Reproduksjon om ulikskap

Thomas Piketty står tilsynelatande bak alle dei ulike syna på økonomisk ulikskap, fordeling og skatt i den norske debatthausten. Ein kyniker vil hevda at den norske ulikskapsdebatten også handlar om posisjonering blant tankesmiar og tidsskrift, som har overteke rolla til dei politiske partia som arena for politisk idéskaping. Store delar av debattinnlegga har vore forsøk på å ta Pikettys tesar til inntekt for eigne idear. Vi har blitt introdusert for ei rekkje ulike Piketty-ar.

Her kan du kjøpe tegneserieboka «Piketty på 1-2-3: Kapitalen i det 21. århundre tegnet og forklart», utgitt av Manifest Tidsskrift og Forlaget Manifest.

Agendas Piketty vil ikkje tilbake til Downtown Abbey. Res Publicas Piketty er først og fremst ein oppfølgjar til boka Ulikhetens pris, av Kate Pickett og Richard Wilkinson. Manifest Tidsskrifts Piketty er ein teikneseriefigur. Likevel er det Civitas Piketty som er kaktusen i den norske Piketty-floraen. Denne Piketty-en meinar mange ulike ting, til dømes at ein bør auke den økonomiske veksten for å utjamne ulikskap. Kristin Clemet og Marius Doksheim, fagsjef i Civita, har skrive uttallege debattinnlegg om Thomas Piketty i år. Innlegga har titlar som, «Misvisende om Civita og Piketty», «Feil om Civita og Piketty», «Nye feil» og «Fortsatt overflatisk fra Lerø».

Minervas Piketty
I den siste utgåva av Minerva møter vi ein mindre konfronterande og defensiv Piketty. Dette er heilt klart ein høgreside-Piketty, men han er meir undrande og usikker på si rolle i den norske ulikskapsdebatten enn det Civitas Piketty er. Han likner såleis litt på Minervas eigen redaktør Nils August Andresen, som i leiaren ønskjer seg at høyresida gjer noko meir enn berre «å avvise Piketty».

Allereie på framsida slår Minerva fast at ulikskap har kome for å bli. Historisk sett er dette korkje nokon ny eller ukjend konklusjon frå høgrehald. Men no har altså debatten om ulikskap også kome for å bli, takka være Piketty. Høgresida har hamna på defensiven om ulikskap, og når Andresen difor oppfordrar til å snakke meir om ulikskap, aukar forventingane til den solide høgresideinstitusjonen som Minerva er. Men kva snakkar dei om når dei no snakkar om ulikskap?

I den obligatoriske referansen til Edmund Burke i Andresens leiar, blir det vist til den konservative kongstanken om ulikskap: omtanken for fattige. Går vi langt nok tilbake i tid vil det først og fremst vere privat velvilje som drar menneske opp frå fattigdom. Andresen nemner, truleg som den første i den norske ulikskapsdebatten, at sosialt entreprenørskap og allmennyttige stiftingar bør vere ein del av løysinga. I tillegg til aktiv politikk, sjølvsagt.

Tor Grenness bidreg med en balansert og god drøfting av ulikskap og kvifor den ikkje bør vere for stor, mellom anna på grunn av tillit og økonomisk vekst. Anbefalingane hans er konvensjonelle: ein viss omfordeling og sterkare satsing på utdanning. Dette er grunnleggjande standpunkt som heile høgresida kan stå inne for.

Thomas Piketty er oppteken av arv og formue, men det er tilsynelatande ikkje høgresidas Piketty.

Jan Arild Snoen skriv interessant om ei side ved ulikskapsproblemet som venstresida ikkje har adressert. Den teknologiske utviklinga endrar økonomien og arbeidsmarknaden, og kan føre til eit skilje mellom dei av oss med og utan digital kompetanse. Den gamle frykta for at maskiner vil gjere menneske overflødige, kjem altså tilbake i store mon. Snoen syner her til bøkene Average is Over av Tyler Cowen og The Second Machine Age av Erik Brynjolfsson og Andrew McAfee, der ein spår at ein liten elite vil utgjøre vinnerne mens dei fleste andre vil oppleve stagnerande eller fallande løningar. Eit slikt meritokrati er ikkje pent, i det minste ikkje sett frå venstresida. Spørsmålet som ikkje blir drøfta i Snoens artikkel, er om tesane han nemner er kompatible med Pikettys eller ikkje. For Piketty kommenterar også liknande tendensar i Kapitalen i det 21. Århundre (s. 417-418). Kanskje vil framtida bringe eit kapplaup mellom gamle og nye pengar, som går på kostnad av alle andre – anten dei nye pengane i  hovudsak blir representert av superdirektørar, som Piketty trur, eller superteknologientreprenørar, som Cowen, Brynjolfsson og McAfee trur.

