Det britiske Labour-valet og Corbyn-effekten

Jeremy Corbyn ved "No More War"-arrangementet i 2014. Foto: Garry Knight

I Storbritannia har debatten rundt Jeremy Corbyn gått sidan han annonserte kandidaturet sitt til ny leiar av Labour 3. juni.

Dei kallar det Corbynmania.

Få trudde då at han kunne vere ein realistisk motstandar til Yvette Cooper, Andy Burnham og Liz Kendall, inkludert Corbyn sjølv. Nokre av parlamentsmedlemmane som støtta han, sa dei gjorde det primært for å oppmode til debatt internt i Labour om kva slags leiarskap og retning partiet skulle få.

Jeremy Corbyn har vore representant i det britiske underhuset i 30 år og har utover dette hatt få maktposisjonar internt i partiet. Han har hatt eit lågt forbruk knytt til posisjonen sin, har søkt lite personleg merksemd og burde som ein 66 år gamal mann ha liten appell til den yngre veljarmassen. Likevel har kandidaturet hans resultert i eit følgjeskap og eit engasjement på grasrotnivå, særleg hjå unge, som Labour ikkje har sett på mange år.

Jeremy Corbyn. Foto: David Holt
Jeremy Corbyn. Foto: David Holt

80 000 nye medlemmar
Corbyn-turnéen har samla mange unge medlemmar. Det har vore kø utanfor folkemøta, han har blitt hylla for bilete folk har tatt av han der han seint på kveld står sliten på nattbussen heim etter møte, og han har skapt ein debatt rundt politikken til partiet mange har sakna.

Labour har fått over 80 000 nye medlemmar etter valet – noko som delvis kan skuldast støtte til Corbyn og delvis debatten kandidaturet hans har skapt. Entusiasmen har nådd eit nivå der papirkoppane han har brukt, blir selt på eBay.

Dei kallar det Corbynmania.

Tony Blair: «Partiet går med augo lukka, armane rett utfor stupet»

Tidlegare leiar Tony Blair. Foto: Jens-Olaf Walter
Tidlegare leiar Tony Blair. Foto: Jens-Olaf Walter

Eit dårleg val
Valet i Storbritannia 7. mai 2015 var det dårlegaste valet Labour har gjort sidan 1983. Det var sagt at Ed Miliband mangla folkeappell og hadde tatt partiet for langt til venstre. Resultatet vart peikt på som eit signal på at Labour måtte vende tilbake til ein meir høgreorientert New Labour-politikk for å kunne få makt. Valresultatet viste ein kombinasjon av ei enorm overvurdering av eiga oppslutning og ein relativt ineffektiv valkampanje frå Labour. Partiet hadde mista velgjarar til nesten samtlege av dei andre partia i parlamentet og hadde klart tatt for gitt evna til å halde på eigne .

Mangelen på skilnad mellom regjeringa sin økonomiske politikk og Labour sin «austerity light» var også under angrep. Samtidig auka den venstrevridde Labour-kandidaten Jeremy Corbyn sitt valresultat i Islington North med 5,8 prosent.

Skuldinar om McCarthyisme
Prosessen rundt leiarvalet i Labour må kunne reknast å ha nådd eit høgt kjenslelada nivå. Den sterke ordbruken mot Corbyn («Partiet går med augo lukka, og armane rett fram, utfor stupet og ned på dei skarpe klippene under.» Tony Blair, 13. August 2015) kombinert med debatten rundt utsiling av nye partimedlemmar har hausta mykje kritikk, og verkar i stor grad prega av desperasjon.

Utsilinga av nyinnmelde medlem har vore basert på mellom anna rapportering via sosiale media og andre mistankar om at dei ikkje har vore samstemte med Labour, noko som mellom anna har ført til skuldingar om McCarthyisme.

Entusiasmen har nådd det nivået der papirkoppane han har brukt, blir selt på eBay.

Klart til venstre
Den meir saklege kritikken av Corbyn går på spørsmålet om det er realistisk å vinne val i Storbritannia med ein så venstrevridd kandidat etter britisk målestokk. Dersom ein samanliknar Corbyn med den gjengse partilinja i New Labour, er han klart til venstre for dette. På mange måtar representerer han eit meir tradisjonelt, men venstreorientert, Labour-prosjekt med renasjonalisering, fokus på miljøspørsmål, endring i flyktningpolitikk og fokus på velferdsstaten.

