Fri meg frå meg sjølv

Det här är mitt liv, det här är mitt jobb,
Det här är min tid och mina val som jag har valt dem,
Du behöver inte förstå, men det här är sättet som jag gör det på,
Och det är upp till dig, om du vill vara med mig.
– Melissa Horn.

Eg lyfter haka litt for å skjule dobbelthaka. Tek fem bilete i slengen. Flyttar meg andre vegen for å få betre lys og tek fem bilete til. Ser igjennom bileta og blir heilt opphengt i mitt eige ansikt. Vel til slutt eit av dei og lastar det opp på Instagram med hashtagen #selfie.

Det første fotografiske sjølvportrettet vart tatt i 1839 nokre månader etter at Louis Daguerre hadde funne opp fotografiet for det franske vitskapsakademiet. Portrettet var av oppfinnaren sjølv, og vart tatt nærast på slump. Lite visste han om at seinare skulle alle mobiltelefonar vere utstyrt med eit kamera ein kunne snu mot fotografen. På Daguerre si tid var det jo nettopp det å snu kameralinsa ut mot verda som var spanande.

170 år seinare er vi meir opptekne av å fotografere oss sjølve. Eg er glad for at eg ikkje hadde smarttelefon då eg var fjorten. Det er gale nok som det er no, når eg i ein alder av 27 år brukar såpass mykje tid på å ta meg ut på Instagram.

#Selfie
«Jeget har blitt et produkt som man sjølv må ta ansvar for å promotere flittig ved å pakke det inn i ein virvelvind av slagord, filtere og hashtags: #picoftheday #nofilter #instapic», skriv moteredaktør og DJ Charlotte Thorstvedt i pamfletten #Selfie. Storebroren til Instagram, Facebook, som fyller ti år i år gjorde oss meir sosiale på nett, men har vi ikkje brukt like mykje tid på å dyrke oss sjølve der?

For ein moteredaktør er sjølvpromotering ein del av forretningsmodellen. Det er verre for resten av oss.

Etter Knausgård vil dei fleste forfattarar skrive om seg sjølve, skribentar (som meg sjølv) serverar spaltevis med personlege erfaringar som utgangspunkt for debatt.

For det er ikkje berre meg. Det er sannsynlegvis deg også. Det er ikkje til å kome unna at vi er ein generasjon av #selfies. Det kjem til uttrykk i kulturen: Etter Knausgård vil dei fleste forfattarar skrive om seg sjølve, skribentar (som meg sjølv) serverar spaltevis med personlege erfaringar som utgangspunkt for debatt. Vi elskar TV-serien «Girls» fordi den set fingeren på nettopp dette. Den speglar oss, og vi elskar det sjølv om kritikken er knusande.

Debatten om svenske «Fittstim – Min kamp» og medredaktør for boka «Fittstim» som kom 1999 handlar også om personfokus: Serieskapar Belinda Olsson som står i bresjen for «Fittstim»-kritikken hevdar feminismen er for sjølvoppteken. Olsson sine kritikarar hevdar det er ho som er egoisten, som baserer kritikken på eit sjølvopplevd inntrykk av yngre feministar. Mykje tyder på at begge deler er sant.

Utfordring for venstresida
Vektlegginga av individ framfor fellesskap er ei utfordring for den moderne venstresida. For det er ei motsetning der. Skal du kome deg opp og fram i kunnskapssamfunnet må du først tenkje på deg sjølv. Det rimar betre med det borgarleg-liberale fridomsidealet om at kvar einskild først og fremst er sin eigen lukkes smed.

Det får konsekvensar for samfunnssolidariteten, som Einar Førde ofte snakka om. Kvar samfunnsgruppe får nok med seg sjølv, og trass i at mange feministar meiner likeløn framleis er den viktigaste kvinnesaka er vi mest opptekne av å forsvare det personlege pronomenet «hen». På Twitter, sjølvsagt.

Og kanskje er ikkje «hen» så dumt, heller. Dei fleste feministar har høyrt leksa før: Er du oppteken av å kjempe mot valdtekt, burde du heller bry deg om afghanske kvinner.

Men likevel: Kritikk av alle – ismer er heilt naudsynt for å kome vidare. Og det er lettare å engasjere seg i saker som ein føler vedkjem seg sjølv, noko som gjer at sakene som ikkje er like relevant for feministane som deltek i samfunnsdebatten, kjem i bakgrunnen. Om noko godt kan kome ut av feminismedebatten, må det vere refleksjon kring korleis ein kan skape større solidaritet på tvers av samfunnsgrupper. Mindre gruppesolidaritet og meir samfunnssolidaritet.

Utan det, trur eg feminismen vil bli mindre, ikkje meir relevant med tida. Det gjeld for alle politiske prosjekt.

Sjølv om ei brei rørsle skal og bør romme kvar einskild sine hjartesaker, er det også viktig å diskutere seg fram til kva som er dei viktigaste utfordringane i dag. Utan det, trur eg feminismen vil bli mindre, ikkje meir relevant med tida. Det gjeld for alle politiske prosjekt.

«All writers are vain, selfish and lazy», skriv George Orwell i Why I Write. Å delta i samfunnsdebatten kan vere som å leggje eit bilete ut på Instagram: Det viktigaste målet forfattaren har med teksten er at den skal få henne til å ta seg godt ut, ikkje å forandre samfunnet. Den satiriske twitterkontoen @Kronikk140teikn er såleis ein ganske genial kulturkritikk.

Forfattaren Agnes Ravatn logga av Facebook for godt, og tok grep om si eiga tid. Bokstaveleg talt faktisk, for ho går stadig inn i viktige debattar med eit nytt blikk og med humor som våpen. Det må vere målet.

Eg skal berre sjekke Instagram først.