Kvar einaste celle i kroppen har eit kjønn

Sjølvsagt finst det biologiske forskjellar mellom menn og kvinner. Kvar celle i kroppane våre har eit kjønn, viser den medisinske forskinga. Med andre ord er menn og kvinner forskjellige heilt ned på celle- og molekylnivå. Likevel er den mannlege biologien framleis norma for mennesket i mykje av den medisinske grunnforskinga. Det er litt som unisex-tursekken i sportsbutikken: I prinsippet ein sekk meint for begge kjønn, men som i realiteten passar best til dei med lange ryggar og breie skuldrar.

Kvinner har i gjennomsnitt 30 prosent mindre muskelmasse, 10 til 15 prosent mindre bein, blod og hud enn menn, men 30 prosent meir feittvev og åtte til 14 prosent større tarmsystem, nyrer og hjerne. Likevel har slike biologiske kjønnsforskjellar blitt lagt lite vekt på i dagens medisinske grunnforsking, ifølgje Paula Johnson, spesialist i hjartesjukdom og ein av pionerane innan det kvinnemedisinske feltet i USA. Unisex-tankegangen betyr at kvinner ikkje får fullt utbytte av dei medisinske framskritta som er gjort.

Menn og kvinner forskjellige heilt ned på celle- og molekylnivå.

Trass i forskjellane på cellenivå er 60 prosent av hjerneforskinga basert på forsøksdyr av hankjønn, eller på dyr der kjønnet ikkje er spesifisert, ifølgje Johnson. Forsøksdyr av hokjønn blir sett på som for kompliserte, på grunn av menstruasjonssyklusen og svinginga i hormonnivå. Høyrt det før? I andre forskingssamanhengar er gjerne nettopp det at noko er komplekst og varierande ein grunn til å studere det nærmare. Studiar har vist at eit sår gror fortare dersom ein injiserer stamceller frå mus av hokjønn, framfor stamceller frå hannmus. Kvinnelege celler er på si side meir sensitive overfor alkohol. Det ser også ut til at kvinnelege og mannlege celler reagerer ulikt på stress. Kvifor det er slik, finst det enno ikkje noko eintydig svar på.

For berre om lag 20 år sidan fanst det knapt data på kvinner si helse i USA, bortsett frå det som handla om dei reproduktive organa, ifølgje Paula Johnson. Sidan den gong har det vorte obligatorisk, i alle fall i studiar som National Institute of Health finansierer, å inkludere kvinner og minoritetar i kliniske studiar. Dette har mellom anna vist at det er store forskjellar i korleis kvinner og menn opplever sjukdom og responderer på medisinsk behandling. Ta til dømes hjerteinfarkt, som er ein relativt vanleg dødsårsak blant kvinner i dag. Forskinga viser at kvinner og menn ofte har ulike symptom på sjukdommen. Verktøya legane bruker for å stille diagnosen, er derimot basert på sjukdomsbildet hos menn. Det gjer at kvinner med hjarteinfarkt ofte blir feildiagnostisert. Det same gjeld multippel sklerose (MS). Sjølv om MS rammer fleire kvinner enn menn, er dei eksperimentelle modellane som blir brukt for å studere sjukdommen framleis basert på data frå forsøksdyr av hannkjønn.

Forsøksdyr av hokjønn blir sett på som for kompliserte, på grunn av menstruasjonssyklusen og svinginga i hormonnivå. Høyrt det før?

Nettopp fordi kvinner har lågare kroppsmasse, mindre organ og andre hormonsamansetningar enn menn, har også mange medisinar ulik effekt på menn og kvinner, ifølgje Jeanette Magnus ved Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo. Til dømes er biverknadar av antibiotika, allergimedisinar og smertestillande vanlegare blant kvinner. I pakningsvedlegga står det likevel ingen ting om kjønnsforskjellar. Doseringa er unisex.

Ein del kjønnsforskarar og feministar er skeptiske til biologisk forsking på kjønnsforskjellar. Det har dei historisk sett gode grunnar til, da sexistiske stereotypiar har ein lei tendens til å snike seg inn i konklusjonane og sementere tradisjonelle kjønnsroller. Historia er full av vitskaplege bevis på at kvinner ikkje er skikka til noko anna enn å føde barn og halde kjeft i forsamlingar.

Historia er full av vitskaplege bevis på at kvinner ikkje er skikka til noko anna enn å føde barn og halde kjeft i forsamlingar.

Problemet er likevel ikkje biologiske forskjellar mellom kjønna, men biologisk determinisme, altså at trua på biologiske fakta i seg sjølv legg grunnlaget for kjønnsnormene i samfunnet, ifølgje den feministiske tenkaren Toril Moi. Spørsmålet er ikkje om kvinner og menn er biologisk forskjellige, men kva vi gjer med desse forskjellane, som samfunn. Ein stad å starte er å følgje Paula Johnsons tilråding neste gong du er hos legen, og spørje: Artar denne sjukdommen eller behandlinga seg annleis for kvinner enn for menn? Svaret er truleg ja, sjølv om legen din kanskje ikkje veit svaret, i alle fall ikkje enno. Men om du spør, er det ein viss sjanse for at legen din undersøkjer saka.

