Roma utanfor murane

Romas grunnleggere, brødrene Romulus og Remus, er på flyttefot på en mur i Roma. Flyktninger og migranter fra Afrika blir kjeppjaget gjennom byen mens de er fanget i limbo. Foto: Kristin Sørsdal

Skrivebordet i Roma flyt av notatar. I fleire veker har me prøvd å sette oss inn i dei komplekse og kaotiske mekanismane som styrer italiensk migrasjons- og flyktningpolitikk. Me har verkeleg prøvd å finne dei reelle tala som skjuler seg under retorikken om invasjon. Me har prøvd å sette oss inn i logikken til innanriksminister Matteo Salvini, visestatsministeren som kallar seg Il Capitano og som ofte opptrer offentleg i uniformene til ordensmakta: brannkonstabel og politibetjent. Salvini har sett seg føre å reinske opp i Italias mangeårige, brokete menneskeflokk ved hjelp av politimakt, innesperring, heimsending og innstramming.

Me har prøvd å sette oss inn i logikken til innanriksminister Matteo Salvini, visestatsministeren som kallar seg Il Capitano og som ofte opptrer offentleg i uniformene til ordensmakta.

Reglar og tal i brokete rekkefølgje
Punkt ein: Å flykte/ emigrere frå Afrika til Europa på lovleg måte har blitt nær sagt umogleg om ikkje gjennom asylsystemet. Punkt to: I Italia er omlag 3 av 1000 innbyggarar flyktningar, i Norge er 11 av 1000 flyktningar, i Tyskland og Sverige omlag 24, i Tyrkia 44, i Hellas 3. Årsak: Det blir gitt færre asyl, og eit fåtal av dei som har 60 til 90 prosent sjanse til å få asyl i eit anna europeisk land, blir verande i Italia/ Hellas ettersom utsiktene til eit godt liv her, er låge.

Punkt tre: Italia har eit relativt stabilt tal på litt under 600 000 papirlause utlendingar. Av desse er halvparten europeiske. Av den ikkje-europeiske delen finst det mange frå Bangladesh, og også frå Kina, Pakistan, Nigeria, Senegal, Gambia. Av totalen har mange barn som er fødde og som går på skole i Italia. Ettersom landet ikkje toler så mange menneske utan rett til helsevesen, kvitt arbeid og bustad, har Italia heilt sidan 1982 hatt så kalla masse-amnesti med toppår i 2002, 2006, 2007 og sist i 2009, då lengebuande papirlause er blitt gitt opphaldsløyve. Punkt fire: Det stabile talet på busette utlendingar med opphaldsløyve er fem millionar. Om ein tar med dei som har statsborgarskap, migrantar/flyktningar som er i transitt, papirlause eller i asylprosess, er talet seks millionar. Omlag ni prosent av det totale innbyggartalet. Me kan samtidig ta med at talet på eldre italienske statsborgarar over 70 år, og som bur aleine, vil vere fire millionar i 2030.

Ei ny Tryggings- og migrasjonslov hausten 2018 fjerna mellom anna eitt av tre opphaldsløyve i asylsystemet: opphald på humanitært grunnlag.

Punkt fem: Landet har, som Ungarn, ei flukt av unge til utlandet. Punkt seks: Landet har ein stor svart økonomi. Landsforbundet for handtverkarar og små bedrifter anslår i januar 2019 at det finst 3,3 millionar usynlege arbeidarar i Italia, og eit tap på 43 milliardar euro i skattepengar, som kjem i tillegg til anna underrapportering, og ein er oppe i eit tap på 110 milliardar til statskassa, det høgste i Europa. Punkt seks: I berre Roma bur 12 000 menneske i okkuperte hus eller så kalla brakkebyar. Denne brokete menneskeflokken er frå ulike land, også Italia, og mange er familiar. Dei fleste bygningane som er okkuperte i Roma, omlag 90, er tidlegare offentlege bygg eller fabrikkar som har stått tomme i lang tid.

