Den verkelege næringspolitikken

Å slakte heilage kyr er periodevis ein ynda sport på venstresida. Det er visst det som skal til for å bli populær blant journalistar og kommentatorar. Men det er kanskje på tide å minne om at venstresida har mange premiekyr på båsen, og at dei må stellast for å avle. Vi må stå opp og ta æra for det vi har skapt om vi skal legge grunnlaget for ein ny offensiv for venstresida. Det gjeld ikkje minst det vi har skapt for næringslivet gjennom ein framtidsretta miljøpolitikk og ein tydeleg fordelingspolitikk.

God miljøpolitikk er god næringspolitikk
Eg begynte mi yrkeskarriære i smelteverksindustrien i ein periode med mange nye miljøkrav. Då det kom krav om å reinse avgassane, blei det ramaskrik. No ville det bli eit ras av nedlegging og utflagging, fekk vi vite. Direktørar og klubbleiarar reiste til Oslo for å protestere. Men krava kom, og dei skapte ei spennande teknologisk utvikling.

Vi står sterkare om vi kjenner og kan slå i bordet med vår stolte historie om miljøpolitikk som næringspolitikk.

Elkem der eg jobba, utvikla ny reinseteknologi for verdsmarknaden. Etter kvart blei avfall utvikla til høgverdige produkt som til tider gav betre lønsemd enn hovudproduktet. Smelteverksrøyken blei utvikla til det avanserte produktet microsilica, og er eitt av mange eksempel på den innovasjonen som miljøkrava skapte. I dag har norsk prosessindustri som mål å bli verdsleiande på berekraftig produksjon.

Då utsleppskrava kom, var det mange som protesterte og malte ei mørk framtid for norsk industri. Men industrien tok etter kvart utfordringa og satsa på teknologiutvikling i samarbeid med styresmaktene. Teknologisatsinga var ikkje berre til glede for miljøet. Den førte også til betre produksjon med redusert energiforbruk, reduserte kostnader og betre produktkvalitet.

Offensive miljøkrav på eit tidleg tidspunkt er ei av hovudårsakene til at vi no har ein konkurransedyktig prosessindustri. Hadde miljøsinkene på høgresida fått dominere debatten på åttitalet, hadde vi knapt hatt prosessindustri i Noreg i dag. Dagens miljøkamp står blant anna om Lofoten, Vesterålen og Senja. Det er framleis den same miljøbevisste venstresida som må dra lasset. Vi står sterkare om vi kjenner og kan slå i bordet med vår stolte historie om miljøpolitikk som næringspolitikk.

Offensiv fordelingspolitikk er god næringspolitikk
Einstein skal ha sagt at ikkje alt som tel kan teljast, og ikkje alt som kan teljast, tel. Heller ikkje i næringspolitikken kan alt kvantifiserast. Vi gjer ein stor feil om vi overser faktorar som det er vanskelege å setje to strekar under.

Vår egalitære kultur er det vanskelegare å kopiere. Derfor er den eit konkurransefortrinn som ikkje kan overvurderast.

Eg har reist mykje omkring og diskutert næringspolitikk. Eit av poenga som ofte dukkar opp, er kvaliteten på den norske arbeidskrafta. Vi har eit relativt egalitært samfunn, og vi har ein fellesskule med eit breitt kunnskapssyn der vi blir vant til å kommunisere på tvers av skiljeliner i samfunnet. Det har skapt sjølvstendige arbeidstakarar med evne til samarbeid på tvers av organisasjonsgrenser. I mange andre land er hierarki og kommandolinjer lammande for kreativitet og evne til å handle når det trengst.

Ein leiar for ei internasjonal bedrift på Vestlandet peika på det sjølvsagte som vi ofte gløymer. Vi må satse på kunnskap, men det er ikkje nok. Kunnskap på vårt nivå kan mange av våre konkurrentar skaffe seg i løpet av ein generasjon. Men vår egalitære kultur er det vanskelegare å kopiere. Derfor er den eit konkurransefortrinn som ikkje kan overvurderast.

Økonomiprofessor Kalle Moene ved UiO har studert den skandinaviske samfunnsmodellen som har vist seg meir robust enn mange høgreorienterte økonomar spådde. Moene peikar på ein viktig næringspolitisk konsekvens av moderate forskjellar. Lite spenn i lønsnivået slik vi har her i landet, bidrar til å fremme nødvendig omstilling og innovasjon i næringslivet.

God miljøpolitikk og aktiv fordelingspolitikk har vist seg å vere heilt grunnleggande for norsk konkurransekraft.

NHO ser ikkje ut til å ha fått med seg at god fordelingspolitikk er god næringspolitikk. For NHO ser insentivordningar og større forskjellar ut til å vere løysinga på det meste. No sist var det skolen som skulle reddast med større lønnsforskjellar. NHO og høgresida argumenterer for ein politikk som vil rasere vårt sterkaste konkurransekort, den egalitære samfunnsmodellen.

Ikkje berre asfalt og skatt
God miljøpolitikk og aktiv fordelingspolitikk har vist seg å vere heilt grunnleggande for norsk konkurransekraft. Venstresida med sin kamp for miljø og fordeling kan derfor ta mykje av æra for at vi har eit konkurransedyktig næringsliv her i landet. Vi må stå opp for desse verdiane til beste for samfunnet og for næringslivet. Høgresida må ikkje få lov til å degenerere næringsdebatten til eit spørsmål om mest mogeleg asfalt og minst mogeleg skatt. Det er ei dødslinje for norsk næringsliv.

  • Terje Aasland

    Alf Holmelid har gode
    næringspolitiske tanker slik de her fremkommer og har absolutt en stor verdi. Hadde Alf Holmelid lagt til
    fellesskolens betydning for vår konkurransekraft hvor ulike barn får kunnskap
    og utvikles til voksne (arbeidstakere/arbeidsgivere) på den samme arena så
    hadde det nesten blitt et næringspolitisk manifest

    • Alf Holmelid

      Takk for støtte Terje. Når det gjeld fellesskolen, så er eg absolutt samd med deg. Det var ikkje plass til å utdjupe det i dette korte innlegget, men det er med i følgjande utsagn:
      «Vi har eit relativt egalitært samfunn, og vi har ein fellesskule med eit breitt kunnskapssyn der vi blir vant til å kommunisere på tvers av skiljeliner i samfunnet»