Dersom dei amerikanske forfattarane har rett om at middelklassen blir skvist, ser Snoen for seg ei «kraftig økning i tjenester som fordrer unikt menneskelige egenskaper». I ein norsk kontekst kjenner vi allereie godt til desse tenestane og utlendingane som kjem hit for å utføra dei. Ellen Reiis og Nicolai Strøm-Olsen, medforfattarar av boka Norsk slaveri, vender Minerva sitt blikk mot «det som skjer på bunnen», for der er det nemleg «bekmørkt». Dermed aktualiserast eit anna aspekt ved ulikskapsdebatten: innvandring. Meir innvandring gir økt ulikskap. Utan vilje eller verktøy til å redusere innvandringa, må noko gjerast med den svarte økonomien. Moglege tiltak er å gjere kvite tenestar nesten like billige som svarte, mellom anna gjennom frådrag for oppussing og reinhald, momsfrådrag for privatpersonar eller å leggje om skattesystemet med lågare skatt på arbeid. Trass i at alternativa er klassiske høgretiltak for tilbodssida i økonomien, med middelklassesubsidiar som ein sideeffekt, bør dei vere til stades også i venstresida sin diskusjon om den svarte arbeidsmarknaden.

Arvesynden
Noko av det mest interessante er likevel kva Minerva ikkje snakkar om. Thomas Piketty er oppteken av arv og formue, men det er tilsynelatande ikkje høgresidas Piketty. I Minerva er det ofte avdøde mannlege filosofer som seier det best, og denne gongen skil Aristoteles seg ut med det som kunne ha vore ein god inngang til å diskutere arv: «Man holder mer av penger man har tjent, enn penger man har arvet».

Ein kunne drege fram tradisjon, kontinuitet og det konservative synet på familien som grunnleggjande økonomisk eining som gode argument for å la formuar gå til sine eigne heller enn fellesskapen. I staden går samtalen omlag slik: Redaksjonsmedlem Kristian Meisingset intervjuar Civita-sjef Kristin Clemet, Agenda-nestleiar Kaia Storvik og NHH-professor Alexander Cappelen i ein reportasje om ulike sider ved rettferd og ulikskap, før han til slutt sjølv tek opp temaet arv og postulerer ovanfor lesaren: «At den blå regjeringen reduserer formuesskatten og fjerner arveavgiften, gjør at noen får mer, men ikke at det nødvendigvis er urettferdig. Penger man får fra foreldrene sine, kan fint anses for å være fortjent». Med eitt vart den prepolitiske diskusjonen om ulikskap om til ein monolog.

Debatten er tent med at høgresida vedkjenner at også nedarva pengar er makt.

Så kvifor etterspør vi meir snakk om arv i Minerva? Trass i ein utbreidd oppfatning om høg sosial mobilitet og stadig fleire self-made kvinner og menn i Noreg, kan arv tvert i mot sjå ut til å spele ein stadig viktigare rolle på vegen til rikdom. I boka Elite og klasse i et egalitært samfunn (Universitetsforlaget 2014), tek professor Marianne Nordli Hansen føre seg problemstillinga i kapitlet «Økende makt i økonomiske eliter?».

Der påpeiker ho innleiingsvis at «det finnes svært lite systematisk kunnskap om dem som har de største formuene»; at «svært få sosiologiske studier har vært konsentrert om formue» og at vi har «langt mindre kunnskap om fordelingen av formue enn om fordelingen av inntekt».

For konservative, med sitt uttalte credo om å ikkje sitje på fasiten, bør denne grunnleggjande mangelen på kunnskap om formue i Noreg gjere ein audmjuk. Meisingset kjenner derimot «lettelse», «tar situasjonen med ro» og spør om vi ikkje berre kan «slappe av, da?». Han synar nemleg til undersøkingar om at færre nordmenn enn tidlegare meiner at inntektsforskjellane er for store. Tala til Meisingset stammar for det første frå før Piketty-debatten landa i Noreg, mellom anna ei ISSP-undersøking frå 1992-2009. Undersøkingane dreier seg tilsynelatande berre om inntektsulikskap, som i Noreg er ganske låg og enklare å måle, ikkje formuesulikskap, som er klart størst, det vi veit minst om og det som både er vanskelegast å måle og å ha nokon kvalifisert formeining om. Ut ifrå dette nokså selektive talgrunnlaget meiner han at vi «skal ta folks opplevelse på alvor». Det er alltid bra å ta folk på alvor, til dømes Minerva sine lesarar, som nok kunne fått ei meir balansert framstilling å gjere seg opp si meining ut frå.

