Det radikale matfatet

Kring 7000 menneske deltok i marsjon som opna konferansen og messa Terra Madre Salone del Gusto i Torino. Foto: Siri Helle.

Det er få ting trange bygater er så gode til som å få opp stemninga på demonstrasjonar. Gje inntrykk av at vi er mange, vi er uslåelege, legge klang, ekko og styrke på ropa våre. «They are giants but we are millions», ropar vi, og «Another World is Possible – and Necessary». Men, sjølv om kjensla av det absolutt er til stades, er vi ikkje på Verdas Sosiale Forum, ikkje på EU-protestmøte på byrjinga av totusentalet eller ein gong på Attac-kongress. Vi er på Terra Madre Salone del Gusto, den største mobiliseringa til Slow Food-rørsla.

Slow Food har vakse frå å vere fire kameratar som prøvde å få liv i den norditalienske matkulturen på slutten av nittitalet til ei verdsomspennande matrørsle. Provokasjonen var fast food: Grunnleggjarane ville ikkje ha McDonalds i Italia. I staden for å berre protestere, ville dei skape eit alternativ: Gje folk attende trua på deira eigne mattradisjonar.

Målet er god, rein og rettvis mat, gastronomi til alle. Hovudmotstandaren er standardisert, industrialisert matproduksjon, støttespelarane småskaleprodusentar over heile verda. Her er økologisk eit utgangspunkt, lokalsamfunn eit mål og mangfald eit verkemiddel for betre klima, natur og menneske.

«Det er ikkje fattigdom som gjer at over ein milliard lid av underernæring, det er dei 62 menneska som tener like mykje som dei fire milliardane fattige i verda», sa den karismatiske leiaren Carlo Petrini i opningstalen sin.

Kring 200 000 personar var innom messedelen av arrangementet - Salone del Gusto - kor 1000 produsentar frå 140 land har produkt for sal. Foto: Siri Helle.
Kring 200 000 personar var innom messedelen av arrangementet – Salone del Gusto – kor 1000 produsentar frå 140 land har produkt for sal. Foto: Siri Helle.

Lokalmat, tradisjonar, økologi og kunnskap om kor og korleis maten vår er produsert er kjende tankar her heime, og i resten av den vestlege verda.

– Vi vil gjerne verte den rørsla som samlar alle aktivistar som er opotekne av klima, mat, fordeling og biologisk mangfald og får gjennom verkeleg endring, seier Slow Food-koordinator Elisa Demichels frå Italia. Men kan ein kalle seg systemkritisk når ølen på messa fort kostar åtte euro flaska og osten opp til 15 euro hektoet?

Handler langs nye vegar
Brasilianske Marene Machado Marchin jobbar for å ta vare på landskapet og produkta skapt kring og av den tradisjonelle, sørbrasilianske palmen Butiá. Palmen vert tradisjonelt nytta til alt frå brød, kjeks, syltetøy, likør, til sprit, eddik, olje og trevirke, og produkta vert selde langs vegen og på marknadar. Men utviklinga vekk frå slike uformelle marknadsplassar, urban vekst og intensivering av jordbruket har ført til at både palmen og produkta frå han no er truga.

Marchin jobbar for å auke verdien av butiá-produkt, og Slow Food er eit av verktøya ho nyttar. Ho skjønar ikkje kva eg meiner når eg spør ho om folk flest har råd til den lokalproduserte maten – om han ikkje vert for dyr?

– Nei, det er ikkje dyrare, fordi handelen går direkte i staden for gjennom ei rekke fordyrande ledd. Slow Food har vore med å verdsette produkta våre, syne oss at det vi gjer er verdifullt, seier Marchin, som hevdar Slow Food spelar ei stadig viktigare rolle i Brasil:

– Slow Food har vokse seg gradvis inn i det brasilianske organisasjonslivet – som jo er ganske sterkt. Dei har styrka oss vidare – å kome til Terra Madre og møte andre i same situasjon er viktig for kampmoralen.

Kring tre fjerdedelar av maten i verda kjem frå berre 12 planter og fem dyrerasar.

