla som fryktar nedlegging av arbeidsplassar.

Politisk vilje 
Med desse finanspolitiske og realøkonomiske grepa har Sør-Amerika klart seg gjennom den internasjonale finanskrisa. Dei har bygd opp velferdsordningar og skapt arbeidsplassar på same tid som Europa har kutta til beinet og ein stadig større del av befolkninga går utan arbeid.

I Europa vert kuttpolitikken rettferdiggjort med referanse til dei enkelte landa sine forpliktingar overfor internasjonale institusjonar. Hellas er medlem av EU og med euroen får kriser i landet konsekvensar for heile regionen. Landet er prisgitt utanlandslån og med desse følgjer IMF sine diktat.

EU, Euro og IMF gjer det sjølvsagt vanskeleg for Hellas å bryte med kuttpolitikken. Lærdomen frå det sørlege Amerika er likevel relevant.

Argentina var økonomisk sett like prisgitt sin gode relasjon til IMF i 2001 som Hellas er i dag.

Argentina var økonomisk sett like prisgitt sin gode relasjon til IMF i 2001 som Hellas er i dag. Akkurat som dei europeiske landa er dei søramerikanske landa bundne av internasjonal politikk.

Ut frå den bilaterale investeringsavtala Argentina har med Spania, var det til dømes ikkje uproblematisk at fyrstnemnte nasjonaliserte det spanskeigde YPF. Overnasjonale institusjonar og transnasjonal økonomi er ei utfordring for den statlege suvereniteten, men når det beste for folket bryt med internasjonale forpliktingar så er valet enkelt for venstresida i Sør-Amerika.

Det som trengs er politisk vilje.

Foreløpig er Sør-Amerika eit døme på at det går an å kome seg ut av internasjonale kriser utan sosial katastrofe. Det som trengs er politisk vilje. 

 


Noter

[i]  Bretton Wood Project & Latindad, 2011. Breaking the Mould. How Latin America is coping with volatile capital flows. Rep spiderweb, London. Tilgjengelig på: www.brettonwoodsproject.org/art-569425

[ii] For utviklingsindikatorar, sosial og økonomisk statistikk sjå www.eclac.org/estadisticas/

[iii] Chowla, P. 2011. Time for a new consencus. Regulating financial flows for stability and development. Bretton Woods Project. London. Tilgjengelig på: www.brettonwoodsproject.org/art-569411

[iv] Chowla, P. 2011. Time for a new consencus. Regulating financial flows for stability and development. Bretton woods project. London. Tilgjengelig på: www.brettonwoodsproject.org/art-569411

[v] Lundeberg, H. 2009. Demokratisk handlingsrom – eit studie av nasjonaliseringa av dei bolivianske gassressursane og demokratisk utvikling. Nupi, Oslo. Tilgjengeleg på: www.nupi.no/Publikasjoner

[vi] Lundeberg, H. 2009. Demokratisk handlingsrom – eit studie av nasjonaliseringa av dei bolivianske gassressursane og demokratisk utvikling. Nupi, Oslo.

[vii] Lundeberg, H. 2012. Latin-Amerikas alternativ til frihandelsavtaler. I: Latin-Amerikaboka 2012. Solidaritet forlag, Oslo.