Jeremy Corbyn har i stor grad blitt kritisert for sine venstrevridde standpunkt, mellom anna den økonomiske politikken (Corbynomics) som har blitt kalla uansvarleg og skadeleg for britisk økonomi. Corbynomics, som inkluderer høgare toppskatt, renasjonalisering av utvalde private industriar som jernbanen og ein endring frå store kutt i offentleg sektor til reinvestering og tiltak for å auke veksten, har også fått støtte frå akademiske sirklar som avviser at dette er politikk som høyrer til det ekstreme venstre.

Populær hjå dei unge
Kandidaturet til Corbyn har klart å skape ein debatt så livleg i britiske media at nokre journalistar til og med har tatt i bruk Tinder for å få fatt i folkemeininga. Ifølgje YouGov si undersøking frå 10. august er han særleg populær hjå folk under 39 år, som inkluderer dei to gruppene med lågast valdeltaking ved valet i 2015, og scorar høgast hjå kvinner og folk som er busette i London, men har klart høge tal over heile linja.

Han er også meir populær hjå Ukip-velgjarar og i Skottland.

Eit anna spørsmål er om Labour i det heile tatt vil ha noko politisk prosjekt innanfor den sosialdemokratiske tradisjonen dersom dei held fram med å gå mot høgre, eller om det primært blir eit populistisk maktparti utan noko særleg politisk mål utover posisjonar.

London Riots og eit særs klassedelt land
Corbyn vil endre den sosiale samansetjinga i Labour ved å gi økonomisk bistand frå partiet til valkampanjer til parlamentskandidatar utan ein sterk økonomisk bakgrunn. Med tanke på at størsteparten av Labours parlamentsmedlemmar har universitetsutdanning og ein fjerdedel har utdanning frå Oxford eller Cambridge, er ikkje dette eit dårleg grep for å auke representasjonen frå forskjellige bakgrunnar. Storbritannia er eit særs klassedelt land, med ein stor eksternalisert underklasse med få eller ingen arenaar for å uttrykke bekymringar og behov. Det er ofte liten sjanse til sosial mobilitet, og under den noverande regjeringa har særleg denne gruppa sett ei auke i arbeidsløyse og kutt i velferdsordningar.

London Riots, 2011. Foto: Andy Armstrong
London Riots, 2011. Foto: Andy Armstrong

Frustrasjonen rundt denne situasjonen kom mellom anna til uttrykk under London Riots i 2011. Å ha eit parti desse gruppene oppfattar som sine representantar, vil kunne vere positivt for heile det britiske samfunnet, i alle fall om dei er i stand til å nå desse tradisjonelle Labour-veljarane som ligg utanom den britiske middelklassen.

Allereie eit splitta parti
Tony Blair har åtvara mot å velje Corbyn til ny leiar på bakgrunn av at det vil splitte partiet. I tillegg til Blair har Gordon Brown og andre politiske motstandarar sagt det same, alle tilhøyrande makteliten i partiet. Med tanke på den oppslutninga Corbyn har hatt hittil, er det sannsynleg at Labour allereie er eit splitta parti. I valet i vår mista dei veljarar til alle parti – eit klart teikn på at veljarane for lenge sidan har mista trua på det politiske prosjektet til partiet. Dersom partiet går i retning New Labour og til høgre, vil dei truleg kunne fange opp ein del røyster som følgje av den annonserte EU-folkeavstemminga og EU-skepsisen hjå dei konservative.

Likevel er det usannsynleg at dei, ved å gå til høgre, vil ha nokon sjanse i det heile tatt til å hente inn dei seta dei tapte i Skottland i vår. Dersom Labour i tillegg klarer å aktivisere dei nye medlemmane, vil dei vere betre rusta til å drive ein valkamp som eit legitimt masseparti.

Storbritannia er eit særs klassedelt land, med ein stor eksternalisert underklasse.

Corbyn-karikatur. Foto: norbet1
Corbyn-karikatur. Foto: norbet1

Eit lite folkeopprør internt
Det er godt mogleg at partiet vil bli splitta dersom Corbyn blir valt, men dette vil i så fall truleg plassere størsteparten av eliten i ein tapande posisjon, ein elite som primært er dei som har vore ansvarlege for dårlege val to gonger på rad.

Jeremy Corbyn har allereie som leiarkandidat klart å skape meir entusiasme og engasjement for Labour enn begge dei føregåande leiarane av partiet til saman. Han vil truleg ikkje hente inn mange av dei konservative sine røyster, men kan stå for ei reell fornying av Labour som i beste fall kan føre til ei kraftfull gjenreising av det gamle arbeidarpartiet.

I alle tilfelle er debatten om kvar Labour skal gå, blitt eit lite folkeopprør internt i partiet. Inntil vidare, la oss kalle det Corbyn-effekten.

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.