Smakens ark
Butiá er eitt av 118 brasilianske produkt registrerte i Slow Foods Arc of Taste – ein elektronisk katalog over matvarer i fare for å forsvinne som er del av kulturar og tradisjoner, i fylgje dei sjølve: Arken vart skapt for å skape merksemd kring og invitere alle til å vere med å ta vare på matvarene gjennom å ete dei og fortelje historiene om dei. Varene skal fyrst og fremst omsetjast lokalt, men merksemda kring dei må gjerne vere global.

Eit anna av dei brasilianske produkta i arken, som òg er til stades på Salone del Gusto, er nøtta baru som veks naturleg på den brasilianske savannen. Cerradoen er den mest artsrike savanna i verda, og har like stor innverknad på det globale klimaet som naboen Amazonas. Men ho har ikkje same vernet – 48,5 prosent av vegetasjonen er allereie øydelagd av beite- og åkerland. Mellom anna kjem over to tredjedelar av soyabønnene vi importerer til Noreg frå Mato Grosso, delstaten som husar store delar av cerradoen.

Varene skal fyrst og fremst omsetjast lokalt, men merksemda kring dei må gjerne vere global.

Dette er agroindustri – goder lokalbefolkninga ikkje får del i. Barunøtter derimot, gjev mat i nærområdet, og det utan å øydeleggje savannen. Rista smakar nøtta omlag som peanøtter, fersk kan ho pressast, og oljen vert nytta som smakstilsetjing.

– Forbrukarar må engasjere seg
Kan problemet med at lokalprodusert, økologisk mat er dyrare enn industrielt produserte bulkprodukt vere eit urbant i-landsproblem? Problemet aukar ved alle høve parallelt med industrialiseringa – og avstanden, noko Terra Madre er eit døme på: Produkta er dyrare her enn i lokalmiljøa til produsentane.

Eit fellestrekk verda over er at mat vert dyrare di fleire ledd han går gjennom. Til dels kan vi framleis sjå det i Noreg: Det vert gjerne klaga på at vareutvalet på butikken i norske bygder er enno dårlegare enn i byane, og det er nok sant. Men ei årsak er at ein på bygda i større grad handlar utanom butikkane, seg i mellom: Alle veit kven som tek nok krabbar til å ha nokre til overs i sesongen, kven som skyt mest hjort og sparar på torskehovuda for lokalt sal.

Vert ikkje maten dyrare i forbrukarleddet, er det fordi nokon i den andre enden ikkje får betalt det dei fortener.

Og vert ikkje maten dyrare i forbrukarleddet, er det fordi nokon i den andre enden ikkje får betalt det dei fortener. Får mexikanske maisbønder gode avlingar, får dei låg betaling på grunn av god tilgang. Vert avlinga dårleg eit år, vert marknaden oversvømt av billeg, subsidiert mais frå USA som likevel pressar prisar til lokale produsentar ned. Fjernar ein denne subsidieringa av bulkprodukt for eksport, fjernar ein òg viktig årsak til eventuelle prisskilnader. Eit døme ser ein i Brasil, der bønder som produserer soya for eksport får momsfritak på kjøp av såfrø, og store reduksjonar i skattar og sosialbidrag. Småbønder som produserer til lokalmarknaden får ingen av desse godene – samstundes som kundane deira mister økonomiske midler å bygge lokalsamfunnet på.

Landbrukssektoren i USA, frå innhausting på jordene til slakterier, er igjen største arbeidsgjevar for papirlause innvandrarar. Drygt seks prosent av matvareimporten til Noreg kjem frå Nord- og Mellom-Amerika – mellom anna alle mandlane og rosinene vi snart skal fylle førjulstida vår med. Vi forventar at folk skal ha dette i bakhovudet når dei handlar bukser og smarttelefonar, kvifor skal vi ikkje ha det same i bakhovudet når vi handlar mat (sjølv om han ikkje er like lett å kjøpe brukt)?

Elisa Demichels jobbar i den sentrale administrasjonen til Slow Food. Foto: Siri Helle.
Elisa Demichels jobbar i den sentrale administrasjonen til Slow Food. Foto: Siri Helle.

Elisa Demichelis jobbar i Slow Food International på hovudkontoret i Torino, og innser at ikkje alle italienere har råd å handle på Eataly – ei relativt luksuriøs supermarknadskjede som samarbeidar tett med Slow Food.