To stemmer, to synsvinklar
Grovt skissert klarer me å fange opp to alternative synsvinklar på utfordringa over dei tre vintermånadane me er i Roma. Regjeringas framgangsmåte er på hurtigast mogleg måte å vise til synlege og konkrete resultat, og innanriksminister Salvini deler grovt skissert den brokete menneskeflokken opp i to grupper: lovleg/ ikkje lovleg migrant og italienar. Ei ny Tryggings- og migrasjonslov hausten 2018 fjerna mellom anna eitt av tre opphaldsløyve i asylsystemet: opphald på humanitært grunnlag, i tillegg til å heve terskelen for å få asyl. Etter innføringa har det blitt gjennomført tallause utkastingar av migrantar/ papirlause/ flyktningar frå asylmottak som så blir nedlagde, frå okkuperte hus, frå forfalne fabrikkruinar, frå brakkebyar og teltleirar.

Innanriksministaren understreker dessutan igjen og igjen at prosessen med å få i stand avtaler med afrikanske leiarar om heimsending, er på eit godt punkt. I motsetning til Noreg, som er det landet i Europa som har høgast uttransporteringseffektivitet med 46 667 uttransportar sidan 2013, eit tal som rommar alt frå Dublin-returar til assistert retur til bortvising og utvising, har Italia eit gap mellom dei som har fått retur-vedtak og dei som faktisk blir sende ut av landet.

«Utlendingar har ikkje skulda for ein arbeidsmarknad med skjøre rettar, for eit tap på 110 milliardar i skattar og avgifter kvart år, korrupsjon og arbeidsløyse».

I perioden 2013 til 2017 var uttransporteringsprosenten på 20 prosent. Med eit tal på ein halv million papirlause i landet, nye som kjem over Middelhavet, i tillegg til Dublin-returar frå europeiske land i nord og låg uttransporteringseffektivitet, er kritikarane samde i ein ting: Dei fleste som blir tatt i ein tilfeldig politikontroll eller kasta ut av eit mottak/ okkupert hus/ skur/ telt og enten blir sperra inne i 40 til 60 dagar i eit CPR, Lukka mottak for lengre opphald og heimsending, eller berre får eit utvisningspapir i handa, kjem aldri til å bli sende nokon som helst stad anna enn inn i ein brutal sirkel av kontroll, audmjuking, utkasting og midlertidig innesperring.

Synsvinkel to
Det er niande februar, sola skin etter mange veker med regn og guffent vêr i Roma, og på plassen utanfor Lateran-kyrkja, like innanfor byporten San Giovanni, vaiar banner i blått, grønt, kvitt og raudt. Dei tre største landsforbunda, Cgil, Cisl og Uil, har klart å gå saman om ei massemønstring mykje takka vere den nye leiaren for Italias største fagforbund Cgil, Maurizio Landini, som tar over for Susanna Camusso.

To hundre tusen menneske frå heile Italia og ein atmosfære av lette og håp. Både Camusso og Landini understreker i glødande taler at ein ikkje kan gjere migranten til syndebukk for vanstyre, arbeidsløyse og fattigdomsproblem i Italia. Dei deler slett ikkje inndelinga til Matteo Salvini og slagordet Italienarar først. Maurizio Landini: «Dette slagordet legg lokk på djupare, mykje meir komplekse problem. Utlendingar har ikkje skulda for ein arbeidsmarknad med skjøre rettar, for eit tap på 110 milliardar i skattar og avgifter kvart år, korrupsjon og arbeidsløyse. Skulda ligg i ein politikk som har marknadsprofitt, og ikkje menneske i sentrum. Det talet som bør uroe oss mest, er det høge talet på unge, utdanna menneske som rømmer frå Italia …» Og Susanna Camusso: «Arbeid er kompasset me må navigere etter, der ligg kjelda til forandring. Leve ei samla fagrørsle».