Denne teksten er også publisert i Klassekampen 18. mai 2015.

  • anonym

    Saa, i tilfellet hjerneforskning er 40% av forsoeksdyr hunkjoenn, x% hankjoenn, mens y% er udeterminert. Er det ikke noedvendig aa bestemme y foer en konkluderer med at medisinsk forskning er partisk? Er det grunn til aa rope systematisk undertrykking hvis prosentforskjellen er lav? Blir ikke hele denne artikkelen litt pinlig hvis y er stoerre enn, eller lik, 10%?

    Er paastandene heller basert paa andre tall, og isaafall hvilke? Og hvorfor da inkludere denne statistikken?

    Og har du en kilde til paastanden i overskriften? Kilde til alle andre paastander? Fins det overhodet noe som helst filter mellom fakta og paastand i manifest tidsskrift?

    Og hvem er denne Johnson, hvorfor er hun den eneste autoriteten nevnt, og hvorfor er alt jeg kan finne om henne paa internet en TED video hvor hun gjoer lite annet enn aa fortelle anekdotiske historier? Hvor er linken til hennes konklusjoner i et fagfellevurdert tidsskrift?

    Naar jeg leser en artikkel som trekker konklusjoner eller kommer med paastander, og her tror jeg ikke jeg er den eneste, forventer jeg en viss standard. En artikkel maa gjerne vaere vinklet, og en forfatter maa gjerne ha sine meninger, men det er bortkastet tid aa lese noe som kun er en rekke skudd i moerket uten en eneste henvisning.

    Det er fullt ut mulig at medisinsk forskning indirekte eller ubevisst paa enkelte omraader overser kvinner, eller problemstillinger som saerlig angaar kvinner, og at dette faar negative konsekvenser: men det kommer ikke frem av denne artikkelen. Det eneste som er aapenbart her er at manifest tidsskrift enten ikke betaler sine skribenter nok til at de gidder legge i en dags arbeid, eller at dere har problemer med aa tiltrekke dere skribenter med kvaliteter utover de forventet av videregaaendestudenter.

    • ThereseUtgard

      Det er eit kjent fenomen blant legar og medisinstudenter at «alle» medisiner f.eks., er dosert utifrå ein såkalla gjennomsnittsperson, som er mann , kvit og på 70 kg. Det er også veldig godt kjent i legekretsar at det er for lite forskning og merksemd rundt det at kvinner har andre symptomer ved sjukdom enn menn, og at sjukdommen som rammer kvinner blir dårlegare finansiert – blant anna. Helsing lege.

  • Beate Sletvold Øistad

    Takk for tilbakemelding!

    Grunnen til at eg ikkje viser til kjelder i fagfellevurderte tidsskrift i denne artikkelen er ikkje fordi dei ikkje finst, men fordi det ikkje var plass.

    Artikkelen var opphavleg på trykk i Klassekampens spalte Feminist javisst 18. mai, der eg er ein av fleire faste spaltistar. I denne spalta må teksten vere av ei heilt bestemt lengde for å få plass på avissida, 4300 teikn, verken meir eller mindre. Med såpass liten plass er ein viss grad av forenkling ikkje til å kome utanom.

    Artikkelen med kjelder til forskinga eg omtalar, og som inspirerte meg til å skrive om kjønnsforskjellar i helseforskinga, finn du i tidsskriftet Nature: http://www.nature.com/news/policy-nih-to-balance-sex-in-cell-and-animal-studies-1.15195

    Om du gjentek google-søket ditt, vil du sjå at Paula Johnson, som eg viser til i artikkelen min, er ein av dei fremste ekspert på hjarte- og karsjukdommar og kvinnehelse, utdanna ved Harvard University i USA. Meir info og liste over dei vitskaplege publikasjonane hennes finn du til dømes her: https://connects.catalyst.harvard.edu/profiles/display/Person/75516

    Om du er ytterlegare interessert i kjønnsperspektiv på helseforsking vil eg tilrå sidene til NIH Office of Research on Women’s Health http://orwh.od.nih.gov/. Her finn du masser av spanande forsking på kvinnehelse og kva kjønnsperspektiv har å seie for for helseforskinga generelt.

    Alt godt,
    Beate

  • Tor Loke

    Sørgelig elementær kunnskapsmangel i denne artikkelen – for mye å ta fatt i alt. Men for å sette et elementært faktum på plass så er det ca 19milliarder nevroner i neocortex hos gjennomsnitts kvinnen og ca 24milliarder nevroner i neocortex hos gjennomsnittsmannen. Så kan artikkelforfatteren prøve å finne ut hva neocortex brukes til, sånn noenlunde – og gjøre seg noen enkle refleksjoner.
    Artikkelforfatterens besettelse av vekt er jo et typisk kvinnefenomen, men takk og lov så tenker vi jo ikke med det vi sitter på – da hadde hun nok hatt sine ord i behold. Så et råd fra en kirurg: Ta et kurs i humananatomi og fysiologi – et fornuftig sted å starte.