Tru og vitskap i den økonomiske presteklassen

Pengar er gud. Marknad er frelse. Økonomifaget teologi.

Foto: Anthony/Flickr
Foto: Anthony

For tida argumenterer økonomane i EU for at Hellas må betala tilbake låna sine gjennom statleg måtehald. Dei vil helst verta sett som vitskapsmenn med nøytrale innspel. Når norske økonomar går ut og kritiserer eigedomsskatt eller tollmuren mot utanlandske matvarer, baserer dei seg òg på økonomifaglege utrekningar og «harde fakta». Men handlar eigentleg moderne økonomi om vitskap, eller er økonomifaget fullt av normative vurderingar kring korleis samfunnet helst skal vera?

Pengar er gud. Marknad er frelse. Økonomifaget er teologi. Meir eller mindre direkte samanlikningar mellom religion og økonomi er eit utbreidd retorisk verktøy i mange debattar. Naomi Klein, Thomas Piketty, Paul Krugman, Joseph Stiglitz, Pave Frans, Erik Reinert og Bent Sofus Tranøy er mellom dei som har nytta slike samanlikningar i løpet av dei siste få åra. Den tyske filosofen Walter Benjamin skreiv om kapitalismen som religion allereie i 1921.

Religion som skjellsord
Ingen av dei nemnde har meint det godt. I den sekulære moderniteten er det ikkje populært å verta samanlikna med religion. Me forbind religion med bakstreverskhet, blind tru og mangel på opplysing, så samanlikningane vert i praksis ofte opplevde som fornærmingar. Men ligg det noko meir bak dei? Går det an å faktisk forstå økonomi som religion – brukt som eit analytisk omgrep – ikkje berre som eit skjellsord?

Det er ikkje noko ibuande negativt med omgrepet religion, slik til dømes religionssosiologen Thomas Luckmann definerer det. For han er religion eit nøytralt omgrep som vert nytta for å forstå kva som gjev oss meining i livet. I likskap med økonomen Robert Nelson meiner eg at økonomiske ideologiar i dag har ei slik rolle i endå større grad enn tradisjonell religion. Nelson kallar økonomi for «sekulær religion», og ser på fagretningar i økonomi som religiøse grupperingar som ofte kan vera i teologisk konflikt med einannan.

Det er ikkje noko ibuande negativt med omgrepet religion.

Forvrengt vitskap
I økonomisk teori eksisterer det sjølvsagt ikkje nokon overnaturleg personifisert Gud. Likevel kan pengar eller marknaden passa inn i guddommelege roller – og økonomisk balanse eller utslettinga av ressursknappheit kan forståast som ei form for utopisk himmel.

Om me ser på dei økonomiske ideologiane som har størst makt i dag, er det hovudsakleg snakk om forskjellige typar kapitalisme. Kvar av dei føreskriv ulike gradar av kontroll over marknaden for å oppnå det best tenkelege samfunnet. Til tross for dei store skilnadane mellom teoriane, klarer økonomar å konstruera illusjonen av at det dei gjer, er verdinøytral vitskap.

Det religiøse i økonomien gjer økonomifaget langt mindre fleksibelt enn «ekte» vitskap. Medan vitskap må endrast når ny kunnskap kjem fram i ljoset, byggjer økonomiske teoriar på ideologiske doktrinar som har vist seg å vera svært motstandsdyktige mot nye empiriske bevis.

