Globalt opprør mot atomvåpen

«Det vekker oppsikt internasjonalt at ikkje Norge har tatt klar stilling for eit forbod,» ifylgje Sigrid Heiberg. Foto: MAPW Australia/Flicrk

I slutten av mai blei det klart at Ikkjespreiingsavtalen (NPT) sin tilsynskonferanse endå ein gong har endt med fiasko.

Dei fem atomvåpenstatane arbeidde for å komplisere og, hevdar kritikarar, svekke tilsynsprosessen. Etter fire veker med forhandlingar klarte ein dermed ikkje bli einige om eit sluttdokument, eller nokon praktiske steg for nedrusting og ikkjespreiing. No har fleirtalet av statane i verda fått nok: Over 100 land har samla seg bak eit «humanitært løfte», om å fylle holet i folkeretten og jobbe for å forby og avskaffe atomvåpen.

Norge har derimot enno ikkje slutta seg til.

Har demokratiet komme til norsk utanrikspolitikk?

«Det humanitære initiativet»
Det vekker oppsikt internasjonalt at ikkje «fredsnasjonen» Norge har tatt klar stilling for eit forbod. Ikkje minst fordi det var me, under den raudgrøne regjeringa, som starta det som har gått under namnet «det humanitære initiativet», og som no har ført til det forpliktande løftet.

I 2013 arrangerte Norge, og dåverande utanriksminister Espen Barth Eide, den banebrytande første konferansen om atomvåpen sine humanitære konsekvensar. Møtet blei fulgt opp av ein konferanse i Mexico vinteren 2014, og ein endå større i Wien like før jul i fjor. Initiativet har ført til ein avgjerande endring i den internasjonale diskursen, og måten me ser på atomvåpen. Det store fleirtalet har innsett at atomvåpen ikkje skapar stabilitet og tryggleik, men tvert i mot utgjer ein enorm tryggleiksrisiko. Faren for ein atomvåpendetonasjon, anten med overlegg eller ved ei ulukke, er mykje større enn ein tidlegare har trudd.

Arbeidet med atomnedrustning har i snart 70 år lidd under ein slags diplomatisk kolonialisme.

«There are no right hands for wrong weapons,» som generalsekretær i FN Ban Ki-moon uttrykte det.

Teoretiske NATO-forpliktelsar
Men i mellomtida hadde me hatt regjeringsskifte her heime, og tonen har tydeleg vore ein annan frå Norge sidan Børge Brende blei utanrikskaptein. No nøyar me oss med å «løfte fram dei humanitære perspektiva», og gøymer oss bak teoretiske NATO-forpliktelsar. Regjeringa støttar målet om ei atomvåpenfri verd, men meiner «det politiske grunnlaget for eit forbod ikkje no er tilstades».

«Have a nice doomsday.» Protest mot atomvåpen i Washington, 2005. Foto: Jesse/Flickr
Protest mot atomvåpen i Washington, 2005. Foto: Jesse/Flickr

Brende ville vente på NPT-konferansen, sa han. No har me svaret vårt: dei tradisjonelle nedrustningsregima er i krise.

Når atomvåpenstatane nektar å ruste ned, gir det resten av landa liten grunn til å halde sin del av avtalen: å ikkje skaffe seg atomvåpen sjølv. Men me har ein unik moglegheit til å redde Ikkjespreiingsavtalen, gjennom å forhandle fram eit forbod mot atomvåpen. Eit fleirtal av verdas statar har no skapt nettopp det grunnlaget som Brende meiner han ventar på. Det er på tide å slutte å vente.

Ein sta utanriksminister
Men sidan utanriksministeren ikkje får ut fingeren, er det no opp til dei folkevalde å redde truverdet til Norge. 12. juni skal Stortinget handsame eit representantforslag frå Venstre, Senterpartiet og SV om atomvåpenforbod. I innstillinga frå utanrikskomiteen heiter det: «Flertallet mener kampen for et internasjonalt forbud mot atomvåpen trenger at flere land påtar seg en aktiv pådriverrolle. Norge bør være blant disse landene.» Alle parti, utanom Høgre og Frp, har allereie klare vedtak om at dei stør eit forbod. Me bør ikkje la ein sta utanriksminister og ei motvillig mindretalsregjering få fullmakt til å setje Norge på sidelinja når verdas kanskje aller viktigaste nedrustningstraktat skal framforhandlast.

Det har tradisjonelt vore regjeringa sitt såkalla prerogativ å styre utanrikspolitikken i Norge, men den skal til gjengjeld vere godt forankra i Stortinget. Når eit fleirtal av dei folkevalde tydeleg ynskjer eit forbod, akkurat som 8 av 10 nordmenn ynskjer det, burde det vere sjølvsagt at regjeringa fylgjer opp.

Alle parti, utanom Høgre og Frp, har allereie klare vedtak om at dei stør eit forbod.

Militaristisk logikk
Arbeidet med atomnedrustning har i snart 70 år lidd under ein slags diplomatisk kolonialisme, der ei handfull statar har tvunge sin eigen militaristiske logikk på resten av verda. No krev derimot ei rekke atomvåpenfrie statar makta si attende, for å skape grunnlaget for ei sårt tiltrengt juridisk bindande avtale om å forby atomvåpen.

«Demokratiet har komme til atomnedrusting,» som Costa Rica sa det under NPT-konferansen. Men har demokratiet komme til norsk utanrikspolitikk?

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.