«Det talet som bør uroe oss mest, er det høge talet på unge, utdanna menneske som rømmer frå Italia…»

Slagord eller menneske
Me er på skuggesida av Roma Tiburtina-stasjonen, på ein anonym og bortgøymd busshaldeplass som stort sett berre flyktningar i transitt gjennom Roma kjenner, og frivillige som deler ut mat, klede og informasjon.

– Dei kom i går, seier fransklærar Myriam som er sjølvoppnemnd koordinator i den romerske mottaks-jungelen for flyktningar og migrantar i transitt, retur eller statisk ventetilstand.

– Verkeleg? Frå Sicilia? Dei 265 eritrearane frå båten i Pozzallo som me las om i desember? seier me, og kryssklipper likesæla over nok eit avisoppslag frå Middelhavet med huda, fingrane, auga, den snørrete nasen og trutmunnen til babyen som no sit på armen til mor si.

Nokre mottak blei stengde, andre blei forlate av leiinga frå den eine dagen til den neste og overlate til seg sjølve, andre opna på nytt under nye eller gamle namn.

– Mange er allereie på veg mot nord, til Ventimiglia og grensa, seier Myriam på italiensk mens ho samtidig forklarer ein gut (21) frå Mali, på eitt av to morsmål, fransk, at det ikkje finst andre mottak for han enn Tilflukt-frå-kulda-plassane, enten på golvet på Garbatella og Tiburtina-stasjonen eller, om han er heldig, 22.00-til-08.00-plassane hos Caritas. Så snur ho seg til Suad og seier noko på arabisk, og pur unge Suad seier det vidare til den eldre syraren som ho spøkefullt kallar bestefar, som er Dublin-retur frå Frankrike og nyleg sgomberato, kasta ut, frå staden han budde på i Roma, og som no får ein kaffi mens han forvirra ber om hjelp til å ringe familien i Tyrkia.

Den romerske mottaksjungelen
Me skjøner det langsamt. Det tek faktisk nokre år. Jungelen av eksisterande og ikkje-eksisterande førstemottak (CPA), andremottak (CARA), asyl- og integreringsmottak (SPRAR), mottak for lengre opphald og heimsending (CPR), er lite oversiktleg. Også fordi dei stadig skiftar namn. CPR heitte til dømes CIE, Mottak for identifikasjon og ekspulsjon, fram til 2018. Etterdønningane frå korrupsjonsskandalen i 2014, den så kalla Mafia Capitale som avslørte samarbeid mellom mafia og toppar i Romas bystyre om mellom anna drift av kommunale tenester som asylmottak, gjer det ikkje lettare: Nokre mottak blei stengde, andre blei forlate av leiinga frå den eine dagen til den neste og overlate til seg sjølve, andre opna på nytt under nye eller gamle namn.

Me ser gråvêrsfoto på internettet av unge afrikanarar med trillekoffert, politi og soldatar, bygningsskjelett og søppel i bakgrunnen.

Like lite oversiktleg er jungelen av bygningar, omlag 90, som står på utkastingslista til Roma kommune denne vinteren. Me skjøner etterkvart at det meste av jungelen ligg utanfor dei aurelianske murane og like innanfor ein annan mur, GRA, il Grande Raccordo Anulare, den store ringvegen som utan avbrot dannar ein sirkel på 68 kilometer av bildur frå 16 000 bilar dagleg rundt den evige staden.

