For konge og fedreland

Tradisjonar er vanskelege å endre på. Særleg tradisjonar som tilsynelatande står sterkt, og som folk har eit emosjonelt forhold til. Prinsipp kan vere vel og bra. Men kva er vel eit edelt prinsipp, mot den kjende og kjære status quo?

I Noreg har vi ei rekkje symbol som er nært knytte til nasjonalkjensla og nasjonalstaten. Symbol som blir prenta inn i oss frå tidleg alder, gjennom TV, skulebøker, seremoniar, postkort og familie. Vi snakkar om flagget. Om «Ja, vi elsker». Om kongefamilien. Om Stortinget. Og om Den norske kyrkja.

Les også Fredrik V. Sand sitt forsvar for monarkiet her. 

Vi treng felles institusjonar
Det meste av slikt er uproblematisk. Eit demokrati må nødvendigvis ha ein del felles institusjonar. Både viktige og formelle institusjonar som Stortinget, men også mindre viktige og uformelle institusjonar som langrennslandslaget. Somme samnemnarar i eit land utviklar seg meir eller mindre av seg sjølve, slik som kultur og språk. Somme er vedtekne og styrde av fellesskapet, slik som statskyrkja og ordensvesenet. Det er dei sistnemnde institusjonane ein bør møte med sunn skepsis. Fordi nokon på eit tidspunkt har bestemt at det skal vere slik, for alle, og fordi dei har hatt ein tanke med det.

Somme av våre felles, grunnlovsfesta institusjonar toler neppe møtet med moderne, demokratiske prinsipp.

Grunnlovsjubileet er eit utmerka høve til å sjå på institusjonane som «alltid» har vore der med eit kritisk blikk. For somme av våre felles, grunnlovsfesta institusjonar toler neppe møtet med moderne, demokratiske prinsipp. Ja, om vi skulle skipa til ny grunnlovssamling i 2014 tru eg nok ein del av dagens paragrafar knapt stått på sakskartet ein gong. Fremst i køa står privilegiane til fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg.

Folkekongen
93 prosent av alle nordmenn meiner kong Harald gjer ein god jobb [1]. Eg er blant dei. Samstundes meiner i underkant av 20 prosent av alle nordmenn at vi bør innføre republikk [2]. Eg er også blant dei.

Det norske konghuset, etablert ved unionsoppløysinga i 1905, har heilt sidan den gongen hatt solid støtte i folket. Oppslutnaden går sjølvsagt noko opp og ned, men det er ingen tvil om at eit fleirtal ønskjer monarki i Noreg. Rett nok var det sterke krefter som meinte at Noreg ved frigjeringa frå Sverige i 1905 framleis burde vere republikk (noko vi  teknisk sett var frå unionsoppløysinga 7. juni til kong Haakon VII avla eid for Stortinget 27. november). Men slik den maktpolitiske situasjonen var for ein ung nasjon i eit uroleg Europa på den tida, var det tvingande nødvendig å sikre seg alliansar med andre land, framfor alle Storbritannia. Det gjorde vi ved at den britiske prinsessa, Maud, vart til dronning Maud av Noreg.

Men monarkane har også gjennom kloke val, til dømes kong Haakons «nei» til Hitler-Tyskland under andre verdskrigen, eller kong Olavs berømte trikketur under oljekrisa på 70-talet, har bygt ein sterk posisjon for kongehuset i den norske folkesjela.

I alle tilfelle er det liten tvil om at det norske kongehuset står sterkt. Det skulle kanskje berre mangle, med tanke på den enorme (og styrte) eksponeringa dei har hatt tilgang til gjennom over 100 år, det vere seg NRK, skulebøker eller slottsbalkongen på 17. mai. Men det bør også nemnast at monarkane gjennom kloke val, til dømes kong Haakons «nei» til Hitler-Tyskland under andre verdskrigen, eller kong Olavs berømte trikketur under oljekrisa på 70-talet, har bygt ein sterk posisjon for kongehuset i den norske folkesjela.

Eg nemner dette fordi det berande og dominerande  argumentet for monarkiet synest å vere at institusjonen har stor folkeleg støtte. Det er i alle fall det argumentet dei fleste politikarar og andre synsarar lenar seg på i ulike offentlege debattar om temaet,[3] sjølv om dei fleste vedgår at «prinsipielt» er monarki ei avleggs styreform, og at om ein skulle ha starta på nytt, ville ein kanskje valt annleis.

