Sjølvsagt finst det biologiske forskjellar mellom menn og kvinner. Kvar celle i kroppane våre har eit kjønn, viser den medisinske forskinga. Med andre ord er menn og kvinner forskjellige heilt ned på celle- og molekylnivå. Likevel er den mannlege biologien framleis norma for mennesket i mykje av den medisinske grunnforskinga. Det er litt som unisex-tursekken i sportsbutikken: I prinsippet ein sekk meint for begge kjønn, men som i realiteten passar best til dei med lange ryggar og breie skuldrar.
Kvinner har i gjennomsnitt 30 prosent mindre muskelmasse, 10 til 15 prosent mindre bein, blod og hud enn menn, men 30 prosent meir feittvev og åtte til 14 prosent større tarmsystem, nyrer og hjerne. Likevel har slike biologiske kjønnsforskjellar blitt lagt lite vekt på i dagens medisinske grunnforsking, ifølgje Paula Johnson, spesialist i hjartesjukdom og ein av pionerane innan det kvinnemedisinske feltet i USA. Unisex-tankegangen betyr at kvinner ikkje får fullt utbytte av dei medisinske framskritta som er gjort.
Menn og kvinner forskjellige heilt ned på celle- og molekylnivå.
Trass i forskjellane på cellenivå er 60 prosent av hjerneforskinga basert på forsøksdyr av hankjønn, eller på dyr der kjønnet ikkje er spesifisert, ifølgje Johnson. Forsøksdyr av hokjønn blir sett på som for kompliserte, på grunn av menstruasjonssyklusen og svinginga i hormonnivå. Høyrt det før? I andre forskingssamanhengar er gjerne nettopp det at noko er komplekst og varierande ein grunn til å studere det nærmare. Studiar har vist at eit sår gror fortare dersom ein injiserer stamceller frå mus av hokjønn, framfor stamceller frå hannmus. Kvinnelege celler er på si side meir sensitive overfor alkohol. Det ser også ut til at kvinnelege og mannlege celler reagerer ulikt på stress. Kvifor det er slik, finst det enno ikkje noko eintydig svar på.
For berre om lag 20 år sidan fanst det knapt data på kvinner si helse i USA, bortsett frå det som handla om dei reproduktive organa, ifølgje Paula Johnson. Sidan den gong har det vorte obligatorisk, i alle fall i studiar som National Institute of Health finansierer, å inkludere kvinner og minoritetar i kliniske studiar. Dette har mellom anna vist at det er store forskjellar i korleis kvinner og menn opplever sjukdom og responderer på medisinsk behandling. Ta til dømes hjerteinfarkt, som er ein relativt vanleg dødsårsak blant kvinner i dag. Forskinga viser at kvinner og menn ofte har ulike symptom på sjukdommen. Verktøya legane bruker for å stille diagnosen, er derimot basert på sjukdomsbildet hos menn. Det gjer at kvinner med hjarteinfarkt ofte blir feildiagnostisert. Det same gjeld multippel sklerose (MS). Sjølv om MS rammer fleire kvinner enn menn, er dei eksperimentelle modellane som blir brukt for å studere sjukdommen framleis basert på data frå forsøksdyr av hannkjønn.
Forsøksdyr av hokjønn blir sett på som for kompliserte, på grunn av menstruasjonssyklusen og svinginga i hormonnivå. Høyrt det før?
Nettopp fordi kvinner har lågare kroppsmasse, mindre organ og andre hormonsamansetningar enn menn, har også mange medisinar ulik effekt på menn og kvinner, ifølgje Jeanette Magnus ved Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo. Til dømes er biverknadar av antibiotika, allergimedisinar og smertestillande vanlegare blant kvinner. I pakningsvedlegga står det likevel ingen ting om kjønnsforskjellar. Doseringa er unisex.
Ein del kjønnsforskarar og feministar er skeptiske til biologisk forsking på kjønnsforskjellar. Det har dei historisk sett gode grunnar til, da sexistiske stereotypiar har ein lei tendens til å snike seg inn i konklusjonane og sementere tradisjonelle kjønnsroller. Historia er full av vitskaplege bevis på at kvinner ikkje er skikka til noko anna enn å føde barn og halde kjeft i forsamlingar.
Historia er full av vitskaplege bevis på at kvinner ikkje er skikka til noko anna enn å føde barn og halde kjeft i forsamlingar.
Problemet er likevel ikkje biologiske forskjellar mellom kjønna, men biologisk determinisme, altså at trua på biologiske fakta i seg sjølv legg grunnlaget for kjønnsnormene i samfunnet, ifølgje den feministiske tenkaren Toril Moi. Spørsmålet er ikkje om kvinner og menn er biologisk forskjellige, men kva vi gjer med desse forskjellane, som samfunn. Ein stad å starte er å følgje Paula Johnsons tilråding neste gong du er hos legen, og spørje: Artar denne sjukdommen eller behandlinga seg annleis for kvinner enn for menn? Svaret er truleg ja, sjølv om legen din kanskje ikkje veit svaret, i alle fall ikkje enno. Men om du spør, er det ein viss sjanse for at legen din undersøkjer saka.
Denne teksten er også publisert i Klassekampen 18. mai 2015.