Anti-establishment på norsk

Follow Your Dreams CANCELLED av gatekunstneren Banksy. Foto: Chris Devers/Flickr

Dei såg det ikkje komma. Dei gjer som regel ikkje det. Kommentatorane, toppolitikarane, meningsmålarane, børsspekulantane, media, rikingane og elita. Over 13 millionar amerikanarar stemte på en sjølveklært sosialist med politisk revolusjon som valløfte. Nesten 60 prosent i britiske Labour stemte på det mest ubetydelege og venstreradikale parlamentsmedlemmet partiet hadde. I Sør-Europa mobiliserar Podemos, SYRIZA, Bloco Isquerda og andre millionar av mennesker til kamp mot eit kriseskapande, råkapitalistisk og udemokratisk EU. I Storbritannia trossa folk flest ei nærast samla maktelite og stemte mot EU-medlemskap. 

Både Bernie Sanders og Jeremy Corbyn var raringpolitikarar langt utanfor det gode selskap hjå dei politiske elitane og i media. Dei var gamle gubbar frå 1970-talet som alle som betydde noko hadde blitt einige om å plassera på museet over politiske antikvitetar gått ut på dato. Noe sånt passer seg bare ikke, sa maktelita i samla kor. Dei tok feil. Høgresida si evige sanning om at sosialismen døydde på 80-tallet er over. Det er no det snur.

Høgresida si evige sanning om at sosialismen døydde på 80-tallet er over.

Direktoratet for forvaltning og IKT si førre innbyggarundersøking synte at folk har låg tillit til politikarane og valdeltakinga har gått ned sidan 1965. Maktelita i dei fleste vestlege industriland er fullstendig ute av stand til å engasjera arbeiderklassen og ungdom til kamp for solidariske samfunn. Rørslene som gjer folk flest trua på at ein betre kvardag og eit anna samfunn er mogleg kjem ikkje innanfrå systemet, men utfordrar det. Den norske venstresida må læra av desse rørslene. Sosialistisk Ungdom har vedteke eit overordna mål om å bli ei anti-establishmentrørsle. Undertegna har ikkje alle svara og leverer ikkje her nokon offisiell plan frå SU, men ynskjer alle velkomne til diskusjonen.

Lærdom ein: Ikkje gjer som media seier eller aksepter etablerte politiske sanningar.
Bernie Sanders sin politiske revolusjon vitnar om at det går an å flytta det politiske landskapet til venstre på ganske kort tid. Journalistar prøver å skildra det politiske landskapet sånn dei trur det er. Sidan journalistar lev i same boble som maktelita, stemmer det dei skriv om folk flest sine meiningar ofte meir overens med det maktelita trur folk flest meinar enn det folk flest faktisk meinar. Me kan stikka hol på desse «politiske sanningane» som ikkje stemmer overnes med verkelegheita folk flest lev i.

Black Lives Matter demonstrasjonstog. Foto: Gerry Lauzon/Flickr
Black Lives Matter demonstrasjonstog.
Foto: Gerry Lauzon/Flickr

For å få det til treng me på den eine sida grasrotsrørsler som utfordrar og skapar uro i det etablerte politiske landskapet. På den andre sida treng me politiske parti som løftar fortellingane og krava til rørslene opp på eit politisk nivå. Denne kombinasjonen kan både flytte hovud og hjarta, samstundes som ein dreg opp nye politiske skiljelinjer og nye felles alliansar. Til dømes har Black Lives Matter-kampanja i USA snudd heilt opp ned på det politiske landskapet når det kjem til politivald og justispolitikk. Å kritisera politiet har lenge vore politisk tabu og afroamerikanarar har kynisk blitt vekta som ei lite attraktiv veljargruppe i forhald til løfta retta mot den kvite arbeidarklassen i Midtvesten om høgare politiløyvingar og strengare straffar.  Plutseleg er heile det politiske landskapet og dei «politiske sanningane» snudd opp ned. Bill og Hillary Clinton må plutseleg orsaka og forsvara den aggressive politi- og fengselspolitikken dei innførte på 90-talet.

Me kan stikka hol på desse «politiske sanningane» som ikkje stemmer overnes med verkelegheita folk flest lev i.

Lærdom to: Krev det urealistiske og sei det upassande.
På same måte var ikkje Bernie Sanders den som fann opp retorikken rundt «milliardærklassen, oligarkane, skurkane på Wall Street og the top one percent». Det var det Occupy-rørsla som gjorde i 2011. Til trass for systematisk latterleggjering i media byrja Occupy-demonstrasjonane nokre stader å knytta band til fagrørsla, i fleire hamnebyar gjekk radikale foreiningar ut i solidaritetstreikar og svakt organiserte grupper som hurtigmatarbeidarar vart dregne med i dansen. Størst suksess hadde ein i Seattle der Kshama Sawant vann bystyrevalget for Socialist Alternative med energien frå Occupy-rørsla og kravet om auking av minimunsløna til 15 dollar i timen. Etter valet snudde demokratane i bystyret, i frykt for å få sine eigne sete utfordra av lumske sosialistar, og innførte 15 dollar i timen.