Per definisjon udemokratisk
Eigentleg ville altså desse stemmene vore mot monarkiet som styreform dersom det ikkje hadde stor folkeleg støtte. «Prinsippet» som skal liggje til grunn for styringa av samfunnet, er altså å følgje den rådande folkemeininga. Det kan vel i og for seg også kallast ei prinsipiell tilnærming, kanskje best summert opp av den franske politikaren Alexandre Auguste Ledru-Rollin (1807-1874): «Der går folket mitt. Eg må finne ut kvar dei går, så eg kan leie dei».

Ein kan sjølvsagt diskutere om monarkiet står i direkte motstrid til prinsippa som ligg til grunn for det liberale demokratiet. Det går an å argumentere for at ein symbolsk monark ikkje er eit trugsmål mot folkestyret. Det er i alle tilfelle eit faktum at somme av dei sterkaste demokratia i verda, til dømes Storbritannia, Nederland og dei skandinaviske landa, alle er konstitusjonelle monarki.

Faktisk handlar nær ein tredel av Grunnlova om Kongen, og det er illiberalitet på løpande band.

Eg meiner at monarkiet per definisjon er udemokratisk. Men det langt frå det einaste problemet. Monarkiet, i alle fall slik vi har organisert det i Noreg, står også i direkte motstrid med ei rekkje andre viktige prinsipp, som dei fleste vanlegvis set høgt. Det står i motstrid med prinsippet om religionsfridom («Kongen skal stedse bekjende sig til den evangelisk-lutherske Religion», jf. Grl. § 4). Det står i motstrid med prinsippet om likskap for lova («Kongens Person er hellig; han kan ikke lastes, eller anklages», jf. Grl. § 5), prinsippet om ytringsfridom («Forøves nogen Ærekrenkelse mod Kongen eller Regenten, straffes den skyldige med Hefte eller Fængsel indtil 5 Aar.», jf. strl. § 101) og prinsippet om å kunne gifte seg med den ein vil («En til Norges Krone arveberettiget Prinsesse eller Prins maa ei gifte sig uden Kongens Tilladelse», jf. Grl. § 36). Faktisk handlar nær ein tredel av Grunnlova om Kongen, og det er illiberalitet på løpande band.

Kvar er dei prinsipielle argumenta?
I den førre stortingsdebatten om innføring av republikk i Noreg [4], heldt stortingsrepresentant Snorre Valen (SV) eit engasjert innlegg der han etterlyste eit prinsipielt forsvar frå monarkistane:

«Det er noe som mangler i denne debatten, og det er at noen av representantene som i dag kommer til å stemme ned dette forslaget, kommer til denne talerstolen og holder sitt prinsipielle argument for monarki. Det er ikke holdbart at vi har en grunnlov som ikke stortingsflertallet er villig til å forsvare prinsipielt – fordi det fungerer greit i dag. På ingen andre områder i Grunnloven ville så svak argumentasjon, som er så svakt fundert i de prinsippene vi har bygd dette landet på, blitt akseptert. Er det noen som har lyst til å komme opp på talerstolen og holde et flammende innlegg for kongens helligdom og ulastelighet? Er det noen som har lyst til å komme opp på denne talerstolen og holde et flammende innlegg om arvemakten som prinsipp? Er det noen her som har lyst til å komme opp på talerstolen og fortelle at kongen er hellig? Mener Fremskrittspartiet det? Mener Høyre det? Mener Arbeiderpartiet det?»

Om stortingsfleirtalet meinte dette, er ikkje godt å seie. Det var i alle fall ingen som tok utfordringa frå Valen. Forslaga om å utgreie innføring av republikk vart stemde ned, mot stemmene til SV, Venstre og enkelte representantar i Ap.

Etisk tvilsomt
Så kan ein sjølvsagt innvende at dei prinsipielle innvendingane berre er formalitetar. Til dette er det for det første å seie at noko kan vere prinsipielt galt utan å ha stor praktisk betydning. For det andre meiner eg faktisk det er etisk tvilsamt, både prinsipielt og i praksis, at fleirtalet i eit samfunn skal påleggje ei 8 år gamal jente å bli dronning, med alt personfokuset det fører med seg. Prinsesse Ingrid Alexandra kan aldri stille til val for eit politisk parti, bli ateist eller flytte inn på Blitz-huset. Ho kan faktisk gjere fint lite med livet sitt, anna enn det vi som storsamfunn har pålagt ho å gjere, heilt frå ho kom til verda 21. januar 2004. Kva veit vi eigentleg om hennar ønske om å bli regent? Er ho kvalifisert? Meir kvalifisert enn dei 56 950 andre borna som vart fødde i 2004?