Då kan ein igjen anbefale Nordli Hansen, som mellom anna finn ein «sterk sammenheng mellom familiebakgrunn, spesielt foreldrenes formue, og egen rikdom», at de «aller rikeste fremtrer som en klasse av rentenister, med høyere kapitalinntekter enn lønn», og at «betydningen av arv ser ut til å ha økt de siste tiårene». Debatten er tent med at høgresida vedkjenner at også nedarva pengar er makt, og at det meritokratiske idealet møter formidable utfordringar.

Politisk makt
Når vi etterspør meir snakk om arv som opphav til rikdom i Minerva, er det fordi vi også saknar Minerva sitt syn på maktkonsentrasjon som følgje av kapitalakkumulasjon. Piketty gjentek Stein Rokkans gamle mantra om at stemmer tel, men ressursar avgjer. Likevel er maktanalysen ganske fråverande i Minervas nye samtale om ulikskap. Nils August Andresen rørar ved problemstillinga i leiaren sin, men held fram at dette foreløpig ikkje er noko stort problem, då maktspreiing er bra i møte med den sterke norske staten.

I lys av alt det vi ikkje veit om kapitalopphoping og makt, blir det likevel noko upresist: Når blir stadig rikare, reproduserande økonomiske eliter eit demokratisk problem, då? Vi forventar ingen fasit, men håper at Minerva-samtalen om ulikskap held fram på dette punktet.

I Civita sitt trickle down-univers reduserast eit av kjernepoenga til Piketty om maktkonsentrasjon til å ete dei rike, medan fattigdomsbekjempelse blir frakopla omfordeling.

Når høgresida let vere å vende blikket oppover mot toppen av kransekaka, er det av di ein heller vil sjå nedover mot dei på botnen for å betre deira kår. Dette er ein viktig del av ulikskapsdebatten, men den kan fort bli tilslørande. Om vi tillet oss å utvide Minerva-samtalen om ulikskap til den som også går føre på minervanett.no, er det verdt å merke seg Civita-fagsjef Marius Doksheim si hittil siste ytring. Doksheim set motverkinga av fattigdom opp mot det han kallar «rikdomsbekjempelse» og skriv at «mens Piketty er opptatt av de rike, er det enda viktigere at man diskuterer hvordan man bistå de fattigste og folk flest. Det er selvsagt koblinger mellom de to temaene, men ikke alltid». Problemet er at det er uhyre vanskeleg å seie når det ikkje er ein samanheng mellom utjamning for folk flest og nedjamning av rikdom. I Civita sitt trickle down-univers reduserast eit av kjernepoenga til Piketty om maktkonsentrasjon til å ete dei rike, medan fattigdomsbekjempelse blir frakopla omfordeling.

Økonomen Kalle Moene, som har vore med på å lage Gniar-indeksen – eit mål på unaudsynt fattigdom i kvart land – illustrerer utviklinga slik: Det Doksheim kallar ein «formidabel fattigdomsreduksjon» i verda med høgresidas formel, inneber i realiteten at verdas fattige har gått frå ein pose havregryn om dagen (ti kroner) til halvanna (femten kroner). Ein dobling av nesten ingenting er fortsatt nesten ingenting. Moene meiner levekårsforbetringane er «grotesk små» samanlikna med det dei kunne ha vore.

Reproduksjon om ulikskap
Ulikskapsdebatten er på mange måtar innpakka i venstresidas premissar, og den norske høgresida ser ikkje ut til å akseptere alle av dei. Det er det sikkert gode ideologiske grunnar for å la vere. Samtidig er debatten mest konstruktiv når det blir gjort greie for kvifor visse premissar blir utelete. Høgresida ser til dømes i all hovudsak på inntektsulikskap – og helst også før skatt. Men ulikskapsproblemet, i den grad det skal vere eit problem, handlar om konsentrasjonen av både inntekt, formue og arv, og konsentrasjonen av politisk makt det fører med seg.

Minerva og Civita er ikkje det same, og kanskje skil Doksheims Piketty seg frå Minerva sin. Men når arv og formue ikkje blir problematisert, og maktanalysen er utelete, er Minervas samtale om ulikskap i stor grad samanfallande med samtalen til Civita. Begge to er samde om at utdanning er viktig, og at ein må fokusere meir på fattigdomsreduksjon enn på rikdomsreduksjon. Det er for all del ein givande samtale, men er det ikkje eigentleg den samtalen høgresida har hatt heile tida? Ulikskap har kome for å bli, det same har debatten, og hos Minerva reproduserast begge to.

 

De andre tekstene i Manifest Tidsskrifts serie om Piketty og ulikhet finner du her.