Ein ganske vanleg mann

Den moderne, kosmopolitt-utgåva av Den stygge andungen går om lag slik: Person med avvikande livsstil vert frose ut og mobba i det intolerante bygdesamfunnet sitt, men finn lukka på homobar i storbyen. Moralen er at storbyen er frigjerande, moderne og tolerant, der bygda er trongsynt, gamaldags og einspora. Men det er ikkje alltid slik.

Den første opent transkjønna borgarmeisteren i USA dukka ikkje opp i hippiebyen San Francisco, men i Silverton, ein småby i Oregon med 9000 innbyggjarar, kor fleirparten meiner seg både kristne og konservative. I dette samfunnet vann kinoeigar Stu Rasmussen borgarmeistervalet i 2008 og vart attvalt i 2010 på ein plattform av sparepolitikk og verdiliberalisme, iført sminke og stiletthelar. Historia hans er verdt å grunne ved, for ho fortel oss noko viktig om små samfunn med tette band mellom menneska.

Neglelakk på kino
I 1975 gløttar Stu opp på kinolerretet. Han er 27 år og jobbar som maskinist på kinoen til faren. Kveldens film er Rocky Horror Picture Show, ein eksentrisk horror-musikal med den transkjønna Dr. Frank-N-Furter i hovudrolla, spradande rundt i nettingstrømpar, sminke og korsett. Filmen gjer eit uutsletteleg inntrykk på unge Stu. Om lag 20 år seinare er Stu Rasmussen eit kjent fjes og ein respektert borgar i Silverton. Alle kjenner Stu. Han har teke over kinodrifta frå faren, er byrådsrepresentant og styremedlem i biblioteket. Like fullt er det på tide med ei lita forandring. Stu byrjar å få negla stelt. Først berre kortklipte neglar utan pynt. Etter kvart tek han på blå neglelakk – den maskuline fargen. Sidan dristar han seg til raude neglar, og let dei vekse. Dette er eit stort steg, for når han strekk fram handa for å sjekke kinobilletten er det umogleg å ikkje leggje merke til neglelakken.

Praten byrjar å gå i den vesle byen, men ikkje om kjønnsroller og transseksualitet. Folk var aller mest nysgjerrige på kva Stu kom til å ha på seg til kveldens film.

Seinare byrja Stu å marknadsføre kinofilmane på nye måtar. Han kler seg ut som rollefigurar frå filmane – påfallande ofte dei kvinnelege. Under premieren på Star Wars: The Phantom Menace, tek han imot billettar kledd ut som prinsesse Amidala. Praten byrjar å gå i den vesle byen, men ikkje naudsynleg om kjønnsroller og transseksualitet. Folk var aller mest nysgjerrige på kva Stu kom til å ha på seg til kveldens film.

Puppar og spiker
Stu ville teste kor grensene gjekk: Til dømes tok han på seg ein bh fylt med bomull under ruteskjorta si og gikk til jernhandlaren for å kjøpe spiker. Var det mogleg å overleve som ein mann med puppar i Silverton? Det kan verke slik, for då han vart 52 drog han til legen og fekk operert inn to brystimplantat. No var det ingen veg tilbake.

Då kristenfundamentalistar kom langvegsfrå til byen for å protestere mot Stu sin livsstil, tok innbyggarane han i forsvar.

Sjølv om han var ein aldri så respektert borgar og lokalpolitikar, vart det mykje kviskring og lange blikk. ”Herregud, sjå på Stu!”. ”Det der pleidde å vere Stu Rasmussen!” sa folk når dei såg han på gata, fortel ein av Stus vener til det amerikanske radioprogrammet Radiolab. Og ganske riktig, skulle det vise seg at ein mann med puppar ikkje kjem heilt ustraffa frå det. Billettinntektene frå kinoen byrja å falle. Foreldre nekta borna sine å dra på Stus kino. Ungdomar i pick up’ar køyrde forbi kinoen og ropte ukvemsord. Sjølv om Stu Rasmussen hadde vore aldri så forsiktig overfor lokalsamfunnet, såg det ein periode litt stygt ut.

Slo ring om Stu
Fleirtalet i Silverton var likevel på Stu si side. Då kristenfundamentalistar kom langvegsfrå til byen for å protestere mot Stu sin livsstil, tok innbyggarane han i forsvar. Ei gruppe kom frå Kansas for å marsjere i hovudgata i høglydt protest mot den demokratisk valde borgarmeisteren. Stu Rasmussens plass var i helvete, meinte dei. Innbyggjarane i Silverton svara med ein mot-demonstrasjon, kor mennene kledde seg i kvinneklede, og kvinnene i manneklede. I starten berre to-tre menn, til slutt over 200 kvinner og menn.

Stu Rasmussen er ein ganske vanleg mann – med puppar og miniskjørt

Under desse omstenda viste småbyen Silverton seg som rett så progressiv. Fordi så mange i byen har vakse opp med Stu og kjenner han frå så mange ulike samanhengar, er det for umogleg for dei å redusere han til ein transkjønna avvikar. Han er alterguten, datanerden, borgarmeisteren, byrådsrepresentanten, eller berre Stu, fortel ein pensjonert lærar i Silverton, til Radiolab. Stu Rasmussen er ein ganske vanleg mann – med puppar og miniskjørt. I små samfunn kor alle kjenner alle, kan det også vere vanskeleg å la vere å sjå folk som dei konkrete og samansette menneska dei er.

Teksten har stått på trykk i Klassekampen 2. mars 2015.