Klassejournalistikk

Munnhellet om at journalistikken er eit ope yrke er sentralt i journalistikkens paternoster, men det er ei lita sanning som skjuler ei stor lygn. Det er sant på to måtar: Journalistikk er ikkje eit yrke med formelle krav til utdanning, og i høve dei fleste andre norske elitar rekrutterer journalistikken sosialt sett nokså breitt. Dei som vaks opp på 1960- og 70-talet hadde til dømes seks gongar større sjanse for å verte lege om eins far var lektor på gymnaset enn ein ufaglært industriarbeidar, og førtifire gongar større sjanse om faren var lege. Til samanlikning var sjansen for å verte journalist tre gongar større for borna av ein gymnaslektor enn born av same arbeidar, 11 gongar større om faren var journalist.[i]

Journalistyrket går i arv
Som dømet viser, må ein likevel ikkje forveksle ei slik formell og relativ openheit med faktisk openheit: Journalistyrket går til ein viss grad i arv frå foreldre til born, og sjansen for å verte journalist aukar tydeleg når ein går oppover i dei sosiale laga. Born av foreldre med typiske lågstatusyrke er nesten fråverande i yrket[ii]. Dei same mekanismane finn ein, berre endå tydligare, i rekrutteringa til dei største statlege journalistutdanningane. Desse, som tradisjonelt har vore snarvegar inn til dei mest prestisjefulle journalistredaksjonane[iii], har lenge hatt nokon av dei høgste karakterkrava i landet, noko som sjølvsagt har bidrege til ein overrepresentasjon av dei sosialt mest privilegerte studentane[v] (dette vert forsterka gjennom den statlege styringa av opptaket, som krev at minst 50 prosent av plassane skal gjevast til studentar under 22 år basert på karakterane frå vidaregåande skule. I denne samanhengen må vi heller ikkje gløyme at om ein i dag blant dei yngste journalistane har ein viss kjønnsbalanse, har yrket historisk sett vore nokså lukka for kvinner – så seint som 1980 var 80 prosent av Norsk Journalistlag sine medlemer menn.

Di høgare status ein redaksjon har blant journalistar, di meir privilegert sosial bakgrunn har journalistane som arbeidar der.

Endå viktigare er det likevel å minne om at sosial ulikskap ikkje stoppar på dørstokken til yrket. Hovudregelen er tvert i mot slik at di høgare status ein redaksjon har blant journalistar – t.d. målt ved kven som mottek dei gjevaste journalistprisane, eller vert nemnde som førebilete av andre journalistar – di meir privilegert sosial bakgrunn har journalistane som arbeidar der. Om vi held oss til same dømet som nemnd innleiingsvis, mellom det å ha ein far som er lærar kontra ein ufaglært industriarbeidar, hadde ein journalist med far av fyrstnemnde type i 2005 dobbelt så stor sjanse for å arbeide i ei større regionalavis, ni gongar større sjanse for å arbeide i NRK Marienlyst og seks gongar større sjanse for å vere redaktør i storbypressa[vii] enn sistnemnde. Denne parallellen mellom journalistisk status og sosial klasse – som er ein systematikk som ikkje må forvekslast med ei lov – er ikkje avgrensa til skilje mellom publikasjonar og det å vere redaktør eller ikkje. Vi finn liknande samanhengar òg knytt til ulike stoffområde (journalistar som arbeider med sport og livsstilsstoff rekrutterer td. vanlegvis sosialt lågare enn dei som arbeider med politisk stoff). Vi ser og at journalistar som ivaretek meir tekniske funksjonar – avisdesign, video- og lydredigering o.l. – oftare har arbeidarklassebakgrunn enn dei «vanlege» journalistane.

Det er kanskje breitt i døropninga til yrket, men desto trongare og vanskelegare å kome inn i journalistikkens øvre salongar.

Det er slik kanskje breitt i døropninga til yrket, men desto trongare og vanskelegare å kome inn i journalistikkens øvre salongar.

Journalistikk og klasse
Journalistikkens klassekarakter (om vi her nyttar omgrepet som ei laus nemning på samanhengen mellom journalistikken og dei sosiale strukturane i samfunnet) viser seg òg ved at publikasjonane og stofftypane som rekrutterer sosialt lågast og har lågast journalistisk prestisje typisk vert konsumert av lesarar frå lågare sosiale lag, yngre og kvinner (som kommersiell radio og vekeblad, samlivsstoff, dataspel osb.), og omvendt[ix]. Ein liknande logikk gjeld intervjuobjekta: nyheiter som involverer intervju med elitar (økonomiske, politiske, kulturelle osb.) vil typisk ha høgare journalistisk status enn intervju med reine celebritetar og «vanlige menneske». Så er sjølvsagt spørsmålet: kva betyr dette for journalistikken.

