Meritokratiets problem

Kjernen i Thomas Pikettys bok «Kapitalen i det 21. århundre» kjem til uttrykk i det han kallar Rastignacs dilemma, henta frå Balzacs roman Père Goriot, frå 1835. Den gatesmarte Vautrin rår her den unge, fattige Rastignac frå å studere jus, og heller gå inn for å kapre Mademoiselle Victorine, og slik slå kloa i den omfattande farsarven hennar.

Les Piketty på 1-2-3 eller tegneserieversjonen.

Resonnementet er at sjølv etter mange års hardt arbeid med studiar, og endå fleire år med strev og intrigar som advokat, så vil sjansen for å nå til topps vere liten. Jamvel om Rastignac skulle vere så dyktig og flittig at han gjer stor suksess som advokat, vil årsløna hans vere langt under det han kan få i avkasting på arven til Victorine. Ikkje ein gong den best løna hundredelen var i nærleiken av levestandarden til den rikaste hundredelen i Paris på den tida. Med så stor ulikskap i kapital har ein minimale sjansar til å bli ein del av eliten gjennom utdanning, talent og hardt arbeid.

Les Remi Nilsen om Piketty: «Når arbeid ikke lønner seg»

Pikettys poeng er at ein slik situasjon, der arv løner seg betre enn studiar, har vore det vanlege, og held på å bli det igjen. Det var ein kort periode i etterkrigstida då utdanning var den sikraste vegen til toppen, men no er me snart tilbake til normalen. Me kjem stadig nærare ei verd der det er betre å gå på treningssenter enn å ta utdanning, slik at ein blir attraktiv og kan trekkje til seg ein velståande arving. Alternativt bør ein ta litt utdanning, kanskje noko kreativt eller noko med media, slik at ein blir ein interessant samtalepartnar og på den måten kan trekkje til seg ein velståande arving.

Urettferdig utdanningssystem
Det er tydeleg at Piketty bruker Rastignacs dilemma som eit moralsk lada eksempel. Han reknar det som urettferdig at arv betyr meir enn utdanning, og for mange, særleg akademikarar, er dette innlysande. Men er det så innlysande? Er utdanning ein moralsk sett betre måte å fordele posisjonar på enn familie?

Piketty er dessverre ikkje like klar i normative spørsmål om urettferd som i empiriske spørsmål om ulikskap. Som oftast kviler han på eit ideal om meritokrati: Det mest rettferdige er at evner og innsats avgjer sosial posisjon. Det verkar også som han grunngir meritokrati ut frå den dominerande retninga innan fordelingsrettferd dei siste tiåra, såkalla “luck-egalitarianism”: Akseptabel ulikskap må vere grunna i eigenskapar som ein har kontroll over, ikkje flaks. Det synest å følgje at det er urettferdig at arv avgjer eins sosiale posisjon, sidan familietilknyting er utanfor vår kontroll, medan det er rettferdig at utdanning gjer det, sidan prestasjonar i utdanningssystemet reflekterer evner og innsats. Men er dette riktig?

“Birth and background” avgjer korleis ein gjer det i utdanninga.

Dersom meritokrati tyder at det er evner og innsats som skal telje i samfunnet, så betyr ikkje det utan vidare at det er utdanningsprestasjonar som skal telje. Den opplagte grunnen til det er at ein kan utvikle og utøve evner andre stader enn innan utdanning. Den djupare grunnen er at ein kan utvikle og utøve andre evner enn dei som utdanningssystemet verdset. Når me snakkar om evner, snakkar me alltid om relevante evner. Utdanningssystemet vel ut nokre evner som det løner, og andre som det straffar, og det er eit opent spørsmål om dei evnene som utdanningssystemet favoriserer er dei som bør telje. Difor kan ein vere meritokrat i denne tydinga, men samtidig forkaste utdanning som ein måte å peike ut dei relevante evnene på.

Opphav avgjer
Det er heller ikkje opplagt at utdanningsprestasjonar står i motsetnad til “birth and background”, som Piketty reknar som urettferdige måtar å fordele posisjonar på. Grunnen er sjølvsagt at “birth and background” avgjer korleis ein gjer det i utdanninga. Det siste er noko Piketty sjølv framhevar. Sjølv om utdanning er viktigare no enn på 1700-talet, er samfunnet framleis ikkje meritokratisk, i følgje Piketty, sidan masseutdanning ikkje har auka den sosiale mobiliteten mellom generasjonar. Det er likevel forskjellar mellom land: Mobiliteten er lågast i USA og høgast i Skandinavia. Hovudgrunnen til det er prisen på universitetsutdanning. I den nedste halvdelen av inntektsskalaen i USA får 10-20 prosent høgare utdanning. I den øvste fjerdedelen får nær 80 prosent høgare utdanning, noko som gjer samanhengen mellom foreldreinntekt og utdanningslengde tydeleg. Difor er Piketty tilhengjar av gratis høgare utdanning, som han meiner er eit av dei viktigaste tiltaka for å auke sosial mobilitet.