Occupy Wall Street. 16. mars 2012. Foto: Michael Fleshman/Flickr.
Occupy Wall Street. 16. mars 2012. Foto: Michael Fleshman/Flickr.

So spredde kampen og gjennomslaga seg over heile landet, by etter by vedtok kravet og til slutt statar som California og New York. Plutseleg var det galne kravet til hippiane i telta, som fagforeiningstoppane og demokratane ikkje ville ta i med eldtang blitt ei realitet. Korleis? Dei snakka makta midt i mot og sa det som det var, sanninga som folk flest kjende på, men ikkje torde å sei høgt: Det er oss 99 prosent på botn mot dei 1 prosent på toppen.

Lærdom tre: Tørr å snakka om ein felles fiende – me sit ikkje alle i same båt.
Ein av dei største overraskingane i primærvalkampen var at Bernie Sanders vann i Michigan. Korleis klarte han det? Det var ei imponerande mobilisering av ei av dei største muslimske befolkingane i USA i allianse med dei vanlegvis verdikonservative kvite industriarbeidarane på bygda som avgjorde valet. Kva har rednecks på bygda og muslimar i byane til felles? Jo, dei blir alle svindla, utbytta og hersa med av den same korrupte og styrtrike politikarelita. I stat etter stat i Midtvesten og begge kystane såg ein det same mønsteret.

Bernie Sanders på rally den 4.mars 2016, i Traverse City, Michigan. Foto: Todd Church/Flickr.
Bernie Sanders på rally den 4.mars 2016, i Traverse City, Michigan.
Foto: Todd Church/Flickr.

Dette er kjerna i den venstrepopulismen me ynskjer oss. Vår venstrepopulisme er ikkje ein der me blindt aksepterar bildet av «folk flest» som FrP og det Civita-påverka media serverar oss. Vår venstrepopulisme er den der me fortel fortellinga om folk flest på nytt. Ikkje nordmenn mot innvandrarar, oljearbeidarar mot miljøvernarar, middelklasse mot arbeidarklasse og bygd mot by, men heile hopen mot den etablerte, middelaldrande, mannlege, kvite, rike, dresskledde, oljedryppande, maktspelspelande, tåkepratande, frihandelselskande, marknadsfundamentalistiske, Brüssel-orienterte, krigshissande, blankpolerte og verklegheitsfjerne elita nedi Oslo.

Dei snakka makta midt i mot og sa det som det var, sanninga som folk flest kjende på, men ikkje torde å sei høgt: Det er oss 99 prosent på botn mot dei 1 prosent på toppen.

Folket mot elita
Å snakka om konflikt, klassar og klassekamp er upopulært og nærast tabu i Noreg, men det må me berre venna oss av med. Kvar einaste dag grafsar den norske overklassen til seg meir og meir, samstundes som oljearbeidarar blir permitert, naturressursar og jarnbane blir lagt ut på billigsalg og barn druknar i Middelhavet. De rike sin klassekamp er allereie godt i gang, korleis skal vår sjå ut, her heime?

Me ynskjer oss ei venstreside med politiske parti som tek til seg disse tre lærdommane:

  1. Ta eit oppgjør med dei norske versjonane av Clinton, Blair og gjengen. Me må tørra å stilla mykje meir radikale og tilsynelatande urealistiske krav som faktisk flyttar det politiske landskapet. Me bør til dømes kreva auka skattar på dei rike og prisfrys i utleigemarknaden for bustadar.
  2. Organisér oss saman med grasrotsrørslene, lær av dei og løft dei til nye høgder. Nokre dømer er norske elevar sin streikekamp mot den sinnsvake nye fråværsgrensa i vidaregåande skule og demonstrasjonane mot rettslause for kvinner om blir utsett for valdtekt. I dei feministiske kampane har «vaksenpartia» i for stor grad latt dei nye strømingane forbli upolitiske eller uorganisert. Me må vera der desse mobiliseringane skjer, det er der framtidas venstreside blir skapt.
  3. Snakk om fiendebildet me har teikna opp, eller eit anna eit – so lenge industriarbeidaren, båtflyktningen, den skeive bygdeungdommen, den muslimske jenta med hijab og den underbetalte sjukepleiaren endar opp på same side.