Det religiøse gjer økonomifaget langt mindre fleksibelt enn «ekte» vitskap.

foto
Har fornærma økonomar: Naomi Klein. Foto: David Shankbone

Eit uforanderleg kosmos
I Max Weber sitt klassiske sosiologiske verk Den protestantiske etikk og kapitalismens ånd skriv han at notidas kapitalistiske økonomi er eit enormt kosmos som individet vert fødd inn i, og som presenterer seg til han som eit uforanderlig system. Det at økonomien utgjer eit kosmos som for oss vert opplevt som uforanderleg, er heilt sentralt når ein ser sosiologisk på korleis økonomien fungerer som religion. I Den samfunnsskapte virkelighet forklarer sosiologane Peter Berger og Thomas Luckmann korleis samfunnet skapar menneska samstundes som menneska skapar samfunnet. Skikkar og institusjonar vert likevel forstått som så naturlege at menneska gløymer sitt eige forfattarskap av den sosiale røynda. Den dagligdagse verda som me alle er med på å skapa, vert tingliggjort heilt til ein ikkje lenger kan sjå alternativ til måten samfunnet er organisert.

Det er berre sånn det er, og sånn det må vera. Slik har økonomien over tid vorte sementert som noko større enn oss, noko menneska ikkje lenger har makt til å kontrollera.

Alle forstår at moral er involvert i ei rekkje politiske stridstema – frå klesproduksjon og oljeutvinning, til landbrukssubsidiar og utanlandsgjeld. Men få økonomar er opne om at løysingane dei foreslår i form av teoriar, mest av alt kvilar på moral, ikkje vitskap. Når ein ser økonomifaget som religiøst, kan ein betre forstå korleis det har oppnådd å overtyda så mange så fullstendig om kva framgang, sanning og frelse er. Moralen i økonomien er ofte så løynd at svært få tenkjer over den. Økonomisk ideologi er likevel alltid eit moralsk prosjekt, som krev defineringsmakt over kva det gode er. Kvar økonomiske ideologi har eit eige bilete av kva frelse er, og kvar teori tilbyr ein veg mot denne frelsa. Dette er sosiale funksjonar som tidlegare oftast var utført av tradisjonelle religiøse institusjonar, men økonomien har teke over rolla som leverandør av hierarki for ultimat meining og transcendente utopiar.

Økonomisk balanse kan forståast som ei form for utopisk himmel.

Det spesielle med økonomien
Sjølvsagt finst det økonomisk teori bygd på vitskaplege premissar, og mange økonomar gjer godt arbeid, det er både eg og Robert Nelson einige i, men økonomifaget på eit høgare nivå har vorte noko heilt anna enn vitskap. Økonomien som heilskap er styrt av teoretiske strømmingar innan faget. Desse leier til gjennomføring av politikk som er basert på deira eigne versjonar av økonomisk sanning.

Kva med til dømes psykologi og statsvitskap? Kan ikkje dei like gjerne sjåast som «moralske prosjekt» og religionar? Jau, ein kan ikkje nekta for at dette òg kan gje friske perspektiv. Likevel: Det som skil økonomi frå desse, er økonomifagets enorme makt, utbreiing og posisjon som leverandør av ultimat meining til mange menneske. Der det ligg potensial i mitt eige fag, sosiologi, for at det kan utvikla seg noko som liknar religion, har det i økonomien allereie utvikla seg ein høgst reell religiøs dynamikk, og innflytelsen på statar, selskap og individ som følgjer økonomiske doktrinar, ser ut til å vera endå større enn innflytelsen til tradisjonell religion, for ikkje å snakka om samfunnsvitskaplege idear.

Religiøse konfliktar
Korleis kan me så diagnostisera verda i dag ut frå dette? Me må snakka om økonomiske religionar i fleirtal, kor nyliberalisme og sosialdemokrati kan sjåast som ulike grupperingar i eit spekter av kapitalistiske religionar. Marxistisk sosialisme vert då ei avgreining som ligg fjernare frå desse to, men like fullt har eit eige utopisk mål om å skapa himmel på jorda gjennom økonomi.

Den sosialistiske religionen er liten, både i Noreg og på verdsbasis, og den har mista mange følgjarar både på grunn av mislukka prosjekt og profetar, og eksplosjonen blant dei kapitalistiske religionane. Blant desse har den sosialdemokratiske stort sett vore statsreligion i Noreg. Med sterk tru på presteklassen økonomane, og lite teologisk ansvar hjå lekfolk, trur ein på ein egalitær utopi, kor frelsa kjem ved å styra økonomien for å hindra at den kjem ut av kontroll.

