Bokomtale: Kjøpt og underbetalt

Barbra Ehrenreich er ein ekte helt. Gjennom fleire år har ho drive walraffing – undercover-journalistikk – som har gjeve unik informasjon om baksida av den amerikanske draumen.

I Kjøpt og underbetalt tek ho seg jobb som servitør på Key West i Florida, vaskehjelp i Maine og butikkhjelp i Minnesota. Gjennom ærlege skildringar i pageturner-stil blir vi kjend med eit Amerika vi helst ikkje har lyst til å tenkje på.

Sekstentimars arbeidsdagar, trakkasering av alle slag, utrygg bustadsituasjon, frykt for eiga helse og eit utal brot på alle lover og reglar i arbeidslivet er nokre av ingrediensane.

Ehrenreich er brutalt ærleg og bitande humørfylt.

Med krisa i Euro-sona får vi nordmenn røyndomen skildra i Kjøpt og underbetalt nærare innpå livet enn vi kanskje er heilt komfortable med.

Hadde det vore opp til meg, kunne Barbra Ehrenreich fått Nobel-prisane i både litteratur, fred og økonomi. Medan vi ventar på at dét skal skje, kan du bli litt smartare og litt sintare av å lese bøkene hennar.