Dette er ein hyllest til byråkraten

Byråkraten Franz Kafka og byråkratisosiolog Max Weber. Foto: Harald Groven

EIN HYLLEST til deg som jobbar i tronge korridorar, i opne landskap og på cellekontor med open eller lukka dør. Ein hyllest til deg som ikkje blir sett når statsråden klipper snorer og held fine talar, sjølv om du høyrer han eller ho seie brotstykke av orda du skreiv i eit internt notat førre veke. Dette er ein hyllest til deg som står i skuggen, du som ikkje tenkjer på deg sjølv, men heile tida tenkjer på kva som vil vere best for statsråden, staten, kongeriket og for landet vår. Kva som vil vere det beste for meg, for deg og for din neste.

DETTE ER EIN hyllest til deg som lagar interne retningslinjer, retningslinjer for retningslinjer, og som følgjer både linjene og linja. Dette er ein hyllest til deg som ser saksbunken vekse, men som likevel ikkje gir opp, som trekk pusten og går bort til kaffimaskina, fyller koppen til den nesten renn over og set deg ned att, og sikrar likebehandling og lik sakshandsaming kvar einaste dag. Dette er ein hyllest til deg som får dei folkevalde til å skine, slik at det verkar som dei alltid har visst om all relevant forsking og statistikk på fagområdet ditt sidan dei vart fødde. Dette er ein hyllest til deg som kvar einaste dag gjer det du kan for å få maskineriet til å gå rundt, som smør det så godt du kan, sjølv om folk flest meiner du berre stikk kjeppar i det, og at alt hadde vore så mykje enklare og betre utan deg.

Eg veit at det ikkje er din feil at folk flest ikkje alltid er einige i kva som er bra for folk flest.

DEI SKULLE BERRE visst kva som ville ha skjedd om både eg, du og alle dei andre hundre og seksti tusen byråkratvenene våre ein dag fekk nok. Dersom vi samstundes hadde ringt sjefane våre og sagt «No vil eg ikkje meir! No er eg lei av å bli sett på som ein kjepp, som ein regelryttar, som ei grå mus. No er det nok!.»

DEN FØRSTE DAGEN ville kanskje ingen merke noko, kanskje ikkje den første veka heller, sjølv om folk ville byrja å vere litt meir sinte og irriterte enn elles. Men så? Men etter det? Kva då? Kva hadde skjedd om vi berre fekk nok, ikkje orka meir, la oss under dyna og gjekk inn i en lang søvn?

UTAN DEG VILLE ikkje folk fått stønaden sin, nyfødde born ville ikkje eksistere på papiret og i databasar, folk måtte framleis fylle ut sjølvmeldinga på papir etter å ha stått i kø for å få den utlevert på rådhuset, reseptane hadde framleis vore papirlappar du måtte hente hos legen, ingen ville visst kven som hadde stemmerett kor, og folk kunne berre gløyme å forstå reglane for deling av foreldrepermisjon. Utan deg hadde ingen passa på bøndene, dyra til bøndene, fiskebestanden, rovdyrbestanden og borna våre. Utan deg hadde det vore fritt fram for snuskete butikksamanslåingar, omsynslause arbeidsgjeverar, brannfarlege bygningar og farlege karusellar.  Utan deg hadde folk framleis røyka på kontoret, drukke whisky til lunsj, ingen ville høyrd om fem om dagen og reklamane ville lurt borna til å tru at brus, kjeks og chips er sunt. Utan deg hadde toga gått enda mindre på skinner, vegane hadde ikkje stått til påske og fjell hadde rast utan at folk ville hatt tid til å kome seg vekk.

No er eg lei av å bli sett på som ein kjepp, som ein regelryttar, som ei grå mus.

Monument over Den ukjente byråkrat, Reykjavik. Foto: Prosepina
Monument over Den ukjente byråkrat, Reykjavik. Foto: Prosepina

EG HAR LYST til å halde deg i handa og seie «eg veit korleis du har det, kjære byråkrat, eg veit korleis du har det, kjære kollega». For eg veit det ikkje er din feil at blankettane ikkje har endra seg sidan før krigen og at du har prøvd å gjere noko med dei sidan du såg den fyrste gong. Eg veit at du irriterer deg like mykje som meg over paragrafar som ikkje eingong dei som lagde dei heilt forstår, og som gjer at folk ringer og plager deg og lurer på kvifor du er så idiot i hovudet at du har laga ein sånn regel. Eg veit det ikkje er din feil at sakshandsamingstida er altfor lang, at telefonsystemet også er frå før krigen slik at ikkje eingong dei som burde få tak i deg får tak i deg. Eg veit at du ikkje hatar menneskje, i alle fall ikkje alle saman, kanskje med unntak frå dei som ringer og kjeftar på deg for den paragrafen du ikkje er skuld i, og som av og til slengjer på røyret medan du prøver å hjelpe dei.

EG VEIT AT det ikkje er din feil at folk flest ikkje alltid er einige i kva som er bra for folk flest. Det er ikkje din feil at folk ikkje forstår at vi ikkje berre kan kaste alle lovene, paragrafane og forskriftene på båten og starte på nytt over natta. Det er ikkje din feil at det ikkje var pengar nok igjen til gjere noko med blankettane i år heller. Det er ikkje din feil at folk før deg har limt fast eit tonn kjeppar i hjula som sit så fast at du ikkje heilt forstår korleis du skal klare å fornye, forenkle og forbetre utan superkrefter. Det er ikkje din feil at du ikkje fekk tid til å delta i arbeidsgruppa om tidstjuvar fordi du hadde så mange reiserekningar som måtte registrerast inn i et datasystem laga av tyske ingeniørar som faktisk hatar alle menneskje. Det er ikkje din feil at Doffin er Doffin. Det er ikkje din feil at kaffimaskina har slutta å virke sjølv om du brukte ho sist. Det er heller ikkje din feil at akkurat det same skjedde med kopimaskina, tre gongar på rad, berre førre veke.

Dei skulle berre visst kva som ville ha skjedd om både eg, du og alle dei andre hundre og seksti tusen byråkratvenene våre ein dag fekk nok.

EG VEIT AT dersom du fekk bestemme, hadde lovene vore skrivne slik at folk kunne forstå dei, slik at dei slapp å ringe og kjefte på deg fordi dei meiner at det er din feil at dei har tolka paragrafen feil og no har hamna i trøbbel. Eg veit at dersom du fekk bestemme, hadde vi hatt full sysselsetting, lågt sjukefråver, høg valdeltaking, bevisste forbrukarar, sunn mat i kantina og smarte sjølvbetjeningsløysingar på internett. Eg veit at viss du fekk bestemme, hadde alle vore litt gladare, kvar dag, i alle fall dei fleste, på sikt i alle fall, når dei forstod kor du ville hen med den langsiktige satsinga, med tiltaka, med prøveprosjektet, med styringsparameter, med evalueringa.

SÅ DERSOM DU ein morgon vaknar opp og tenker «No vil eg ikkje meir! No er det nok!», så berre stopp opp litt, trekk pusten djupt, og tenk korleis verda ville sett ut utan deg. Den første dagen ville kanskje ingen merke noko, kanskje ikkje den første veka heller. Men etter det? Kva då? Tenk litt på det. Lat att augene, trekk pusten djupt og tenk litt på det. Når du er ferdig, så skal du vite at det er difor eg har skreve ein hyllest til byråkraten. Det er difor eg har skreve denne hyllesten til deg.

Creative Commons License
This work is licensed under a Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.