Omstreifarar eller fritt vilt
Vagano in periferia in cerca di un alloggio, seier Mimmo, pensjonert gymnaslærar i litteratur, og orda hans, «dei streifar omkring i utkanten på leitt etter husrom», vitnar om velvilje og val av yrke. Me har tatt av frå Via Tor Cervara – ein bortgøymd tarm gjennom urban audemark med overraskande tilsynekomstar av eldgamalt jordbruksland – og dei tre herrane, Mimmo, Elio og Nicola, som i dag er ute for å inspisere den fornemme, men falleferdige herregarden frå 1600-talet i Aniene-parken, er meir urolege for tilstanden til det verneverdige huset og tårnet like bak, enn for ryktet om at migrantar har søkt ly der inne. Det er likevel eit stort hinder for arbeidet deira som frivillige kulturminnevernarar, at nokon har bytt hengelås på porten og at dei dermed ikkje kjem seg inn.

Like før krysset til Tor Cervara står to afrikanske gutar og hutrar på ein busshaldeplass. Bak dei ligg bygningsskjelettet frå fotografiet på internett.

Januar-utkastingane har vore intense. Særleg i området rundt Tor Cervara. Me ser gråvêrsfoto på internettet av unge afrikanarar med trillekoffert, politi og soldatar, bygningsskjelett og søppel i bakgrunnen. Me river oss laus frå skjermen, og tar metrolinje B til Rebibbia. Utanfor ligg den svært trafikkerte Via Tiburtina. Me sjekkar gatenummeret på ein stolpe: 961.

Like før krysset til Tor Cervara står to afrikanske gutar og hutrar på ein busshaldeplass. Bak dei ligg bygningsskjelettet frå fotografiet på internett. Via Tiburtina 1040. Me spør om dei veit kva bygningen heiter, dei svarer tonlaust: Fabbrica di penicillina. Me står altså utanfor spøkelsesfabrikken som på femtitalet var ein av Europas største penicillin-produsentar med 1600 tilsette, som så gjekk konkurs og skulle gjerast om til hotell, som deretter stod tom bak dei høge murane sine fram til 2012, då delar av muren forsvann grunna utbygging av Via Tiburtina med det resultat at fleire bustadlause flytte inn, noko som i sin tur har ført til den eine utkastingsaksjonen etter den andre, særleg dei siste åra. Dei to er lite interesserte i å svare på spørsmålet om også dei budde der inne, endå mindre å bli tatt foto av.

– For to veker sidan, før politiet kom, seier dei motvillig.

– Og no?

– No jagar dei oss frå stad til stad, seier gutane som er frå Senegal og Mali, og knapt 22 år.

Fritt vilt
John står i krysset og ventar på ringbuss 437: Rebibbia-Tiburtina-Tor Cervara-Tor Sapienza-Tiburtina-Rebibbia. Han er 19 år, frå Nigeria, og svarer motvillig, først på italiensk, så på engelsk. Han seier det er umogleg å gå til fots: – Ta same buss som meg.

Då bussen kjem, seier han at me kan sjå, skrive, stille spørsmål, men det han no går gjennom, midt i Europa, kjem me aldri til å forstå. Han forstår det knapt sjølv.

Me nøler, området er utrygt, skitent. Då bussen kjem, seier han at me kan sjå, skrive, stille spørsmål, men det han no går gjennom, midt i Europa, kjem me aldri til å forstå. Han forstår det knapt sjølv.

– Sjå på oss!

Halve bussen er afrikanske menn og gutar. Mange sit og halvsøv. Dei slitne ansikta deira er urovekkande. Bussen stoppar midt i ein sving og alle går av. Krattskog og søppel på den eine sida, ein aude og overgrodd parkeringsplass som ligg rett under ringvegen, GRA, på den andre. John snakkar og orda hans går frå å vere motvillige og korte til ein slags tillit, som mot slutten av samtala vender tilbake til sinne, og noko me trur me skimtar som tilbakehalden gråt i auga og brystet hans:

– Eg kjem til å døy i Italia. Politiet kom til fabrikken, så til bygget i Via Tallone og Via Costi. Eg er redd. Eg søv berre om dagen. På bussen. Sjå på meg!

Me seier naivt at han burde reise til ein annan stad utanfor Roma.