Og her kjem vi til eit anna viktig poeng. Mange viser til at norske monarkar gjennomgåande har vore dyktige. Tatt rette val. Gjort ein god jobb. Mest kjent er nok kong Haakons nei til å abdisere etter den tyske invasjonen i 1940.

Det er heller ikkje noko som tyder på at monarkar er meir samlande i krisetider enn folkevalde politikarar.

At den norske kongen, i motsetnad til ei rekkje andre monarkar opp gjennom historia, lét vere å gå på ein gigantisk smell ved dette vegskiljet i norsk historie, kan vanskeleg brukast som eit prinsipielt argument for det konstitusjonelle monarkiet. I alle fall ikkje utan å også ta med i reknestykket alle monarkar som mislukkast på post i møte med liknande utfordringar. Slik som britiske kong Edvard VIII, som vart pressa til å abdisere i 1936 – og som både før og under andre verdskrigen pleia høgst kontroversiell kontakt med Adolf Hitler og nazi-regimet. For ikkje å snakke om belgiske kong Leopold III, som gjorde det nøyaktig motsatte av kong Haakon. Han overgav seg sjølv og landet sitt til dei tyske invasjonsstyrkane, mot eit samrøystes råd frå den folkevalde belgiske regjeringa, og som på si side  trassa kongens «forræderi» (som dei kalla det), og heldt fram motstandskampen frå eksil.

Det er heller ikkje noko som tyder på at monarkar er meir samlande i krisetider enn folkevalde politikarar. I dei kritiske aprildagane 1940 klarte også stortingspresident C. J. Hambro og Stortinget å samle opinionen bak (den konstitusjonelt tvilsame) Elverumsfullmakta. Regjeringa Nygaardsvold fungerte samlande i eksil gjennom krigsåra. For ikkje å snakke om den i utgangspunktet svært kontroversielle britiske statsministeren, Winston Churchill, som i kraft av stilling og person samla Storbritannia gjennom tøffe krigsår. Han vart kjend som ein av største statsleiarar i det 20. hundreåret. Kanskje den største.

I moderne tid kan ein faktisk også vise til president George W. Bush, som ved presidentvalet i år 2000 vart vald med eit mindretal av stemmene. Bush vart ein svært kontroversiell og (etter mi meining) mislukka president. Men i månadane etter terroråtaket 11. september 2001, viste meiningsmålingane at 80-90 prosent av folket støtta leiarskapen til presidenten 

Å stole på genene
Poenget er ikkje om eit statsoverhovud i ein pressa situasjon tek rette eller feil avgjersler. Poenget, i alle fall frå mi side sett, er at eg ikkje er villig til å stole på genar i slike stunder. Eg er ikkje villig til å overlate til kvaliteten i det blå blodet å avgjere viktige vegval for nasjonen. Eg vil vere med og bestemme kven som skal ha slike posisjonar, og eg vil vurdere dei ut frå dømmekraft og evner, ikkje familieband. At folkefleirtalet i praksis legg til grunn at genane og fornufta til ein familie er betre enn den  alle vi andre har – til evig tid –c står for meg som noko spesielt.

«Soon there will be only five Kings left — the King of Spades, the King of Clubs, the King of Hearts, the King of Diamonds and the King of England».

Det er i det heile vanskeleg å finne historiske døme på statar som har fungert betre som monarki enn det dei seinare har gjort som republikk. Det må vere liten tvil om kva retning utviklinga går. Då Michelsen-regjeringa i 1905, mot alle internasjonale trendar, tilrådde folket å stemme ja til å etablere eit norsk monarki, gjekk seinare statsminister Gunnar Knudsen ut av regjeringa i protest. Han kunne ikkje stå inne for at ei regjering i eit moderne demokrati kunne finne på å gå inn for at posisjonen som statsoverhovud skulle gå i arv. Det har vel heller ikkje blitt etablert spesielt mange monarki i verda sidan den gong.  Eller for å sitere kong Farouk I av Egypt (1920-1965): «Soon there will be only five Kings left — the King of Spades, the King of Clubs, the King of Hearts, the King of Diamonds and the King of England».

Alternativer
Like fullt bur vi i 2014 framleis i kongeriket Noreg. Her diskuterer vi ikkje kven som er dei beste kandidatane til å vere våre fremste representantar. Her diskuterer vi rett og slett kor vidt dei skal veljast av oss eller ikkje. Det burde ikkje vere eit vanskeleg spørsmål.

