Omstilling for langsiktig industriutvikling

Stat og planlegging må til for å få til et grønt skifte, det nytter ikke å vente på at markedet ordner opp, mener artikkelforfatteren. Her står vindmøller til havs utenfor Belgia. Foto: bathyporeia/ Flickr

Det skapte oppstyr i oljelandet då ein tidlegare energiminister gjekk ut med forslag om å setje ein sluttdato for norsk oljeproduksjon. Motførestillingane let ikkje vente på seg. Sentralbanksjefen brukte årstala si til å åtvara mot å prøve å styre utviklinga i oljesektoren. Men det er vel nettopp planlegging og styring vi treng dersom vi skal takle den omstillinga vi veit må komme. Oljeindustrien er ein bransje med verdsleiande kompetanse som vi må ta vare på om Noreg skal vere ein industrinasjon også i framtida.

Det viktigaste er ikkje ein sluttdato for oljeaktiviteten, men ein strategi for å flytte menneskelege og finansielle ressursar til andre sektorar medan det enno er tid. Skal vi få det til, er det vanskeleg å komme utanom ein diskusjon om skatteregimet for oljeutvinning. Det blei stor ståhei då Espen Barth Eide opna for denne diskusjonen i Arbeiderpartiet. Men det er ein debatt vi må våge å ta. Så lenge det er langt større pengar å tene i olja enn i andre bransjar, er det vanskeleg å komme i gang med omstillinga.

Det viktigaste er ikkje ein sluttdato for oljeaktiviteten, men ein strategi for å flytte menneskelege og finansielle ressursar til andre sektorar medan det enno er tid.

Vi såg det då oljeprisen falt for nokre år sidan. Då satsa leverandørindustrien på andre marknader som offshore vindenergi, oppdrett til havs og grøn skipsfart. No spår analyseselskap forsiktig vekst for leverandørindustrien, og det er fare for at slike satsingar blir lagt på is. Det er ikkje lett å få gjennomslag for alternative investeringar når avkastninga på dei tradisjonelle områda tar seg opp att.

Skal vi klare å handtere nedtrappinga i oljeaktiviteten, må vi legge til rette for å utvikle bransjar som bygger på den industrielle kompetansen vi har her i landet. Offshore vindenergi er eit slikt eksempel. Her bør Noreg vere i posisjon til å dominere verdsmarknaden for flytande vindparkar for alt unntatt sjølve turbinen. Men det hastar med å ta denne posisjonen. Om ti år er det for seint. Grøn skipsfart og grøn transport er andre vekstmarknader der leverandørindustrien kan gå rett inn.

Norsk prosessindustri er ein bransje som har vore igjennom omfattande omstilling, og som no har ein sterk internasjonal posisjon. Her bør det vere eit potensiale for å satse på vidareforedling og spesialprodukt, slik blant andre REC Solar Norway ( tidlegare Elkem Solar) har gjort. Resirkulering av metall og teknologi for berekraftig produksjon er også eit område i vekst der vi kan dra nytte av norsk industriell kompetanse. Det same er batteriproduksjon og CCS.

Så lenge det er langt større pengar å tene i olja enn i andre bransjar, er det vanskeleg å komme i gang med omstillinga.

Sentralbanksjefen vil overlate omstillinga til marknaden, men den er lite eigna som motor for radikal omstilling. Politikk og stat må trå til når situasjonen krev teknologiutvikling med høg risiko. USA er eit godt eksempel. Gjennom forsvars-, helse- og energidepartementet har staten investert tungt og tatt risikoen for utvikling av ny teknologi. Her til lands er det den modne oljesektoren som nyt godt av statleg risikoavlastning gjennom leiterefusjonsordninga. Er det ikkje snart på tide at vi utviklar like gode ordningar for investeringar i ny grøn industri?

Norsk industri er i verdstoppen på grunn av si omstillingsevne og ein aktiv næringspolitikk. No står vi overfor ei ny stor utfordring. Målet må vere å sikre sysselsettinga og styrke den landbaserte industrien. Vi må ta vare på folka og kompetansen. Det krev at vi tar debatten om oljeskatteregimet og nye ordningar for å utvikle og styrke landbasert industri. Ingen har fasiten i dag, men jo lenger vi ventar, jo tøffare vil omstillinga bli.