Kvinner og kristendom – undertrykking eller frigjering?

Ei kvinne i bøn ved Gravkyrkja i Jerusalem. Foto: Wenchao Wang/ Flickr

Dette er vel kanskje som å banne i kyrkja (men det har eg gjort før – både som ungdom, kyrkjelydsmedlem, og heilt sikkert som utøvande prest og): det monogame ekteskapet var ein gong kvinnefrigjerande. Det same var abortforbodet. Desse tema er likevel populære som kritikkargument frå den politiske venstresida i landet.

Litt personleg historie: På barneskulen spelte vi ofte fotball på grusbana i friminutta. Dette var ein periode av livet der eg som mange andre born var på utsida. Ein dag var det ei jente i klassen som spurte ein motstandar på bana «er du kristen, eller?». Som skjellsord. I redsel for å verta enno mindre likt, turte eg på mange år ikkje å seie at eg trudde på (den kristne) Gud.

I grunn har mi tid på den politiske venstresida og i rockemiljøet vore prega av religionsforakt.

Eg er utdanna teolog. Gjennom det meste av studietida tenkte eg at utdanninga skulle føre fram til presteteneste. Den tanken er for tida lagt på hylla – heldigvis ikkje på grunn av motstanden eg møtte. Eg har tatovert Jesus på eine underarmen, og det kristne symbolet «chi-rho» på den andre. I mine vante kretsar (utanfor kyrkja) er tatoveringar vanleg, men det er ikkje prestar. I grunn har mi tid på den politiske venstresida og i rockemiljøet vore prega av religionsforakt. Eller det er feil. Fordi det er kristendomen som er problematisk, ikkje dei andre religionane.

Eg har vorte slått ned, av ein pønkar, for det eg trur på. Ironisk, når fridom er ein sentral verdi i den opphavlege pønkkulturen. Eg har vorte helde på ein armlengdes avstand, fordi eg ikkje heilt passar inn. Etter kvart har mange gitt meg eit svært eksklusivt unntak frå kristendoms- og presteforakt, men berre «fordi du, Mailiss, du er jo ikkje sånn som dei andre».

Venstresida sitt «problem»
For meg har aldri presset for å dra på skulegudsteneste vore problemet, som mange som snakkar kristendomen ned peikar på. For meg har kristendomen alltid vore det som var unntaket. Som var utanfor. Og difor vert eg ganske forbanna når min eigen politiske fløy ikkje meistrar å la religionsforståinga si famne kristendomen. Kyrkja består ikkje av mørkemenn. Kristendom er kjærleik. Den kristne Gud er kjærleik.

Undertrykking og maktmisbruk ein i dag framleis kritiserer kyrkja for, er del av ei større historie. Der religion gjennomsyra heile samfunnet. Det er ikkje noko anna enn menneske som i dag vil utøve makt og rettferdiggjere alle type middel med eit større mål. Religionen vart misbrukt, ja. Men det er berre det maktsjuke mennesket si skuld. Noko av den «skitne» historia til kyrkja kan vi skulde på «den konstantinske arva» – der den romerske keisaren si politiske og militære makt vart blanda inn i den kristne religionen.

Kyrkja består ikkje av mørkemenn. Kristendom er kjærleik.

Eg og mine politiske feller er vel samde om at andre religionar, slik som islam, er velkomne i det norske samfunnet. Vi har respekt. Vi veit at det finns ekstremisme og undertrykkande mekanismar, men vi er også samde om at dette er kulturbestemd – ikkje naudsynt direkte religiøst. Kan vi ikkje ein gong for alle verta samde om at det same gjeld kristendomen? At kvinner først i førre århundre fekk lov å verta prestar, det er ikkje noko anna enn at teologien før var bygga på eit samfunn som er annleis enn vårt. Det tar tid å endre religiøse retningslinjer. Men det vert gjort. Det såg vi sist i Den norske Kyrkja då det vart vedteke at likekjønna par kan gifte seg i kyrkja. Denne endringa kom berre åtte år etter at den norske stat godtok borgarleg, likekjønna giftemål.

Det er likevel på sin plass med  nokre små presiseringar. For det fyrste, eg meiner ikkje at venstresida tar feil, når dei ynskjer at samfunnet sitt politiske rom skal vere sekulært, eller at religion- og livssynsundervising i skulen skal vere så nøytral som mogleg. Men dei (vi) kan stikke kjeppar i hjula for seg sjølve, om dei ikkje har same respekt for alle religionar. Vitterleg er det lov å kritisere diskriminering om det skjer i kyrkja. Men finns det feil eller manglar i eit trussamfunn, må ein ta debatten på eit religiøst prinsipp. Ingen religion vil endre seg på bakgrunn av «sekulære argument». Venstresida må slutte å ha ei dobbelheit i møte med religion, der eksempelvis Islam og jødedom vert møtt med at dei listar seg stilt på tå, og kristendomen vert tråkka på med harde støvlar.

Venstresida må slutte å ha ei dobbelheit i møte med religion, der eksempelvis Islam og jødedom vert møtt med at dei listar seg stilt på tå, og kristendomen vert tråkka på med harde støvlar.

For det andre, ja, det finns kristne konfesjonar, eller kultliknande kyrkjesamfunn, som opererer med ein svært farleg forståing av den kristne teologien. Det er ikkje dei eg snakkar om i denne teksten. Som i alle religionar og ideologiske overtydingar finns det (diverre) negative unntak.