Overordna sett framstår det for det fyrste openbert at sistnemnde sosiale differensiering av dei journalistiske produkta og den sosiale harmonien mellom journalist, kjelde og lesar er ei kraftfull oppskrift på det Pierre Bourdieu kallar doxa: ei slags blindheit gjennom felles verdiar og verdsbilete, som uavhengig av dei involverte sine ynskjer bidreg til å gjere journalistikk til ei konservativ kraft i samfunnet (til dette kan ein tilføre Bourdieu sin velkjende kritikk om at journalistar grunna hastverkskrav oftast må utøve ein type spontan sosiologi og difor ofte reproduserer sosiale stereotypar og «folk theories»[x]).

Å snakke om ein direkte samanheng mellom journalistars sosiale bakgrunn og deira yrkesutøving er likevel meir kontroversielt, og ikkje berre av di dette lett kan gje assosiasjonar til dei mest vulgære variantane av marxistisk kritikk (ironisk nok no vanlegast framført av politisk høgreside) om at journalistane «berre» er talerøyr for politisk venstreside eller har eit middelklasseperspektiv – i begge høve ein kritikk som oftast er blind for den store variasjonen og sosiale arbeidsdelinga i dette sosiale universet. Like viktig er sjølvsagt at drøfting av samanheng mellom klasse og journalistikk trugar journalistikkens autoritet ved å stille spørsmål ved kjernen i den profesjonelle ideologien (som ikkje er unik for journalistikken), som set opp ei jarndør mellom eins private og profesjonelle liv, mellom det verdslege og det heilage som ikkje skal blandast (etymologien minner oss om dette tilhøvet ved at det gammalengelske «to be professed» jo betyr å verte teke opp i ein religiøs orden, der ordet profess i latin viser den offentlege vedkjenninga som typisk var vanleg ved slike seremoniar).

Sosial klasse i forkledning
I Noreg verkar det dei siste åra ha vorte noko større aksept for å snakke om slike samanhengar i journalistikken når det gjeld kjønn og kulturbakgrunn (men då alltid i positivt forteikn, som ein ressurs). Også alder og «brei livserfaring» er for dei fleste eldre journalistar noko som ventast ha ein innverknad på eins journalistiske yrkesgjerning, men klasse? Noch nicht.

Studentar frå øvre sosiale lag framstår oftare å meine at god journalistikk er resultat av personleg «talent» heller enn handverksmessig dyktigheit.

Det er ikkje så rart at det er slik: Dels har det med at i motsetnad til kjønn, alder og hudfarge, er klasse noko som berre vert utrykt i vage og alltid usikre kjennemerke – i form av sosiolekt eller dialekt, gjennom klede og kulturelle referansar, i yrkes- og utdanningsbakgrunn osb. Samstundes er det paradoksalt nok slik at nettopp effektiviteten i den sosiale sorteringa av journalistar til ulike publikasjonar og tema bidreg til å usynleggjere effekten av sosial klasse, då fylgjen er at slike skilje for journalistane sjølve alltid framstår i forkledning, som trekk ved ulike redaksjonar eller publikasjonar, og difor kan lesast som utrykk for for ulike «journalistiske kulturar», «redaksjonelle linjer» eller gradar av «profesjonalitet» (mao. i tråd med den profesjonelle ideologien). Men om det er sant, som det så ofte vert sagt, at redaksjonelle kulturar «sit i veggane», så er det nettopp avdi dei også sit i kroppen (i habitus).

Ulike journalistiske blikk
Har vi så nokre peikepinnar på at sosial bakgrunn påverkar det journalistiske blikket? Svaret er ja. Ser vi på journaliststudentar, som tilbyr forskaren ei framifrå mogligheit til å studere møtet mellom sosiale disposisjonar og journalistikken, finn vi fleire interessante samanhengar.

Den maskuline dominansen innan journalistikken er noko av årsaka til at dei oftare enn mennene seier dei er i tvil om at dei passar som journalistar.

For det fyrste finn vi at mannlege og kvinnelege journaliststudentar sine preferansar for ulike tema ofte fylgjer den kjønna arbeidsdelinga i samfunnet elles: kvinnene prioriterer td. i hypotetiske situasjonar oftare saker som involverer svake grupper enn elitar, menn prioriterer saker som omhandlar fotball eller konfliktar, kvinner vil oftare arbeide med kultur, menn med sport og økonomi osb. Den maskuline dominansen innan journalistikken, som systematisk medfører at kvinnelege journaliststudentar finn sine interessefelt, syn på god journalistikk og karriereambisjonar i utakt med feltets statushierarki er utan tvil òg noko av årsaka til at dei oftare enn mennene seier dei er i tvil om at dei passar som journalistar[xi].