Den nyliberalistiske utgåva av kapitalismen er kanskje mest i vekst i vår tid. Denne religionen ser den frie marknaden som einaste rette veg til frelse, og kvar og ein si naturlege drift til å handla rasjonelt og nyttemaksimerande er drivkrafta i denne marknaden. Den teologiske krisa som kom ved finanskrisa, ser ikkje ut til å ha hindra nyliberalismen nemneverdig. Både dei sterkaste regjeringane i verda og dei store internasjonale økonomiske organisasjonane er sterkt påverka av denne trua.

Det seier seg sjølv at konfliktar mellom ulike økonomiske religionar ikkje let seg løysa enkelt, då dei ulike sidene har fullstendig ulike syn på røynda. I Europa i dag kjemper Hellas for Keynesianistisk ideologi, noko som for mange i Noreg ikkje alltid verkar heilt urimeleg. Men motkonjukturpolitikken Hellas ber om å føra, er ikkje berre håplaust avleggs, men fullstendig blasfemisk i nyliberalismen sine auge.

… like vitskaplege som bergpreika, ispedd litt grafar og framandord.

Kampanje mot Storbritannias statsminister David Cameron. Foto: Byzantine_K
Kampanje mot Storbritannias statsminister David Cameron. Foto: Byzantine_K

Frelse for kven?
Poenget med ei slik forståing av verda er ikkje å fornærma økonomar eller latterleggjera teoriane deira. Poenget er at me ikkje lenger ser kva slags makt økonomiske ideologiar vert tildelt. Me har gløymt at økonomar baserer faget sitt på moralske vurderingar, ikkje nøytrale tal og etisk uavhengige grafar. Me kan ikkje lenger la udemokratiske overnasjonale organisasjonar styra politikken i verda, basert på vurderingar som er like vitskaplege som bergpreika, ispedd litt grafar og framandord. Det er ikkje berre misforstått teknokrati ute av kontroll. Det er økonomisk teokrati, der den nyliberale Mammon vert gud og eineherskar.

Den frie marknaden frelsar dei færraste. Den kjem ikkje til å bringa himmel på jord verken for grekarar, asiatiske syersker, miljøflyktningar, norske bønder eller den jamne forbrukar. Det er ein religion for dei sterke, for presteklassen og profetane. Det me treng, er ein økonomi som let alle vera med på den teologiske diskusjonen kring det moralske grunnlaget me vil byggja marknadane våre på. Politiske spørsmål må bestemmast av kva moralske standpunkt demokratiet stemmer fram. Økonomifaglege vurderingar skal ikkje ha høve til å overstyra demokratiske prosessar. Økonomifaget og økonomien som heilskap har vakse ut av det vitskaplege og vorte noko større, mektigare, og langt meir problematisk enn kva den bør vera, og det er viktig at folk ser dette og arbeider mot utviklinga.

Me må synleggjera religionen i økonomien for å forstå at ein skal vera minst like forsiktig med å høyra på ein økonom som på ein prest eller heksedoktor.

Litteratur:
Berger, Peter og Thomas Luckmann (2000): Den samfunnsskapte virkelighet. Bergen: Fagbokforlaget
Luckmann, Thomas (2004): Den usynlige religionen. Trondheim: Tapir akademisk forlag
Nelson, Robert H. (2001): Economics as Religion – from Samuelson to Chicago and Beyond. University Park: Pennsylvania State University Press
Weber, Max (1976): The Protestant Ethic and the Spirit of Capitalism. New York: Charles Schribner’s Sons

Denne artikkelen er basert på masteroppgåva Economy As Religion.

Forsidefoto: Thierry Ehrmann/Arturo Espinosa (modifisert)

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.