– Men det fins andre handelsstadar som er meir overkommelege – som å handle direkte med produsentar. Vi må kunne kreve at forbrukarar engasjerer seg, at ein kjenner lokalmiljøet sitt og handlar der i staden for å køyre milevis for å spare nokre kroner, meiner ho.

Eit openbert, lesarlokalt døme er Oslo Kooperativ: Ved å gå saman om å handle direkte med bønder vert økologiske, lokalproduserte grønsaker like billeg som langreist industrimat i butikken, sjølv midt i Oslo. Litt eigeninnsats krev det – å hente ein pose annankvar veke og bruke fire timar på dugnad ein gong i året – men gjennom å bruke det byen er god på, å ha mange menneske på liten plass, kan ein kutte ned tidsbruken.

Fjernar ein denne subsidieringa av bulkprodukt for eksport, fjernar ein òg viktig årsak til eventuelle prisskilnader.

Eit meir langreist døme er å finne i Navajo State i USA. Her er arbeidsløysa kring 60 prosent og kring 80 prosent er overvektige. Sunn mat er nærast umogleg å få tak i, eller ha råd til. Ein kunne klage på prisane, eller gjere noko med dei: Etter fem års kamp fekk eit borgarinitiativ i 2014 vedteke å fjerna ein fem prosent skatt på sunne råvarer. Samstundes vart næringstom mat skattlagd. Skatten skal i sin heilskap gå attende til samfunnet.

– Styrken i å sette mat i sentrum er at det involverer så mange sider ved samfunnet. Små produsentar går inn i lokale økonomiar som skapar nye marknadar og vektlegg tradisjonar og praktisk kunnskap. Kultur, økonomi, politikk, miljø – alt kan ein bygge kring mat.

Nett det med lokalmiljø er viktig for rørsla. «Det mest logiske vi kan gjere er å støtte og styrke småskalastrukturar. Å handle på ein lokal skala tyder, framfor alt, å bygge lokale økonomier», står det i manifestet «The Central Role of Food».

«Salva la biodiversità» - Redd biodiversiteten. Frå marsjon som opna konferansen og messa Terra Madre Salone del Gusto i Torino. Foto: Siri Helle.
«Salva la biodiversità» – Redd biodiversiteta. Frå marsjon som opna konferansen og messa Terra Madre Salone del Gusto i Torino. Foto: Siri Helle.

Maten vi et er inne i ein enorm sentralisering. I fylgje FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO, har 75 prosent av jordbruksplantene vår forsvunne i løpet av det vi kallar moderne tid. Kring tre fjerdedelar av maten i verda kjem frå berre 12 planter og fem dyrerasar. Å tenke lokalt heilt attende til val av artar, sortar og foredlingsmetodar er ein måte å forebygge dette på.

Frå 1968 til Terra Madre
Den franske bondeaktivisten José Bové er mest kjend for å ha demontert ein McDonalds i Millau i 1999. No sit han i Europaparlamentet for Dei grønne, og er på Terra Madre for fyrste gong. I ein samtale med professoren, forfattaren og matakvisten Marion Nestle vert det trekt linjer frå 1968 via Seattle i 1999 til Terra Madre i dag:

– Det er veldig paralelle rørsler, mellom anna sentrert kring kampen mot borgarskapets privilegier. Men den moderne matrørsla er mindre konfrontativ, meir løysingsorientert og ikkje like redd for å trekke fram individ, seier Bové.

– I USA har omgrepet «citizen eater» vokse fram om ein generasjon som skapar sine eigne system, både innanfor og på sida av det eksisterande, fortel Nestle.

I fylgje dei er mat og matproduksjon eitt av få område det framleis gjev meining å snakke om sivil ulydnad:

– Bønder og forbrukarar kasta hormonhandsama kjøt ut av Frankrike og Europa. Det er ikkje verst, hevdar Bové.

Fra marsjon som opna konferansen og messa Terra Madre Salone del Gusto i Torino. Foto: Siri Helle.
Frå marsjon som opna konferansen og messa Terra Madre Salone del Gusto i Torino. Foto: Siri Helle.