Så kva statsordning burde vi så gått inn for på Eidsvoll i 2014, dersom vi skulle avskaffa dei arvelege privilegiane i Grunnlova? Her kan ein tenkje seg ein del ulike alternativ. Det mest realistiske, gitt den tradisjonen vi har for symbolske statsoverhovud i Noreg, er at Stortinget utnemner ein president – om lag slik ein gjer når ein vel stortingspresident i dag. For den saks skuld kan dette godt vere éin og same person. Då vil ein ha eit statsoverhovud med eit demokratisk mandat bak seg, utan nemneverdig politisk makt, og som har til hovudoppgåve å representere republikken Noreg i inn- og utland. Om lag slik situasjonen er i Tyskland og Italia. For øvrig to land der presidentane nyt stor respekt, og der dei tradisjonelt har vore både viktige og samlande.

Eit slikt system, med ein direkte vald og politisk mektig president, har sjølvsagt sine fordelar. Det vil gjere presidentvalet svært viktig, og dermed skape merksemd og demokratisk legitimitet.

Eit meir yttarleggåande forslag ville vore å gå tilbake til det som var det opphavelege prinsippet i Grunnlova, nemleg ei tydelegare maktfordeling mellom Stortinget og regjeringa. Berre at regjeringa vert leia av ein folkevald president, ikkje ein konge. Eit slikt system, med ein direkte vald og politisk mektig president, har sjølvsagt sine fordelar. Det vil gjere presidentvalet svært viktig, og dermed skape merksemd og demokratisk legitimitet. Og det vil (gjen)innføre større grad av checks and balances i vårt politiske system, noko som bidreg til maktfordeling og fleire tryggingsventilar.

Eit slikt system, som vil likne meir på det amerikanske, er nok likevel lite realistisk i Noreg. Vi har ingen tradisjon for den typen maktfordeling, og er vant med at den utøvande makta utgår av Stortinget. Eit system der den utøvande makta har eit anna mandat enn den lovgjevande, fører då også fort til ulike politiske fleirtal (noko som trass alt er litt av poenget). Til dømes ein president med ein borgarleg valkoalisjon bak seg, som må styre saman med eit raudgrønt stortingsfleirtal. Den potensielle ulempen er openbar: Stillstand og lite effektiv styring.

Ein kan sjølvsagt også tenkje seg ein mellomting: Ein direkte folkevald president, som først og fremst fungerer som symbolsk statsoverhovud. Men alt i alt har eg nok likevel mest tru på den første modellen. Både fordi det vil minne mest om det systemet vi kjenner i dag, og fordi skiftet (nettopp difor) vil vere rimeleg enkelt å gjennomføre.

Kvem skal bli president?
Så står vi att med det siste, og like fullt minst interessante spørsmålet: Kven skal bli president? Mange som argumenterer for monarkiet, seier gjerne at «personar som Carl I. Hagen eller Helga Pedersen vil aldri kunne bli like samlande som kong Harald». Det har dei nok heilt rett i. Og difor kjenner eg meg toleleg trygg på å kunne garantere at verken Hagen eller Pedersen nokon gong vil bli vald som president, verken av Stortinget eller ved eit direkte val.

Om Noregs første president blir Jens Stoltenberg, Kjell Magne Bondevik, Kristin Halvorsen, Fabian Stang, Anne Enger, Jan Egeland eller for den saks skuld kronprins Haakon, veit ikkje eg.

Derimot har vi meir enn nok flinke folk i Noreg som eg er sikker på kunne gjort ein utmerka jobb som president, og nytt stor tillit i folket. Om Noregs første president blir Jens Stoltenberg, Kjell Magne Bondevik, Kristin Halvorsen, Fabian Stang, Anne Enger, Jan Egeland eller for den saks skuld kronprins Haakon, veit ikkje eg. Kanskje blir det nokon heilt andre. Men den det blir, vil i alle fall ha eit folkeleg mandat bak seg. Og viktigast av alt: Han eller ho vil kunne kastast ved neste val.

Teksten er eit tilpassa utdrag frå boka «Liberalisme på norsk».


Noter:

[1] Ipsos MMI for Dagbladet, april 2012 .
[2] Sjå til dømes tala i «A comparison of modern monarchies» av David Streckfuss.
[3]  Til dømes Torbjørn Røe Isaksen og Nils August Andresen i kronikken «Et prinsipielt forsvar for monarkiet», Dagbladet 8. oktober 2012.
[4] 19. mars 2013, under behandlinga av Innst. 235 S (2012-2013).