For det tredje, det finns sjølvsagt enkeltpersonar og rørsler i det kristne Noreg som også identifiserer seg med den politiske venstresida i landet – eg er ikkje den einaste. Det er mange som karakteriserer Jesus som sosialist. Eg kjem likevel ikkje utanom generell, «sårande» språkbruk, som kanskje gjer at det ofte kjenst einsamt for ein kristen i denne politiske fløya.

Ekteskap og abort i oldkyrkja
For å gå attende til ekteskapet og abortforbodet sin kvinnefrigjerande storleik. Då eg arbeida med masteravhandlinga mi, om eit heilt anna tema, kom eg over boka «Constantine – Roman emperor, Christian Victor» av Paul Stephenson. I denne boka fann eg ei påstand, grunna med kulturvitskap, som eg aldri før i teologistudiet eller livet forøvrig hadde kome over. At ekteskap og abortforbod opphavleg var kvinnefrigjerande. Som feminist sette det sjølvsagt tanketannhjula i gong.

Vi er attende til det eg sa tidlegare – at venstresida argumenterer for at ekstremisme og undertrykking av mellom anna kvinner i andre religionar enn kristendomen er grunna kultur, ikkje religionen i seg sjølv. Ekteskapslover og abortforbod i den tidlege, kristne kyrkja var kulturelt tinga. Og det vart innført for å ta vare på kvinner som mangla det meste av både kulturelle og juridiske rettar.

Ved å innføre ekteskap som ein monogam institusjon, var det meir for å sikre kvinner sin situasjon, enn å undertrykke seksualitet. Ved å innføre abortforbod, var det ikkje berre for å moralisere, men for å sikre kvinner sitt liv.

Situasjonen i Midt-Austen, og heilt sikkert i dei fleste andre område, rundt starten på vår tidsrekning, var at kvinner kunne verta brukte av menn. Utan noko som helst sikkerheitsnett rundt seg. Menn fekk ingen sanksjonar om dei hadde fleire seksualpartnarar. Menn kunne forlate ei kvinne som vart gravid, og menn kunne tvinge kvinner som vart gravide til å anten ta abort eller å setje det nyfødde barnet ut i skogen for å døy der. Det var ingenting som heitte «trygg abort», så kvinner stod i ein særskild, vanskeleg situasjon. Om dei vart gravide og barnefaren gjekk frå dei, hadde dei ikkje ein økonomisk ståstad som gjorde det mogleg for dei å bere fram og ta vare på eit barn. Dei hadde heller ingen verkty for å stå i mot tvang frå ein mann om han ville ha kvinna til å ta abort.

Ved å innføre ekteskap som ein monogam institusjon, var det meir for å sikre kvinner sin situasjon, enn å undertrykke seksualitet. Ved å innføre abortforbod, var det ikkje berre for å moralisere, men for å sikre kvinner sitt liv. Det tok tras alt ganske lang tid frå bibelske tider til trygge abortmoglegheiter vart mogleg. Desse reglane som i dag vert sett som kvinnefiendtlege, var tidlegare stikk motsett – i kristne miljø var kvinna tryggare.

Eit anna interessant poeng Stephenson trekk fram, er at kvinnene i seg sjølv var grunnen til den store veksten kristendomen hadde på trehundretalet og frametter. Kvinner vart verdsett av denne religionen, så kanskje vi skal tenkje at dei kjende seg heime heller enn å seie dei vart undertrykka?

Med dette som bakteppe, burde det kanskje vere ei større, historisk forståing for tidlegare abortmotstand, og samstundes leggje til rette for kristen endring av denne motstanden.

Venstresida treng religionsforståing
Abort er eit tema vi sjeldan ser i teologiske debattar her i landet. Vi ser stort sett berre enkeltståande abortmotstandarar som meiner abort er drap på eit menneske skapt i Gud sitt bilete. Ein kulturpolitisk analyse manglar i desse utsegna, og eg saknar ein større debatt. Eg veit lite om abortsynet til dei fleste eg kjenner i kyrkja. Personleg, så er eg for. Men eg trur Stephenson har eit svært viktig poeng – eg trur det ein gong i tida var kvinnefrigjerande.

Med dette som bakteppe, burde det kanskje vere ei større, historisk forståing for tidlegare abortmotstand, og samstundes leggje til rette for kristen endring av denne motstanden. Det same gjeld institusjonaliseringa av parforhold. Sistnemnde ser vi at i kyrkjelege kretsar har fått lov å utvikle seg – der prestar og kristne lev i sambuarskap, og skilsmisse og gjengifte ikkje alltid er problematisk (ja, det finns unntak).

For at desse debattane skal vere mogelege å ta innad i kyrkja, må dei få lov å eksistere på sine premiss utan å verte kjeppjaga av den politiske venstresida.

Men for at desse debattane skal vere mogelege å ta innad i kyrkja, må dei få lov å eksistere på sine premiss utan å verte kjeppjaga av den politiske venstresida. Slik det er i dag, har kyrkja kanskje nok med å forsvare kvinnesyn som faktisk er «up to date», like eins med homodebatten, enn å gripe fatt i nye diskusjonar som treng teologisk refleksjon.

Den norske, politiske venstresida bør ta eit steg attende, og sjå om det finns kulturelle grunnar for element dei kritiserer i kristendomen – på lik linje med deira syn på andre religionar. Vi treng religionsdialog, og vi treng religionsforståing. Det mister vi om ein politisk fløy berre ser ein religion frå utsida, utan å prøve å forstå dens trussystem og -historie. Men når det er sagt, så saknar eg ein større, nyare debatt om ekteskap, og spesielt abort, i kyrkja også.