På same måte som alle andre, har akademikarar ein tendens til å forklare eigne prestasjonar med hardt arbeid og gode eigenskapar, og andre sine prestasjonar med flaks.

Dette vil likevel ikkje løyse alle problem. Piketty refererer her til Bourdieu, og hevdar at subtile sosiale og kulturelle mekanismar gjer at gratis høgare utdanning ofte blir subsidiering av dei allereie ressurssterke, også i skandinaviske land, sidan dei ressurssterke langt oftare tek høgare utdanning. Slike refleksjonar kan leie ein til eit sterkare ideal om meritokrati, som liknar på det John Rawls kalla “rimeleg sjanselikskap”. Ifølgje eit slikt ideal er det ikkje dei faktiske eller utvikla evnene som skal avgjere, men medfødde evner, eller naturleg talent som det ofte heiter i desse diskusjonane. Eit slikt ideal vil krevje at ein nøytraliserer tydinga av oppvekstmiljø, til dømes ved å gi fleire ressursar til barn med mindre heldig bakgrunn. Ved første augekast skulle dette passe godt med det luck-egalitarianske motivet i Pikettys bok: Sidan me ikkje kan velje våre foreldre, er det urettferdig dersom dette skulle avgjere kvar me havnar i samfunnet.

Men no har me hamna ut på eit skråplan som det er vanskeleg å hoppe av. For dersom sosial bakgrunn ikkje skal avgjere kvar ein havnar i samfunnet, kva skal då bestemme? Dersom effekten av sosial bakgrunn skal utliknast fordi me ikkje kan noko for kva familie me er fødd inn i, kvifor skal ein då tillate medfødde evner å påverke utdannningssjansar? Naturleg talent er like mykje flaks som sosial bakgrunn. Denne typen meritokrati liknar difor på eit genetisk aristokrati der det sosiale hierarkiet er basert på biologisk arv. Eit slikt resonnement kan gjere det freistande å ta steget over til kva G.A. Cohen kallar “sosialistisk sjanselikskap”, der ein også søkjer å nøytralisere effekten av forskjellar i naturleg talent. I følgje denne oppfatninga er det mest rettferdig at innsats åleine avgjer kvar ein havnar, sidan dette er det einaste me styrer sjølve. Men det stoppar ikkje her. For det er også rimeleg å anta at innsats og motivasjon er påverka av sosial bakgrunn og genetisk arv. Så kvifor skal ein tillate sosial ulikskap på basis av innsats? Kva kan vel eg for at eg er fødd med genar og foreldre som gjer at eg ikkje klarer å arbeide hardt og lenge?

Personleg ansvar
Me kan rekne dette skråplansargumentet som eit reductio ad absurdum. Frå eit tilsynelatande akseptabelt utgangspunkt, at ulikskap basert på sosial bakgrunn er urettferdig fordi bakgrunnen er utanfor vår kontroll, har me hamna i ein posisjon som mange vil rekne som nær absurd, at me ikkje ein gong kan stillast til ansvar for eigen innsats.

Eit mogleg svar er å nekte for at konklusjonen er absurd. Me er alle offer for krefter me ikkje kan styre, og difor er streng likskap det einaste rettferdige. Akseptabel ulikskap må vere grunna i eigenskapar som me er ansvarlege for, og dersom me ikkje er ansvarlege for noko som helst, finst det ikkje akseptabel ulikskap. Uansett kva ein meiner om dette synet er det uhaldbart for Piketty, sidan han vedgår at ein viss ulikskap, basert på genuint meritokratiske grunnar, kan vere akseptabel.

Eit anna svar er å halde fast på det personlege ansvaret. At prestasjonane mine til sjuande og sist er forårsaka av ytre faktorar er ikkje tilstrekkeleg for å fråskrive meg ansvar. Ein kan haldast ansvarleg for utdanningsprestasjonar, og den sosiale posisjonen desse leier til, sjølv om ein ikkje har kontroll over årsakene til desse prestasjonane. Følgjeleg kan legitim sosial ulikskap vere basert på ulike utdanningsprestasjonar. Problemet er at ein kan resonnere på same vis om arv: Du kan haldast ansvarleg for posisjonen din, sjølv om årsaka til den posisjonen er at foreldra dine var rike og du arva dei, alternativt at foreldra dine var fattige og du ikkje arva noko som helst. Dermed forsvinn også den normative forskjellen mellom arv og utdanning som kjelder til ulikskap.

Dette er sjølvsagt vanskeleg å akseptere for dei av oss, inkludert Piketty, som har lukkast i utdanningssystemet. Akademikarar sin sosiale identitet er nært knytt til intellektuelle prestasjonar, og på same måte som alle andre har dei ein tendens til å forklare eigne prestasjonar med hardt arbeid og gode eigenskapar, og andre sine prestasjonar med flaks. Så når akademikarar reknar utdanning som ein moralsk overlegen måte å oppnå posisjonar på, er det freistande å svare med Mandy Rice-Davies: “They would say that, wouldn’t they?”