For sosial klasse ser vi sameleis ei rekkje små, men likevel statistisk signifikante samanhengar[xii] med studentars yrkesorientering, og ikkje berre knytt til ulike karriereplanar (som at studentar frå lågare sosiale bakgrunnar oftare vil arbeide i små lokalaviser og i lokalradio). Studentar frå øvre sosiale lag framstår m.a. oftare å meine at god journalistikk er resultat av personleg «talent» heller enn handverksmessig dyktigheit (m.a.o ein karismatisk ideologi, som ofte er resultat av å ha lukkast i skulesystemet), og dei er meir tilbøyelege til å sjå publikum som ei fjern, nedanforliggjande masse enn å sjå seg sjølv som ein del av publikum. Dei er òg oftare samde i naudsynet av å ha «ein viss kynisme»når ein som journalist omtalar folk, og ser det sjeldnare som ein viktig eigenskap for journalistar å ha medkjensle med svake grupper (eit skilje mellom ein rein kontra ein barbarisk journalistikk som er ein slåande parallell til Bourdieu sine arbeid om den sosiale basisen for estetiske haldningar[xiii]). Mest grunnleggjande er kanskje likevel skiljet mellom synet på om journalisten skal vere deltakar eller tilskodar, der studentane med dei minst privilegerte bakgrunnane oftare ser journalistens rolle å vere ein objektiv og nøytral observatør, i motsetning til ein ide om journalisten som ein aktiv, uavhengig endringsagent i samfunnet, ein journalistisk l’art pour l’art.

Alt tyder på at habitus også er ein sentral del av det journalistiske blikket – i prioritering av saker, i val av vinkling og ramme og i val av intervjuobjekt.

Det sjette nyheitskriteriet
No kan ein mot dette innvende at journaliststudentar og journalistar er heilt ulike ting, og at det vi her har avdekt primært er ein type uprofesjonalitet – journalistiske barnesjukdomar om ein vil – som ein må vente vert «plukka av dei» når studentane får meir yrkeserfaring og ei betre forståing av si yrkesrolle. Ein slik motkritikk framstår umiddelbart som rimeleg, men får likevel problem med å forklare kvifor analyser av vanlege journalistar viser mange av dei same samanhengane mellom sosial bakgrunn og journalistikk (som skiljet mellom synet på journalisten som deltakar kontra tilskodar[xv]). Ein slik kritikk rimar òg dårleg med forsking som har fylgt journaliststudentar frå studiestart til studieslutt og til dei fyrste åra i yrkeslivet, som viser ei overraskande utvikling: ser ein vekk frå deira auka handverksmessige kompetanse, endrar studentane sine grunnleggjande haldningar til journalistikken seg svært lite (med unntak av ei viss tilpassing til bransjens normer og arbeidsmarknad[xvi]). Nettopp denne tregleiken i dei journalistiske haldningane i møte med utdanning og yrkesliv er eit sterkt argument for at journalistane sin habitus (eg føretrekk dette omgrepet av Bourdieu framfor sosial klasse av di det er ei påminning om at sosiale skilje også inkluderer kjønn og generasjon, eins sosiale bane, kulturbakgrunn mm.) er sentral for å forstå journalistisk praksis. Som nemd vil det òg vere naivt å tru at habitus berre har effekt som ein sorterande mekanisme, som bidreg til kven som ser seg kalla til journalistyrket og i den påfølgjande sosiale fordelinga av ungdomar med ulike sosiale utgangspunkt til ulike typar publikasjonar og og tema – for deretter å stoppe ved døra til redaksjonen. Tvert i mot tyder alt på at habitus også er ein sentral del av det journalistiske blikket – i prioritering av saker, i val av vinkling og ramme, i val av intervjuobjekt mm. (samstundes som vi ikkje må gløyme at journalistikken ofte har eit kollektivt preg og at journalistar slik har ulik makt til å realisere sin habitus journalistisk). Eg vil slik ikkje nøle med å kalle journalisten sin habitus det sjette nyheitskriteriet, like viktig som dei fem nyheitskriteria i journalistiske lærebøker (konflikt-vesentligheit-identifikasjon-sensasjon-aktualitet) og eit viktig supplement til alternative nyheitskriterium som relativ posisjonering i nyheitsbiletet[xvii] og publikasjonen sine økonomiske vilkår[xviii].

Noter:
[i] Profane and Sacred, Jan Fredrik Hovden, 2008, s. 74-77.
[ii] Ibid.
[iii] Profane and Sacred, Jan Fredrik Hovden, 2008, s. 85.
[v] Profane and Sacred, Jan Fredrik Hovden, 2008, s. 84-89.
[vii] Profane and Sacred, Jan Fredrik Hovden, 2008, s. 75
[ix] Profane and Sacred, Jan Fredrik Hovden, 2008, s. 66-71.
[x] Om fjernsynet, Pierre Bourdieu, 1998.
[xi] Profane and Sacred, Jan Fredrik Hovden, 2008, s. 90-101.
[xii] Ibid.
[xiii] Distinction, Pierre Bourdieu, 1979.
[xv]  «Oppdragarar, granskarar, speglarar og agnostikarar. Skisse til ein norsk journalisttypologi», Jan Fredrik Hovden 2010. I Allern og Roppen (red.) Det journalistiske samfunnsoppdraget.
[xvi] «Fra valp til vaktbikkje», Gunn Bjørnsen, Jan Fredrik Hovden og Rune Ottosen, 2007. Nordicom Information vol 29, nr 4.
[xvii] Bag om nyhetskriteriene, Ida Schultz, 2005, s. 197.
[xviii] Nyhetsverdier, Sigurd Allern, 2001.