– Kvar morgon må eg møte på politikammeret i Tor Vergata og underteikne eit papir. Korleis kan eg dra! Trur du eg vil i Rebibbia eller Regina Coeli?

At guten må møte kvar dag på eit politikammer, er truleg del av den nye deportasjonspolitikken: Me har ikkje kapasitet til å stenge deg inne i eit CPR eller returnere deg, men inntil vidare kan me gjere livet vanskeleg for deg, skape kaos og grobotn for migranthat.

Me må tenke lenge før me hugsar at Rebibbia og Regina Coeli er namna på dei to store fengsla i Roma. Me ser på han, han er seks år yngre enn sonen vår, me spør om han har kontakt med mor si. Han seier ja, kvar veke. Me seier unnvikande at han burde be politiet gi han hjelp til å dra heim til Nigeria. Han seier:

– Du veit ingenting! Det einaste politiet seier til oss, er: Vai via … Gå vekk …

Me skjøner kva han meiner, den likeglade ha-deg-vekk-politikken, akkompagnert av eit vift med handa, har, av det me har erfart, aner mange tiår tilbake. At guten må møte kvar dag på eit politikammer, er truleg del av den nye deportasjonspolitikken: Me har ikkje kapasitet til å stenge deg inne i eit CPR eller returnere deg, men inntil vidare kan me gjere livet vanskeleg for deg, skape kaos og grobotn for migranthat. Ei annan sak er å skjøne for alvor kva som er i ferd med å skje med denne unge guten. Kva me sjølv har framfor auga og lar skje, berre fordi me kan sette merkelappen «Nigeria», «arbeidsmigrant» og i verste fall «svart», på ein unggut som er fire år yngre enn sonen vår. Berre fordi me kan seie: Du skulle ha visst betre før du drog frå Afrika til Europa.

Afrika og Roma
Me leiter etter eit punkt alt stråler ut frå. Den kvite Mussolini-bautaen i blankpussa marmor utanfor Olympiastadion? Dei høgreekstreme partia Forza Nuova med slagordet Italia agli italiani, Italia til italianerar, og CasaPound, som definerer seg som ”fascistar av det tredje tusenåret”? Den lange rekka av spotske ytringar på buss, metro og fortau denne vinteren, retta mot menneske frå land sør for Sahara? Boka Roma negata, «Det fornekta Roma», av den italo-somaliske forfattaren Igiaba Scego, og den lange lista av hovudstadsmonument som framleis hyllar den fornekta kolonitida? Visestatsminister Luigi Di Maio som skuldar fransk nykolonialisme for å vere årsak til utvandringa frå vest-afrikanske land som Senegal, Mali, Niger med fleire, utan å nemne italiensk imperialisme og kolonipolitikk i Somalia, Eritrea, Etiopia og Libya?

Visestatsminister Luigi Di Maio skuldar fransk nykolonialisme for å vere årsak til utvandringa frå vest-afrikanske land som Senegal, Mali, Niger med fleire, utan å nemne italiensk imperialisme og kolonipolitikk i Somalia, Eritrea, Etiopia og Libya.

Koloniherrementalitet?
Igiaba Scego, som me møter i Via Pigneto ein dag i februar, og franske Myriam på utdelingsstasjonen bak Roma Tiburtina, er einige: Det er nok å sjå seg omkring og samanlikne med Frankrike, Tyskland, dei skandinaviske landa, i Italia er integrering på eit botnnivå.

– I Frankrike er det vanleg å sjå svarte og kvite i same jobb, på tannlegekontoret, bak kassa på supermarknaden, men i Italia? Det er nok å sjå seg omkring, slår Myriam fast etter fire år som frivillig for den romerske organisasjonen Baobab. Ein NGO som sidan 2002 særleg har tatt imot unge eritrearar i transitt, ei gruppe som tidleg har skjønt at dei ikkje kan vente seg stor gjestfridom frå dei tidlegare koloniherrane sine.