Radikal nyting
Matskribent, dokumentarfilmskapar og forfattar Michael Pollan har òg omfamna organisasjonen han fyrst såg på som «søt»: «Det er klart det er vanskeleg å ta på alvor ein politisk organisasjon som har ein snigel som maskott og eit manifest som tek til orde for ‘eit sterkt forsvar av stille materielle gleder’» skreiv han i tidsskriftet Mother Jones i 2003, og held fram:

«Om dei ynskjer det eller ikkje fører Slow Food fram ei provokativ utfordring til ein del utdaterte venstresideideer om konsumering, frihandel og plassen til (om nokon) nyting i politikken».

Nyting, ja. Er det noko ein god radikal kan halde på med? Vi skryt sjeldan av trerettersmiddagane og vinopplevingane våre – i det minste gjorde vi det ikkje før nyleg. Kanskje ser vi at det treng ikkje vere noka skam å ete godt – om du ikkje samstundes frårøvar andre høvet til å gjere det same.

Styrka i rørsla Slow Food er med å bygge er alle dei gode – i alle tydingar av ordet – døma. Mange av dei er små revolusjonar i seg sjølve.

I fjor intervjua eg Silvio Barbero, ein av dei fire som i si tid stifta Slow Food, for avisa Dag og Tid.

– Når ein verkeleg går inn i ei matoppleving, finn ein fort ut at smak og lukt heng saman med kvar og korleis, med folk, teknikkar og historie, sa Barbero då.

– Nyting er ein liten, firkanta boks. Kring den ligg dei sosiale, kulturelle og politiske sidene ved maten. Med Slow Food prøver vi å finne ein ny veg til gastronomi – ein som alle kan vere med på.

Det er opp til kvar enkelt å avgjere om dei lukkast, men mykje tyder på at om eg ikkje kan ete godt, er det ikkje lenger min revolusjon.

Styrka i rørsla Slow Food er med å bygge er alle dei gode – i alle tydingar av ordet – døma. Mange av dei er små revolusjonar i seg sjølve. Dei tolv makedonske damene som har klart å gjere tradisjonelt grønt fikensyltetøy til ei kommersielt interessant vare, alpemjølka som framleis vert mjølka med ein einbeint krakk og ei bøtte som einaste hjelpemiddel, men som med hjelp av nye, vakne ganar får lov å vekse i såvel smak og verdi i årevis på modningslager før han finn vegen til osteskivene våre. Tradisjonelle metoder vert tekne vare på i den grad dei framleis fungerer best i det miljøet dei er skapte i.

Fra marsjon som opna konferansen og messa Terra Madre Salone del Gusto i Torino. Foto: Siri Helle.
Frå marsjen som opna konferansen og messa Terra Madre Salone del Gusto i Torino. Foto: Siri Helle.

Så har Slow Food på langt nær svaret på alt. Ein har byrja med å bevisstgjere produsentane sjølve kring verdien av det dei driv ned, og gjennom det nok nedprioritert forbrukarane. Pris ligg langt framme i hovudet på dei aller fleste når ein snakkar om mat. Det kjem det mest truleg til å halde fram å gjere så lenge det er trongen til handel, og ikkje trongen til folk, som styrer matvareproduksjonen vår.

Fins det, om ein føl produktet attende til opprinninga, verkeleg billeg mat? Og om det ikkje gjer det, kan vi då skulde anna mat for å vere for dyr? Før vi gjer det, bør vi ved alle høve spørre oss kva som vil skje, og kven som vil tene på det, om vi tek frå småskala matprodusentar verda over høvet til rettvis betaling for arbeidet.

 

Fakta

  • Messa Salone del Gusto vert arrangert i Torino annankvart år av organisasjonen Slow Food. Målet er å syne det globale mangfaldet av berekraftig produsert tradisjonsmat.
  • Slow Food er ein global grasrotorganisasjon med kring 100 000 medlemmar i 160 land.
  • Slagordet deira er «Good, clean and fair». I fylgje nettsida jobbar dei for å hindre at lokale matkulturar og tradisjonar forsvinn, motverke veksten i det dei kalalr «fast life» og kjempe mot folks sviktande interesse i maten vi et.