Bokomtale: Konspirasjonen mot Amerika

Kva viss …?

Philip Roth stiller dette spørsmålet med eit trøkk og eit alvor som får meg til å tenkja på denne boka fleire år etter at eg først las ho.

I romanen Konspirasjonen mot Amerika legg fiksjonen seg tett opp til historiske fakta – om USA på 30- og 40-talet, andre verdskrigen, dei jødisk-amerikanske imigrantmiljøa i New Jersey, politikarar og kjendisar i USA i før- og etterkrigstid. Men eitt sentralt punkt er fiksjon: At Charles Lindberg, flygarhelten, vann det amerikanske presidentvalet i 1941, og ikkje sosialreformatoren F. D. Roosevelt. Lindberg var ein ihuga forkjempar for at USA ikkje skulle bli med i verdskrigen. Han var anti-semitt og meinte kampen for å få USA med i krigen var del av ein jødisk konspirasjon mot Amerika, ei ikkje heilt uvanleg oppfatning i USA på den tida.

I fiksjonen forblir USA nøytralt. Amerikanarane blir i stadig større grad opptekne av «problemet» med jødane: Dei lever i eigne samfunn, praktiserer ein eldgamal religion, har eigne skikkar og reglar, alle temmeleg «u-amerikanske». Raskt kjem kravet om tilpassing til våre felles verdiar. Det endar i, ja … Les boka!

Noko av Roths litterære meisterskap ligg i at det er vi sjølve som trekk dei politiske parallellane – til USA etter 11. september, islamofobi og romhets – og at desse aldri står i vegen for, men er saumlaust samanvevd i ei gripande og klaustrofobisk barndomsskildring. Dette handlar om korleis det kan kjennest å veksa opp i eit samfunn der «diskursen» blir stadig meir polarisert, stadig mørkare, demoniserande, avhumaniserande.

Roth omslag

Av Philip Roth
Aschehoug, 2006
Omsett av Tone Formo